Stortinget - Møte onsdag den 10. januar 2007 kl. 10

Dato: 10.01.2007

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 6

Borghild Tenden (V) [12:05:57]: Godt nytt år! Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Tall fra Statistisk sentralbyrå fra 2000 og frem til i dag viser en relativt jevn nedadgående kurve når det gjelder antall trafikkdrepte. Til tross for at antall biler på norske veier har steget kraftig de siste årene, så har antall drepte i veitrafikken gått ned. Ifølge Trygg Trafikk stiger dette tallet i 2006.

Ser statsråden på dette som et utslag av tilfeldigheter, eller bør strakstiltak gjennomføres?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:06:46]: Trafikktryggleik er ei av hovudprioriteringane i Regjeringa sin transportpolitikk. Det stemmer, slik representanten Tenden opplyser, at me dessverre har hatt ein auke i talet på omkomne på norske vegar i 2006 samanlikna med i 2005. Dei førebelse ulukkestala for fjoråret viser ein auke på 18 drepne personar, frå 224 i 2005 til 242 i 2006, men jamført med utviklinga dei siste fem åra, er me framleis på veg mot færre drepne i vegtrafikken. Gjennomsnittet dei siste fem åra er 269 drepne, altså 27 fleire enn i 2006.

Det høgaste talet på drepne i trafikken nokon gong i Noreg var i 1970. Då vart 560 personar drepne. Sidan den gongen har det vore meir enn ei halvering i talet på trafikkdrepne, samstundes som trafikken har vorte tre gonger så stor. Risikoen i vegtrafikken i Noreg er no blant dei lågaste i verda. Så seint som i 2002 var det 310 drepne. Av statistikken frå 1970 til 2006 ser me at talet på drepne har gått noko opp og ned frå år til år med statistisk variasjon, men langtidstrenden er klårt fallande. Det er såleis altfor tidleg å kunne seie noko om trenden er i ferd med å snu. Talet er likevel framleis for høgt, og det er stendig naudsynt med forbetringar i trafikktryggleiken.

Vegstyresmaktene arbeider kontinuerleg og målretta for å gjere det stadig tryggare for folk å ferdast på vegane. Nullvisjonen har frå den vart vedteken under samferdselsminister Moe Gustavsen i 2000 vore overordna i trafikktryggleiksarbeidet. Hovudtrekka i trafikktryggleiksarbeidet famnar vidt og er nedteikna i den nasjonale handlingsplanen for trafikktryggleik for veg, som er utforma i samarbeid mellom Statens vegvesen, Politiet, Sosial- og helsedirektoratet og Trygg Trafikk. I dette omfattande arbeidet vart det teke i bruk både strakstiltak, kortsiktige tiltak og langsiktige tiltak. Kvar einaste trafikkulukke med dødeleg utfall har frå 2005 vorte granska av ulukkesanalysegruppene til Statens vegvesen, og i somme høve også av Statens havarikommisjon for transport. Dette har m.a. resultert i ei rekkje strakstiltak for å utbetre utsette ulukkespunkt, t.d. ved utbetringar av rekkverk, vegmerking, sideterreng eller fartsgrenser. Vegvesenet gjer òg systematiske trafikktryggleiksinspeksjonar av vegnettet for å avdekkje og bøte på ulukkespunkt.

Statistikken viser at det særleg er møteulukkene som tek mange liv i trafikken. Mange av ulukkene kan unngåast dersom køyreretningane vert betre skilde. Etter handlingsplanen er det planlagt å byggje 50 km midtrekkverk på det eksisterande vegnettet i denne fireårsperioden. Bygging av midtrekkverk er kostbart, og i tida framover kjem vegstyresmaktene difor til òg å satse sterkt på breitt midtfelt: eit 1 meters breitt rumlefelt som skil køyreretningane. Undersøkingar viser at midtfelt har stor positiv verknad på plasseringa i køyrefelta og gir større avstand mellom køyretøy i motgåande køyreretningar. I tillegg er midtfelt ei meir kostnadssparande løysing: for 100 meter med midtrekkverk kan ein lage 1 mil med midtfelt. Eg vil understreke at dette ikkje er eit anten–eller-spørsmål. Vegvesenet kjem til å fortsetje med å nytte både tradisjonelle midtdelarar og midtfelt, men det er no mogeleg å gjere strekningsomfanget større.

Arbeidet med å byggje tofeltsveg med midtstripe på heile stamvegnettet og utvide dei mest trafikkerte stamvegane til fleirefeltsvegar held sjølvsagt også fram.

Den historiske satsinga til Regjeringa på drift, vedlikehald og rassikring i budsjettet for 2007 styrkjer òg trafikktryggleiken.

Eg har berre peika på nokre få element som er viktige i den nasjonale trafikktryggleikspolitikken. Det er viktig å fokusere på ulukkestala, men me må her vere budde på at det kan kome årlege variasjonar. Sjølv om det vert stendig vanskelegare å få ulukkestala nedover, er eg sikker på at me ved å halde fram den kontinuerlege og målretta satsinga vil få sjå at me òg framover vil ta nye steg i retning nullvisjonen.

Borghild Tenden (V) [12:11:14]: Jeg takker statsråden for et grundig svar. Jeg er spesielt glad for satsingen på midtfelt og midtdelere, som hun presiserte. Det var også Venstre veldig opptatt av i sitt alternative budsjett.

Så til spørsmålet. Vi har, som vi kjenner til, den senere tid hatt en del ras og ulykker på vei og i tunneler, men heldigvis har det ikke gått med menneskeliv, som statsråden sa i sted. Mitt spørsmål er: Vil statsråden, på bakgrunn av de ulykkene, i framtiden satse mer på eksisterende veinett enn på nye utbyggingsprosjekter?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:12:00]: Dette har vore framlagt for Stortinget før, og budsjettet for 2007, som Stortinget har vedteke, viser at Regjeringa nettopp ynskjer å satse meir på utbetring av eksisterande vegnett. Me har auka satsinga på vedlikehald av vegnettet med ein halv milliard kr. Det var og er ei vanskeleg prioritering, for det er òg behov for nye vegar. Men nettopp ut frå at me gjennom vedlikehaldstiltak kan sikre vegane, kurvaturar og kryssingspunkt på ein god måte og få meir igjen for pengane, har Regjeringa valt å gjere dette grepet. Eg er glad for at Tenden dreg det fram, for eg oppfattar det som ei støtte til den politikken.

Borghild Tenden (V) [12:12:53]: Jeg takker igjen statsråden for svaret.

Så til mitt siste oppfølgingsspørsmål. Det er mange skolebarn som opplever en utrygg skolevei. Trygg Trafikk mener at plikten til å gå på skole må følges av retten til å komme trygt til og fra skolen. Trygg Trafikk ønsker å lovfeste retten til sikre skoleveier. Hva synes samferdselsministeren om dette?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:13:25]: Nullvisjonen og arbeidet med trafikktryggleik står øvst hos Regjeringa når det gjeld samferdsel. Der har sjølvsagt skulevegen og ungane våre sin kvardag ein stor plass. Me skal lære dei å ferdast i trafikken på ein god måte, men me skal òg sikre deira tilkomst til anten barnehage, skule eller fritidsaktivitetar. Eg trur, utan å ha gått inn i dette spørsmålet meir grundig enn det eg har fått høyre over golvet, at det er viktig å ha ein god plan og god gjennomføring når det gjeld samanhengande tryggleikstiltak der ungar ferdast. Skulevegen er viktig, men ungar ferdast også mykje i fritida, både til og frå skule og til og frå fritidsaktivitetar. Gang- og sykkelvegar er eit av tiltaka som Regjeringa vil auka satsinga på i tida som kjem.