Skriftlege spørsmål og svar

Liste over skriftlege svar. Skriftlege spørsmål er ei kort spørsmålsform, og dei vert ikkje tekne opp til debatt i Stortinget.

Avgrens utvalet

Finn spørsmål til skriftleg svar etter

Løvik, Petter (81 - 87 av 87)
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Dokument nr. 15:30 (1998-99)

    Innlevert: 27.10.1998

    Sendt: 27.10.1998

    Svart på: 02.11.1998 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

    For å spare vikarmidlar har ein skule i Giske kommune sendt skriftleg melding til foreldra om at «kommunen har pålagt oss å redusere bruk av vikarar til eit absolutt minimum. Dette er grunnen til at klasse 5a er permittert frå kl 13.05 i dag, 22.10.98» Er permittering i slike tilfelle eit lovleg verkemiddel, eller er skulen pliktig til å finne andre arbeidsmåtar for elevane i skuletida?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Dokument nr. 15:273 (1997-98)

    Innlevert: 07.09.1998

    Sendt: 08.09.1998

    Svart på: 17.09.1998 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

    KUF har i rundskriv F-60-98 varsla ei omlegging i strukturen i studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag slik at økonomisk/administrativ retning vert fjerna f.o.m skuleåret 1999/2000. Vil statsråden sørge for at heile sakskomplekset omkring dei økonomiske og administrative faga sin plass i den videregående skulen blir underkasta ei grundigare vurdering i samband med evalueringa av Reform 94, før det vert gjennomført endringar i dagens struktur?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Dokument nr. 15:253 (1997-98)

    Innlevert: 24.06.1998

    Sendt: 26.06.1998

    Svart på: 03.07.1998 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

    Media har dei siste dagane meldt om dårlege eksamensresultat og høg strykprosent i deler av høgre utdanning. Eit av døma gjeld matematikk ved lærarutdanninga, der ein høgskule melder om 50 pst stryk og dårlege resultat elles. Kva meiner Statsråden er årsakene til dette, korleis vurderer han dei langsiktige verknadane på kunnskapsnivået i norsk skule, og kva vil han gjere for å bøte på dette?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Dokument nr. 15:246 (1997-98)

    Innlevert: 19.06.1998

    Sendt: 19.06.1998

    Svart på: 26.06.1998 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

    Ved Hjerleid vdg. skole i Dovre har ein lenge arbeidt med å få etablert utdanningstilbod «på høgare nivå» i handverksfag som tømrar, møbelsnikkar og treskjering. Kva kan statsråden gjere for å vere med å hjelpe fram dette prosjektet, som kan vere eit verdfullt bidrag til å halde oppe viktige handverksfag på eit høgt fagleg nivå?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeriministeren

    Dokument nr. 15:220 (1997-98)

    Innlevert: 08.06.1998

    Sendt: 09.06.1998

    Svart på: 18.06.1998 av fiskeriminister Peter Angelsen

    I samband med Statsbudsjettet for 1998 vart det endeleg bevilga midlar til utbetring av hamna i Geilevika i Giske kommune i Møre og Romsdal. Kommunen har no fått beskjed om at midlane skal brukast andre stader, og at det ikkje blir gjort noko på anlegget i år. Kva er årsakene til dette, og kva vil statsråden gjere for at arbeidet på denne hamna kan kome i gang snarast råd?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:167 (1997-98)

    Innlevert: 05.05.1998

    Sendt: 06.05.1998

    Svart på: 12.05.1998 av samferdselsminister Odd Einar Dørum

    Vigra flyplass har dei siste åra hatt ein sterk trafikkauke. Frå hausten 1998 vil to nye selskap trafikkere flyplassen i tillegg til det selskapet som er der no. Frå fleire hald vert det hevda at den gamle radiomasta ved flyplassen er til fare for trafikken. Deler statsråden dette synet, og kva vil han i så fall gjere for å styrke tryggleiken?
  • Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

    Dokument nr. 15:112 (1997-98)

    Innlevert: 06.03.1998

    Sendt: 06.03.1998

    Svart på: 12.03.1998 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

    Frå fleire hald vert det påpeika at faget engelsk har fått ei sterkt svekka stilling i forslaget til fagplan for den nye maritim-tekniske fagskulen. Spesielt gjeld dette maritim engelsk som står i fare for å falle heilt bort som eige fag.Vil Statsråden bidra til at framtidige norske sjøoffiserar får eit tilbod om maritim engelsk som set dei i stand til å møte dei store utfordringane i praktisk skipsfart?