Stortinget - Møte onsdag den 7. juni 2023

Dato: 07.06.2023
President: Nils T. Bjørke

Søk

Innhald

Referatsaker

Sak nr. 19 [15:21:21]

Referat

  • (454) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hege Bae Nyholt, Seher Aydar, Bjørnar Moxnes og Tobias Drevland Lund om tilbakekjøp av velferdseiendommer (Dokument 8:248 S (2022–2023))

Presidenten []: Presidenten føreslår at representantforslaget blir sendt kommunal- og forvaltningskomiteen.

Representanten Hege Bae Nyholt har bedt om ordet.

Hege Bae Nyholt (R) []: Jeg ber om at saken hastebehandles etter Stortingets forretningsorden § 39 andre ledd bokstav c.

Presidenten []: Fleire har ikkje bedt om ordet til stemmeforklaring, og det blir votert over behandlingsmåten.

Det vert votert alternativt mellom forslaget frå presidenten om at representantforslaget vert sendt kommunal- og forvaltningskomiteen og forslaget frå Raudt om at representantforslaget, jf. forretningsordenen § 39 andre ledd bokstav c, blir lagt ut til gjennomsyn i minst éin dag og deretter ført opp på kartet til behandling.

Votering:

Ved alternativ votering mellom forslaget frå presidenten og forslaget frå Raudt blei forslaget frå presidenten vedteke med 96 mot 4 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 15.22.41)

Presidenten []: Representantforslaget blir då sendt kommunal- og forvaltningskomiteen.