3. Forslag fra mindretall

Forslag fra Arbeiderpartiet:

§ 6 Endring av farskap etter §§ 3 og 4 for domstolane skal lyde:

Barnet og kvar av foreldra kan alltid reise sak om farskap etter ekteskap eller vedgåing. Er barnet umyndig, vert saka reist av oppnemnd verje. Er barnet fylt 15 år, kan verja ikkje reise sak utan samtykke frå barnet. Når særlege grunnar talar for det, kan fylkestrygdekontoret reise saka.

Den som meiner han er far til barnet, kan fram til barnet fyller tre år reise sak om farskapen. Saka må reisast innan eit år etter at vedkommande vart kjend med opplysningane, likevel slik at fristen tidlegast vert rekna frå tidspunktet då barnet vert fødd. Retten kan i orskurd gjere unntak frå treårsfristen når særlege grunnar talar for det.