Arne Sortevik (FrP) [11:57:37]: Med presidentens tillatelse vil jeg få ønske
statsråden et godt nytt år. Så til spørsmålet:
«Etter steinraset i Hanekleivtunnelen
på E18 ved Sande i Vestfold nylig bør ulike tiltak
for bedring av sikkerheten for trafikantene på norske
veier vurderes. Like viktig som periodisk godkjenning
av kjøretøy bør det være
at veinettet gjennomgår kontroll for at trafikantene på norske
veier skal gis best mulige sikkerhetmessige forhold. I en slik sammenheng
bør det vurderes innført et system med klassifisering
og periodisk godkjenning av veinettet i Norge.
Vil statsråden ta initiativ
til at en slik ordning blir vurdert?»
Statsråd Liv Signe
Navarsete [11:58:30]: Takk for nyttårshelsing
som eg meir enn gjerne returnerer: Godt nytt år!
Heldigvis vart ingen trafikant skadd av raset
i Vestfold. Eg har no sett i gang gransking for å få klarlagt
moglege årsaker og få forslag til eventuelle forbetringstiltak.
Det vert gjennomført ulike kontrollar
på vegnettet i dag. Statens vegvesen føretek inspeksjonar
av trafikktryggleiken, såkalla TS-inspeksjonar, både
for tunnelar, bruer og vegar. Det inneber at ein går gjennom
vegnettet for å sjå på moglege forhold
som kan vere farlege for trafikantane. Dessutan
finst det avtalar med entreprenørar om forskjellige inspeksjonsrutinar
for ulike vegelement. I tillegg er det sett spesielle krav for bruer
og tunnelar som går fram av dei ulike handbøkene
til Statens vegvesen om inspeksjonar og testing av utstyr.
Elles er det utarbeidd rutinar for
varsling om det vert oppdaga forhold som gjer at det er fare
for skred og ras. Er faren stor, skal vegen stengjast med ein gong
og ekspertar tilkallast.
Dersom det skjer dødsulukker, trer
Statens vegvesen sine ulukkesanalysegrupper – UA-grupper – i
funksjon for å finne årsaka. Dei ser på kjøretøyet
sin tilstand og på forhold på vegen som kan ha
hatt betyding for ulukka.
Om ulukka involverer farleg gods eller
om det skjer alvorlege ulukker i ein tunnel, vil òg Statens
havarikommisjon for transport på eige initiativ
føreta ei uavhengig gransking.
I tillegg fører brannstyresmaktene
tilsyn med branntryggleiken i tunnelane. Dette går på testar, øvingar
og rutinar for vedlikehald av utstyr.
Etter krava til drift og vedlikehald
av tunnelar skal ein føreta inspeksjonar av fjellet og
av sikringsutstyret. Dette skal skje med intervall, avhengig av
kor godt eller dårleg fjellet er på staden.
Det er under etablering eit godkjenningssystem
for tunnelar i tråd med tunneltryggleiksdirektivet. Det
er lagt opp til at krava ikkje berre skal gjelde på det
såkalla TERN-vegnettet, men på heile riksvegnettet. Etter
dette systemet må planane for nye tunnelar tryggleiksgodkjennast
før ein får lov til å starte bygginga.
Deretter skal det ei ny tryggleiksgodkjenning til før tunnelen
kan opnast for trafikk. For tunnelar som er opna for trafikk,
er kravet at dei skal tryggleiksgodkjennast minst kvart sjette år. Tryggleiksgodkjenninga
skal vere ein kvalitetskontroll på at dei nødvendige
rutinane er følgde, og at det er dokumentert kva som er
gjort, og kven som har gjort det.
Eg vil vente på resultatet av granskinga
av steinraset i Hanekleivtunnelen før eg vurderer om det
er behov for ytterlegare krav til kontroll av vegnettet.
Arne Sortevik (FrP) [12:01:19]: Jeg takker for svaret.
Problemstillingen som er tatt opp i spørsmålet, dreier seg
om hele veisektoren, ikke bare tunneler – veier,
tunneler og broer. Da er det slik at det med dagens system er Statens
vegvesen som stort sett står for kontroll og godkjenning.
Klassifisering og periodisk ettersyn er et
system vi kjenner fra andre sektorer, både
fra luftfart og skipsfart – et system som medfører
konsekvenser når feil og mangler avdekkes. Er
det noen grunn for ikke å bruke
slike systemer innenfor veitrafikken for å bedre
sikkerheten på norske veier?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:02:01]: Eg har tidlegare sagt – og gjentek
det i denne salen – at eg ikkje har teke
stilling til kva for endringar i rammene til vegbygging, kontroll
og tilsyn som eventuelt vert nødvendige i etterkant
av raset i Hanekleivtunnelen.
Granskingsutvalet, som eg har sett ned, skal
levere rapporten sin allereie i midten av februar. Eg vil sjå den saka for
seg. Den rapporten vil òg vere med som eit grunnlag for
mi oppfølging og ein eventuell diskusjon om kva
som skal gjerast vidare. Stortinget skal sjølvsagt få fyldig
informasjon og få høve til å diskutere alle
sider av saka.
Det viktigaste for meg er at vi får endå større
tryggleik. Om svaret er eit tilsynsorgan, vil eg ikkje
ta stilling til no. Det undrar meg at Framstegspartiet
allereie har konklusjonen klar. Det kan slik sett vere
nyttig å få vete kor stort byråkrati
ein ser føre seg å byggje opp for å ha
tilsyn med heile 90 000 km med vegar og fleire enn 1 000 tunnelar. Det
vil vere eit ganske stort byråkrati
me då må byggje opp. Me treng faktisk tid til å vurdere
om det er rette måten å bruke pengane
på.
Arne Sortevik (FrP) [12:03:12]: Jeg kan kanskje fjerne litt av undringen.
Jeg skal gi honnør for rask reaksjon etter
ulykken, men det kan ikke være overraskende
for denne statsråden at Fremskrittspartiet
i forbindelse med Nasjonal transportplan i 2004
og senest i finansinnstillingen
høsten 2006 foreslo å opprette et trafikktilsyn
for alle sektorene. Det ser vi selvfølgelig i
sammenheng med de tilsynene som allerede finnes. Men vi ønsker
at veisektoren spesifikt også skal ha et eget
selvstendig og frittstående tilsyn. Jeg registrerer
at alle partier har gått imot det tidligere.
Underlig nok har representanter fra partiene
Venstre og Høyre gått sammen
om å fremme Fremskrittspartiets forslag, et forslag som
de avviste senest i oktober i fjor. Men vi er jo glad for å få tilslutning,
og vi håper det går fortere enn å måtte
vente i to–tre år for å få det
på plass. Derfor håper vi også at
regjeringspartiene vil stille seg mer åpne til Fremskrittspartiets
gamle forslag om å opprette et selvstendig tilsyn som også dekker
veisektoren i Norge, for å skape større sikkerhet
på veiene. Jeg håper statsråden vil være åpen
for å vurdere en slik løsning.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:04:28]: Slik eg tolkar spørsmålet
til Sortevik, handlar dette om eit tilsyn som faktisk skal føre
fysisk tilsyn på vegane. Då vert det interessant å få vete
om Framstegspartiet kan tenkje seg å byggje
ut andre tilsvarande tilsyn – frå systemkontroll, som
me har i dag, til fysisk kontroll. Skal Jernbanetilsynet òg
inn for fysisk å kontrollere alle tunnelar? I
dag er det Jernbaneverket som gjer det – og, som sagt,
kor mykje vil det føre med seg av nytt byråkrati?
Eg kjenner ikkje til at noko anna
land har oppretta eit vegtilsynsorgan, men dei fører eit
sterkt tilsyn gjennom vegverka sine. Det gjer dei i Sverige, og
det gjer dei i Danmark, som er våre næraste granneland.
I 2002–2003 vart det lagt fram ei
stortingsmelding om statlege tilsyn. På det tidspunktet
var Venstre og Høgre i regjering. Eg
registrerte ikkje den gongen noko tilsvarande
ynske frå dei partia. Konsekvensane etter rasa
i Oslofjordtunnelen i 2003 og i 2004 vart heller ikkje
følgde opp av ein slik debatt.