Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Partileiarane samla til debatt i vandrehallen på Stortinget etter kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011. Foto: Stortinget.

Folkestyret

Det norske folkestyret er eit representativt demokrati. Gjennom val peikar folket ut politikarar som deretter tek avgjerder på vegner av folket.

I § 49 i Grunnlova står dette: «Folket udøver den lovgivende Magt ved Storthinget […]». Ideen om folkesuverenitet – at all legitim statsmakt stammar frå folket sjølv – er eit svært viktig prinsipp i det norske demokratiet. 

Det norske politiske systemet er eit representativt demokrati: Folket røystar direkte ved val, og dei representantane som vert valde inn i storting, fylkesting og kommunestyre, styrer på vegner av folket. 

Geografisk representasjon

Vi har geografisk representasjon på Stortinget – representantane vert valde frå fylka, som utgjer valkrinsane, og dei vert òg plasserte etter valdistrikt i stortingssalen. Samstundes representerer dei ulike politiske parti. Stort sett vil nok omsynet til partipolitikken vega tyngst for representantane, men i somme saker, til dømes dei som gjeld lokaliseringsspørsmål, kan politikarane på Stortinget verta fristilte. Det inneber at dei kan røysta utan å ta omsyn til kva fleirtalet i partigruppa meiner. Ofte tek dei då særskilt omsyn til veljarane i sitt valdistrikt. 

Direkte demokrati

I somme land, til dømes Sveits, vert det halde mange folkerøystingar. Det er ei form for direkte demokrati – avrøystingane er bindande, og folket kan difor få stor innverknad på enskildsaker.

Den norske grunnlova nemner ikkje folkerøystingar. Det er likevel vorte halde seks folkerøystingar sidan 1905, men desse har berre vore rådgjevande. I alle tilfella har Stortinget akseptert resultatet, men folket har ingen garanti for at det vil skje neste gong. Så lenge folkerøystingar berre er rådgjevande, kan stortingsrepresentantane sjølve velja om dei vil fylgja rådet frå folket.

Les meir om folkerøystingar i Noreg.

Kven er «folket»?

I dag har alle norske borgarar som har fylt 18 år, eller som fyller 18 år i valåret, røysterett. I 1814 var ikkje røysteretten like jamt fordelt. Endå folkesuverenitetsideen stod sentralt då Grunnlova vart skriven, var definisjonen av «folket» relativt snever. Kort sagt var det tre grupper av menn i folkesetnaden som fekk røysterett: Embetsmenn, bønder og byborgarar. Røysterettsalderen var 25 år.

Tanken om folkesuverenitet

Tanken om folkesuverenitet er fyrst og fremst knytt til Rousseau og boka hans om samfunnskontrakten («Contrat social») frå 1762, men hovudtanken var alt framstilt av John Locke i 1690. Båe filosofane såg føre seg at det hadde eksistert ein kaotisk «naturtilstand», eit samfunn utan lov og rett, før noko ordna samfunn var skapt. Her var alle individ opphavleg frie og like, og dei vart samde om å danna ein stat ved å laga ein «samfunnskontrakt» som grunnlag for all utøving av statsmakt.

Tanken om at makta skulle liggja hjå folket, stod i kontrast til ideen om fyrstesuvereniteten – at fyrsten hadde makta si frå Gud åleine og berre stod til ansvar for Gud.

Historisk om røysterett i Noreg

Fram til den fyrste utvidinga av røysteretten i 1884 hadde om lag 7,5 prosent av folkesetnaden røysterett. Dette kan verka lite, men samanlikna med andre europeiske land på same tid, var Noreg svært demokratisk.

Arbeidarar og kvinner utgjorde to grupper som kjempa for røysteretten, men dette var inga lett oppgåve – dei hadde jo ikkje høve til å tala saka si i Stortinget! Dei kjempa derimot for saka si utanfor maktapparatet, og trong òg støtte frå dei som alt hadde fått politiske rettar.

Venstre og Arbeidarpartiet var parti som kjempa for allmenn røysterett for menn – og seinare òg for kvinner – medan Høgre var imot. Grunngjevinga Høgre hadde, dreia seg mellom anna om økonomi. Partiet meinte at av di mindretalet (dei rikaste) var dei som svara mest skatt, var det ikkje rettkome at fleirtalet skulle kunna fastsetja storleiken på skattane. Det var òg mange som meinte at arbeidarar og kvinner ikkje var kunnskapsrike nok til å delta i val; dei ville fylgja kjensler og instinkt i staden for forstand!

For arbeidarane førde kampen fram til ein delsiger i 1884, då dei mest velståande arbeidarane fekk røysterett etter visse inntektskriterium. I 1898 fekk alle menn over 25 år røysterett.

For kvinnene tok kampen litt lengre tid. Kvinner med ei viss skattbar inntekt, eller som var gifte med menn med ei slik inntekt, fekk røysterett i 1907. Dette galdt rundt helvta av alle kvinnene over 25 år. I 1913 fekk alle kvinner over 25 år røysterett. I europeisk samanheng gav Noreg arbeidarar og kvinner røysterett relativt tidleg. I Liechtenstein måtte kvinnene venta heilt til 1984 før dei fekk dei same rettane!

Les meir om kvinner og Stortinget.

Røysterettsalderen vart sett ned til

  • 23 år i 1920
  • 21 år i 1946
  • 20 år i 1967
  • 18 år i 1978

I 2004 lanserte representantar frå SVs stortingsgruppe eit framlegg om å endra Grunnlova for å senka røysterettsalderen frå 18 til 16 år. Framlegget vart handsama i 2007, og fekk ikkje fleirtal. Ved kommunestyrevalet og fylkestingsvalet 2011 vart det gjennomført ei forsøksordning der 16- og 17-åringar i einskilde kommunar fekk høve til å røysta. 

Det var tidlegare mogleg å mista røysteretten, heimla i Grunnlovas §53. Denne vart fjerna i juni 2022. Det var svært sjeldan at nokon vart idømde tap av røysterett. Du kunne mista røysteretten for lovbrot som landsforræderi, forsøk på statsomveltingar og lovbrot i samband med val. Det var òg mogleg å mista røysteretten viss ein vart dømt for eit lovbrot.

Sist oppdatert: 28.08.2023 09:48
: