7. Direkte verknader av grenseendring

7.1 Samandrag

Kapittel 7 i proposisjonen gir ei vurdering av kva for verknad ei grenseendring vil få, mellom anna for innbyggjarane si skatteplikt, for lokale forskrifter og vedtekter, planvedtak og for statlege avgiftskrav. Departementet føreslår her ei vidareføring av prinsippa i gjeldande lov med omsyn til innbyggjarane si skatteplikt ved skifte av kommunetilknytting. Vidare blir det føreslått å føre vidare reglar og praksis når det gjeld funksjonstida for lokale vedtekter/forskrifter og planvedtak. Departementet føreslår å lovfeste at det ikkje skal krevjast inn statlege avgifter som oppstår som ei direkte følgje av grenseendringa. Dette er i samsvar med praksis frå dei siste kommunesamanslåingane. Endeleg blir det gjort framlegg om ein særskild regel om verknad for interkommunalt samarbeid.

Sjå §§ 12, 13, 14 og 16 med nærmare omtale i kap. 12.

7.2 Merknader frå komiteen

Komiteen ser det som positivt at man fortsatt legger prinsippet om avgiftsfritak for statlige avgifter som oppstår som følge av en grenseendring, til grunn som en generell regel. Dette fører til at man lovfester den praksis som har vært ført i de senere årene. Komiteen vil vise til at en slik regel vil føre til at kommuner og fylker på forhånd vet hva de kan regne med når en inndelingssak blir aktuell.