Stortinget - Møte onsdag den 18. april 2012 kl. 10

Dato: 18.04.2012

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 6

Jan-Henrik Fredriksen (FrP) [11:31:59]: «Ved anbudstildeling av flykonsesjoner i Lofoten ble Danish Air Transport, DAT, valgt som operatør. Etter at Widerøe anket avgjørelsen, har Samferdselsdepartementet snudd 180 grader og tildelt Widerøe, konkurrenten til DAT, det operative ansvaret for flyvningen. Dette har medført at det er blitt kjøpt mange billetter, som i dag ikke lenger er gyldige.

Hva vil statsråden foreta seg for å ivareta næringslivet og enkeltmenneskets rettigheter, slik at uskyldige ikke vil oppleve tap av betalte tjenester?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:32:41]: Eit godt regionalt flyrutetilbod er viktig for å redusera avstandsulemper og sikra effektiv transport for folk og næringsliv i distrikta. Difor gjev regjeringa tilskot til drift av regionale flyruter. Tilskotet blir gjeve i form av ei ordning med kjøp av flyrutetenester etter anbodskonkurranse.

I samband med anbodskonkurransen som vart halden for å sikra regional flyrutedrift på 19 ruteområde frå 1. april i år, viste det seg dessverre, etter anbodstildelinga, at flyselskapet Danish Air Transport, som fekk tildelt fire ruteområde i Lofoten og Ofoten, likevel ikkje ville vera i stand til å starta rutedrifta på dei føresette vilkåra.

I situasjonen som då oppstod, la eg vekt på å avgrensa skadeverknadene ved å sikra eit kontinuerleg flytilbod i Lofoten og Ofoten av omsyn til innbyggjarar og næringsliv.

Av omsyn til klagen som er framsett av flyselskapet, og behandlinga av denne, har Samferdselsdepartementet inngått mellombelse kontraktar for rutedrift på desse ruteområda med flyselskapet Widerøe. Alternativt ville rutetilbodet ha stoppa opp 1. april.

Så til spørsmålet om flybillettar. Danish Air Transport opna for billettsal på rutene i Lofoten og Ofoten etter tildelinga 19. januar og stengde billettsalet igjen ved omgjeringa 23. mars. Danish Air Transport har informert om at dei fullt ut refunderer alle billettar som er kjøpte. Etter det eg veit, blir dette følgt opp på ein svært ryddig måte.

Det var dessverre ikkje mogleg i den mellombelse avtalen med Widerøe å få med noka løysing for å kunne tilby ruteflyging på Widerøe sine flygingar med billettar kjøpte hos Danish Air Transport. Dette inneber at passasjerane dette gjeld, må kjøpa ny billett hos Widerøe om dei ynskjer å gjennomføra reisa.

Eksisterande refusjonsordningar gjer at passasjerane ikkje skal tapa det dei har betalt, sjølv om det vil vera nokre ulemper og meirkostnader for dei som må booka om.

Jan-Henrik Fredriksen (FrP) [11:35:10]: Jeg takker for svaret.

Slik jeg har forstått det, fikk Samferdselsdepartementet allerede i desember beskjed fra Luftfartstilsynet om at Danish Air Transport ikke kunne levere et operativt ansvar som tilfredstilte kravene i anbudsdokumentet for fortsatt konsesjon. Allikevel ser vi at billettsalget til privatpersoner og næringslivet fortsatte en god stund etter dette. Burde ikke dette vært stoppet lenge før av Samferdselsdepartementet, eller burde man ikke gått ut tidligere med opplysninger til forbrukeren?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:35:59]: Ved anbodskonkurransen som vart halden for å sikra regional flyrutedrift på ei rekkje ruteområde frå 1. april i år, tildelte Samferdselsdepartementet den 19. januar kontrakt for fire ruteområde i Lofoten og Ofoten til flyselskapet Danish Air Transport, som hadde det samla sett lågaste kravet om tilskot for det aktuelle området. Det betyr at på det tidspunktet rekna vi med at dei innvendingane som var komne frå Luftfartstilsynet, var rydda av vegen.

Før vi kunne inngå kontrakt med Danish Air Transport, kom det fram nye opplysningar. Det var det som gjorde at departementet den 23. mars fann det nødvendig å gjera om avgjerda om å tildela dei fire ruteområda til DAT. I staden måtte vi dessverre avvisa tilbodet til DAT på desse fire ruteområda.

Jan-Henrik Fredriksen (FrP) [11:37:08]: Jeg takker for svaret.

Innenfor aviation er det jo i dag slik at tidsperioden for et flyselskap med hensyn til å forholde seg til nye anbudsdokumenter og tekniske krav til operativt ansvar og flyvninger, faktisk er veldig kort. Det er med andre ord kort tid til å tilfredsstille nye fordringer og endringer. På Vestlandet har vi erfart dette med Widerøe og Florø lufthavn, og vi har opplevd det nå med Danish Air Transport.

Vil statsråden se på muligheten for å utvide omstillingstiden for selskapene slik at de blir gitt nok tid til å investere i oppgraderinger og sikkerhet, og dermed gi selskapene større forutsigbarhet og ikke minst tilrettelegge for reell konkurranse?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:38:00]: Det eg kan seia aller fyrst, er at vi set i verk arbeidet med konkurransen på eit tidlegare tidspunkt enn vi pleier, nettopp for å sikra at det vart lengre tid. Dei erfaringane vi har gjort oss no, går vi nøye igjennom, nettopp fordi vi veit at her kan det vera eit forbetringspotensial.

Så er akkurat denne saka no gjenstand for klage. Vi har inngått mellombelse kontraktar på desse ruteområda, og vi kjem tilbake med ei behandling av denne klagen så fort som det lèt seg gjera, og også med ei oppsummering av dei erfaringane vi har gjort oss i denne saka.