Stortinget - Møte onsdag den 16. januar 2013 kl. 10

Dato: 16.01.2013

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 10

Øyvind Korsberg (FrP) [12:09:04]: «Sykkelrittet Arctic Race of Norway søkte i fjor Kulturdepartementet om statstilskudd, men fikk avslag. Sykkelrittet vil ha meget positiv betydning for næringslivet og reiselivet i regionen, som det var for Rally Norway da de fikk statsgaranti på 23,5 mill. Et eventuelt OL i Norge vil ha behov for statsgaranti på titalls milliarder kroner.

Ser statsråden noen mulighet til å imøtekomme Arctic Race of Norway sitt behov for statlig støtte i form av statsgaranti, all den tid Rally Norway fikk statsgaranti?»

Statsråd Hadia Tajik [12:09:44]: Eg trur eg må starte med ei rask oppklaring rundt omgrepa «statsgaranti» og «statstilskot» Ein statsgaranti, som representanten spør om, inneber at staten forpliktar seg til å dekke eit eventuelt underskot eller tap, f.eks. ved inntektsbortfall eller ei kostnadsoverskriding. Ein slik garanti kan vere beløpsavgrensa eller vere ein uavgrensa garanti.

Eit statstilskot inneber derimot at det vert løyvt eit konkret og fastsett beløp. Det er ein etablert praksis at det ikkje vert ytt tilskot til meisterskap og idrettsarrangement i enkeltidrettar. Det er eitt unntak frå denne praksisen. Det gjeld statleg medverknad i olympiske og paralympiske vinterleiker.

Når det gjeld Arctic Race of Norway, søkte dei Kulturdepartementet om eit statstilskot på 60 mill. kr, fordelt på tre år. Det var òg snakk om eit statstilskot då Rally Norway tok imot eit særskilt tilskot frå statsbudsjettet til eit arrangement for å arrangere eit kandidatløp i forkant av søknaden i 2005 om å verte godkjent som arrangør av VM i rally.

Det var næringspolitiske vurderingar og ikkje idrettspolitiske vurderingar som låg til grunn for regjeringa sitt tilskot til Rally Norway. Ein føresetnad for tilskotet til kandidatløpet i 2006 var at påfølgjande VM-rundar skulle vere sjølvfinansierande. Det viste seg ikkje å vere tilfellet. Både VM-runden i 2007 og runden i 2009, som ikkje fekk statstilskot, gjekk med betydelege underskot i millionklassen. Kulturdepartement har òg seinare avslått søknader om statstilskot frå Rally Norway.

Både Kulturdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Utanriksdepartementet har gjort grundige vurderingar av Arctic Race of Norway. Rittet har fått tilskot via fylkeskommunar og kommunar, samt at Innovasjon Noreg har støtta forprosjektet. Kulturdepartementet har avslått søknaden.

Kulturdepartementets grunngjeving for avslaget er nok kjent for representanten, men eg gjentek det likevel: Det er etablert praksis at det ikkje vert ytt tilskot frå spelemidlane til meisterskap og idrettsarrangement i enkeltidretter. Det gjaldt både Ski-VM i Homenkollen og VM i snowboard ved Tryvann, og det gjeld òg dei internasjonale sykkelritta Tour of Norway og Tour de Fjords, som begge, ifølgje Det internasjonale sykkelforbundet, er ritt i same kategorien som Arctic Race of Norway.

Eg er sikker på at Arctic Race of Norway kjem til å verte eit flott arrangement, men det må forventast at det let seg gjennomføre utan statlege tilskot – på lik linje med samanliknbare idrettsarrangement.

Spelemidlane til idrettsføremål vert i all hovudsak fordelte til utbygging og rehabilitering av idrettsanlegg og til aktivitetar primært for barn og ungdom. Det er eit stort etterslep på spelemidlar til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg, og det er derfor ikkje økonomisk grunnlag i spelemiddelordninga til å gå inn på ein praksis med statleg støtte til idrettsarrangement. Det prinsippet er òg tydeleg slått fast i den nye stortingsmeldinga om idrett som no er til behandling i Stortinget.

Øyvind Korsberg (FrP) [12:12:50]: Jeg takker statsråden for svaret. Slik jeg har oppfattet det, fikk Rally Norway en statsgaranti på 23,5 mill. kr som var en samfinansiering mellom flere departement. Hvis det ikke medfører riktighet, synes jeg at statsråden bør si det.

Potensialet for Arctic Race of Norway er betydelig. Man kan bare se på den tverrpolitiske støtten dette arrangementet får fra hele landsdelen. Det finnes ikke ett arrangement som har fått så mye støtte fra samtlige partier, og det er jo ganske interessant. Rektor ved markedsføringshøyskolen har uttalt at dette vil ha reklamebetydning i milliardklassen.

Med den bakgrunn: Det finnes et begrep som heter «ingen regel uten unntak». Vil statsråden kunne se på dette med nye øyne og sammenligne det med Rally Norway og deres statsgaranti?

Statsråd Hadia Tajik [12:13:59]: Det er riktig at det vart løyvt eit særskilt tilskot på totalt 23,5 mill. kr frå statsbudsjettet til Rally Norway, som nemnt for å arrangere dette kandidatløpet. Det er òg, som sagt, ein forskjell mellom tilskot og statsgaranti. Men prinsippet er likevel det same, at ein er svært tilbakehalden med å yte den typen tilskot eller statsgaranti til andre arrangement enn OL og paralympiske leikar.

Så kunne eg forstått referansen til Rally Norway endå betre viss ein kunne sagt at det å ha gitt det særskilte tilskotet til Rally Norway var ein stor og heilt klår suksess. Men når ein veit at ein del av premissane for det særskilte tilskotet var at arrangementet skulle vere sjølvfinansierande, og ein ser at det ikkje var tilfellet, men at det snarare gjekk med millionunderskot, synest eg at det er krevjande å konkludere med at det var ein heilt klår suksess. Eg meiner at det i seg sjølv understrekar kor viktig det er å halde fast ved overordna prinsippet om at ein ikkje yter statstilskot eller statsgaranti til enkeltarrangement innanfor idretten.

Øyvind Korsberg (FrP) [12:15:18]: Jeg takker statsråden for svaret. Jeg bare registrerer at det er omtalt som en statsgaranti, et særskilt tilskudd. Så kan man gjerne ha en debatt rundet det, det er for så vidt ikke det som er min hensikt. Min hensikt er å få sett på dette arrangementet med nye øyne, se nye muligheter. Det er min bakgrunn.

Jeg synes det blir litt feil å sammenligne med Rally Norway, som var det prosjektet det var, og fikk det resultatet det fikk, når man ser på alle som har vært med og støttet dem, verbalt og ikke minst økonomisk. Fylkeskommunen har gått inn med midler. Kommunene har gått inn med midler, og også det private næringslivet.

Det er altså ikke noen som finner noe negativt ved dette rittet. Man ser jo potensialet i dette rittet i og med at man har den gode samarbeidspartneren, arrangører av Tour de France, og at man kan sende dette på tv i USA. Det ligger inne i kalenderen for sykkelritt som det nordligste rittet.

Jeg håper at statsråden foretar en ny vurdering dersom det blir en mulighet for det.

Statsråd Hadia Tajik [12:16:30]: Samanlikninga med Rally Norway vart føreteken av representanten i spørsmålsstillinga, og det er derfor ho vart referert til frå mi side i svaret.

Så har eg stor forståing for det sterke engasjementet knytt til Arctic Race of Norway både frå representanten her og – som han sjølv påpeiker – tverrpolitisk i Nord-Noreg. Men det sterke personlege engasjementet endrar jo ikkje dei idrettspolitiske vurderingane som må verte gjorde, og som me har gjort frå vår side, når prinsippet er at ein berre gir tilskot eller garanti til arrangement som olympiske leiker eller paralympiske leiker.

Presidenten: Da er sak nr. 2 ferdigbehandlet.