Stortinget - Møte onsdag den 9. november 2005 kl. 10

Dato: 09.11.2005

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 17

Borghild Tenden (V) [13:31:07]: Jeg vil tillate meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Omstilling og konkurranse på veisiden gjør at vi årlig vil spare 850 mill. kr til flere og bedre veier. Konkurranseutsetting av Gjøvikbanen, der et datterselskap av NSB vant anbudet med over 30 pst. bedre tilbud til over 10 pst. lavere pris, viser et stort potensial også på jernbanen. NSB er selv tilhenger av konkurranse og mener konkurransen har gjort selskapet bedre og gitt passasjerene et bedre tilbud.

Mener statsråden det er riktig å stoppe moderniseringen og konkurransen på jernbanen?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [13:31:50]: Regjeringa ønskjer å modernisere jernbana. NSB AS skal levere meir attraktive tenester til dei reisande, og dette skal skje gjennom ein stadig meir effektiv produksjon. Ytterlegare konkurranse er ikkje det beste verkemiddelet for å modernisere jernbana. Det er store synergi- og nettverksfordelar forbunde med å ha ei samla og integrert drift og produksjon av personstransporttenester med tog. Ved å dele inn den samla produksjonen til NSB AS i trafikkpakka, som det så skal lysast ut konkurranse om, står ein i fare for å miste nettverks- og synergifordelane, t.d. fordelar som knyter seg til å ha eit stort fagleg miljø kring rullande materiell. Dette vil gå ut over staten som kjøpar og dei reisande som brukarar av togtenestene.

For å nå dei sentrale transportpolitiske målsetjingane til Regjeringa, m.a. måla om å utvikle NSB som selskap og å modernisere og styrkje jernbana, vil eg i staden for konkurranse bruke direktekjøpsavtala mellom Samferdselsdepartementet og NSB om persontrafikk som eit vesentleg verkemiddel. Gjennom dette legg eg opp til å sikre ei framleis sterk modernisering utan å få dei negative konsekvensane som er forbunde med konkurranseutsetjing. Eit viktig utgangspunkt er naturlegvis at me stiller krav til NSB AS om å levere attraktive transporttenester gjennom mest mogleg rasjonell og effektiv drift.

Samferdselsdepartementet sin fireårige rammeavtale for direktekjøp frå NSB går ut i 2006. Arbeidet med å forhandle fram ei ny avtale, som etter alt å dømme vil vare lenger enn dagens, er allereie i gang. Eg ønskjer å få på plass ei ny direktekjøpsavtale med NSB som gir dei reisande eit endå betre tilbod enn dei har i dag. Samferdselsdepartementet vil vere oppteke av kvaliteten på og omfanget av transporttilbodet og NSB si evne til å forbetre produktiviteten. Eg vil drøfte ei avtaleform som gjer at ein større del av kjøpsvolumet vert incentiv- og målstyrtbasert, at det ligg inne ei forventning om at effektiviteten vert betre, og at det i større grad vert opna for tilpassingar til kundane sine ønske. Departementet vil i samband med avtaleutforminga byggje på røynslene til andre styresmakter som driv med direktekjøp.

Borghild Tenden (V) [13:34:14]: Jeg takker statsråden for et grundig svar.

Jeg viser til noe hun sa om negative konsekvenser. De researchene jeg har gjort, viser at både kunder, de som driver dette og de som jobber der, er svært fornøyde, så jeg vil be om å få vite mer utfyllende hvilke negative konsekvenser statsråden viser til her.

Statsråd Liv Signe Navarsete [13:34:43]: Konkurranseutsetjing betyr at ein pressar kravet til effektivitet. Det er ingen tvil om at det på enkelte område kan føre til at me set tryggleiken i fare. Det har vist seg i andre land. Røynsler som ein har frå andre land, syner at ein no enkelte stader reverserer dei privatiseringsforsøka – skal vi kalle det det – som har vore gjorde, nettopp fordi ein ser at det her er negative konsekvensar som ein ikkje såg då ein sette i gang ei omfattande privatisering og konkurranseutsetjing.

Borghild Tenden (V) [13:35:27]: Jeg takker igjen statsråden for svaret, og jeg har hørt statsråden snakke om dette med sikkerhet flere ganger. Mitt spørsmål er da: Stoler ikke statsråden på andre enn det offentlige når det gjelder å ivareta sikkerhet?

Statsråd Liv Signe Navarsete [13:35:46]: Statsråden har stor tillit til at òg private selskap varetek tryggleikskrav, men i konkurranse vil private selskap verte pressa til å gå ned på pris for å sikre seg anbodet. Eg seier ikkje at dei alltid gjer det, men røynsler frå andre land viser at det kan få følgjer for tryggleiken når det å få redusert prisen vert det overordna i ein konkurranse om å få eit anbod der det er mange som kjempar om det same anbodet.