Jan-Henrik Fredriksen (FrP) [11:31:59]: «Ved anbudstildeling av flykonsesjoner i Lofoten ble Danish Air
Transport, DAT, valgt som operatør. Etter at Widerøe anket avgjørelsen,
har Samferdselsdepartementet snudd 180 grader og tildelt Widerøe,
konkurrenten til DAT, det operative ansvaret for flyvningen. Dette har
medført at det er blitt kjøpt mange billetter, som i dag ikke lenger er
gyldige.
Hva vil statsråden foreta seg for å ivareta næringslivet og
enkeltmenneskets rettigheter, slik at uskyldige ikke vil oppleve tap av
betalte tjenester?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:32:41]: Eit godt regionalt flyrutetilbod er viktig for å redusera avstandsulemper
og sikra effektiv transport for folk og næringsliv i distrikta. Difor
gjev regjeringa tilskot til drift av regionale flyruter. Tilskotet blir
gjeve i form av ei ordning med kjøp av flyrutetenester etter
anbodskonkurranse.
I samband med anbodskonkurransen som vart halden for å sikra regional
flyrutedrift på 19 ruteområde frå 1. april i år, viste det seg
dessverre, etter anbodstildelinga, at flyselskapet Danish Air Transport,
som fekk tildelt fire ruteområde i Lofoten og Ofoten, likevel ikkje
ville vera i stand til å starta rutedrifta på dei føresette vilkåra.
I situasjonen som då oppstod, la eg vekt på å avgrensa skadeverknadene
ved å sikra eit kontinuerleg flytilbod i Lofoten og Ofoten av omsyn til
innbyggjarar og næringsliv.
Av omsyn til klagen som er framsett av flyselskapet, og behandlinga av
denne, har Samferdselsdepartementet inngått mellombelse kontraktar for
rutedrift på desse ruteområda med flyselskapet Widerøe. Alternativt
ville rutetilbodet ha stoppa opp 1. april.
Så til spørsmålet om flybillettar. Danish Air Transport opna for
billettsal på rutene i Lofoten og Ofoten etter tildelinga 19. januar og
stengde billettsalet igjen ved omgjeringa 23. mars. Danish Air Transport
har informert om at dei fullt ut refunderer alle billettar som er
kjøpte. Etter det eg veit, blir dette følgt opp på ein svært ryddig
måte.
Det var dessverre ikkje mogleg i den mellombelse avtalen med Widerøe å få
med noka løysing for å kunne tilby ruteflyging på Widerøe sine flygingar
med billettar kjøpte hos Danish Air Transport. Dette inneber at
passasjerane dette gjeld, må kjøpa ny billett hos Widerøe om dei ynskjer
å gjennomføra reisa.
Eksisterande refusjonsordningar gjer at passasjerane ikkje skal tapa det
dei har betalt, sjølv om det vil vera nokre ulemper og meirkostnader for
dei som må booka om.
Jan-Henrik Fredriksen (FrP) [11:35:10]: Jeg takker for svaret.
Slik jeg har forstått det, fikk Samferdselsdepartementet allerede i
desember beskjed fra Luftfartstilsynet om at Danish Air Transport ikke
kunne levere et operativt ansvar som tilfredstilte kravene i
anbudsdokumentet for fortsatt konsesjon. Allikevel ser vi at
billettsalget til privatpersoner og næringslivet fortsatte en god stund
etter dette. Burde ikke dette vært stoppet lenge før av
Samferdselsdepartementet, eller burde man ikke gått ut tidligere med
opplysninger til forbrukeren?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:35:59]: Ved anbodskonkurransen som vart halden for å sikra regional flyrutedrift
på ei rekkje ruteområde frå 1. april i år, tildelte
Samferdselsdepartementet den 19. januar kontrakt for fire ruteområde i
Lofoten og Ofoten til flyselskapet Danish Air Transport, som hadde det
samla sett lågaste kravet om tilskot for det aktuelle området. Det betyr
at på det tidspunktet rekna vi med at dei innvendingane som var komne
frå Luftfartstilsynet, var rydda av vegen.
Før vi kunne inngå kontrakt med Danish Air Transport, kom det fram nye
opplysningar. Det var det som gjorde at departementet den 23. mars fann
det nødvendig å gjera om avgjerda om å tildela dei fire ruteområda til
DAT. I staden måtte vi dessverre avvisa tilbodet til DAT på desse fire
ruteområda.
Jan-Henrik Fredriksen (FrP) [11:37:08]: Jeg takker for svaret.
Innenfor aviation er det jo i dag slik at tidsperioden for et flyselskap
med hensyn til å forholde seg til nye anbudsdokumenter og tekniske krav
til operativt ansvar og flyvninger, faktisk er veldig kort. Det er med
andre ord kort tid til å tilfredsstille nye fordringer og endringer. På
Vestlandet har vi erfart dette med Widerøe og Florø lufthavn, og vi har
opplevd det nå med Danish Air Transport.
Vil statsråden se på muligheten for å utvide omstillingstiden for
selskapene slik at de blir gitt nok tid til å investere i oppgraderinger
og sikkerhet, og dermed gi selskapene større forutsigbarhet og ikke
minst tilrettelegge for reell konkurranse?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:38:00]: Det eg kan seia aller fyrst, er at vi set i verk arbeidet med
konkurransen på eit tidlegare tidspunkt enn vi pleier, nettopp for å
sikra at det vart lengre tid. Dei erfaringane vi har gjort oss no, går
vi nøye igjennom, nettopp fordi vi veit at her kan det vera eit
forbetringspotensial.
Så er akkurat denne saka no gjenstand for klage. Vi har inngått
mellombelse kontraktar på desse ruteområda, og vi kjem tilbake med ei
behandling av denne klagen så fort som det lèt seg gjera, og også med ei
oppsummering av dei erfaringane vi har gjort oss i denne saka.