1.1 Samandrag

Regjeringen legger med St.meld. nr. 2 (2007-2008) frem meldingen om Revidert nasjonalbudsjett for 2008.

1.2 Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Marianne Aasen Agdestein, Alf E. Jakobsen, Torgeir Micaelsen, leiaren Reidar Sandal, Eirin Kristin Sund og Tom Rune Thorvaldsen, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, frå Høgre, Svein Flåtten, Michael Momyr og Jan Tore Sanner, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Morten Drægni, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og frå Venstre, Lars Sponheim, viser til forretningsordenen § 19 sjuande ledd:

"Ein eventuell kongeleg samleproposisjon om endringar i statsbudsjettet skal leggjast fram seinast den 15. mai i budsjettåret, saman med stortingsmelding om Revidert nasjonalbudsjett. Finanskomiteen gjev innstilling om desse (Budsjett-innst. S. II) seinast den andre fredagen i juni."

Komiteen viser til at Regjeringa har lagt fram forslag om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet for 2008 i St.prp. nr. 59 (2007-2008), jf. Innst. S. nr. 270 (2007-2008), og forslag til endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv. i Ot.prp. nr. 59 (2007-2008), jf. Innst. O. nr. 70 (2007-2008).

Innst. S. nr. 270 (2007-2008) og Innst. O. nr. 70 (2007-2008) blir avgitt saman med denne innstillinga. Forslag til vedtak sette fram i denne innstillinga er samla under kapittel 13 Tilråding frå komiteen eller kapittel 12 Forslag frå mindretal.

Komiteen har avgitt innstillinga på bakgrunn av førebels utgåve av St.meld. nr. 2 (2007-2008). Komiteen viser til brev frå finansministeren av 11. juni 2008 om trykkfeil i St.meld. nr. 2. Brevet er lagt ved denne innstillinga.