4. Verksemda til Noregs bank i 1997

4.1 Samandrag

Årsmeldinga 1997 for Noregs Bank vart behandla og godkjend i hovudstyremøte 6. mars 1998. Etter §28 i lov av 24.mai 1985 nr. 28 om Noregs Bank og pengevesenet (sentralbanklova) skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet for å bli lagt fram for Kongen og gjerast kjent for Stortinget. Etter §5 i instruks for Riksrevisjonens kontroll med Noregs Bank skal Riksrevisjonen òg sende årsmelding og rekneskap for Noregs Bank til Stortinget. Årsmeldinga følgjer meldinga som utrykt vedlegg.

Det er i meldinga gjort greie for leiing og administrasjon av Noregs Bank i 1997.

Verksemda til Noregs Bank i 1997

Det er i meldinga gitt ei kort framstilling av verksemda i 1997 som byggjer på årsmeldinga frå Noregs Bank. For ein meir utfyllande gjennomgang viser ein til årsmeldinga. Ein viser òg til omtalen av penge-, kreditt- og renteutviklinga i nasjonalbudsjettpublikasjonane.

Noregs Bank har oppgåver knytte til betalingssystema som heilskap. Noregs Bank står for oppgjer av krav og skyldnader mellom bankane, pengeoppgjer av verdipapirhandelen, og har oppgåver knytte til staten si økonomiforvaltning. Som setelbank står Noregs Bank for produksjon og distribusjon av setlar og mynt.

Betalingssystemet er ein viktig del av infrastrukturen i det finansielle systemet. Svikt her kan ha store samfunnsøkonomiske konsekvensar og kostnader. Noregs Bank har lagt særleg vekt på å avgrense risikoen for at problem i ein finansinstitusjon eller ein delmarknad skal forplante seg til andre institusjonar og marknader gjennom betalingssystema.

Noregs Banks nye system for oppgjer av pengeposisjonar mellom bankane og Noregs Bank (NBO) vart innført 24.november 1997. Målet med systemet er å redusere risikoen og auke effektiviteten i betalingsoppgjeret.

Dei landa som har slutta seg til Den økonomiske og monetære unionen (ØMU-landa), er i ferd med å etablere eit felles system for grensekryssande betalingar i euro: TARGET. Målet med systemet er å gjere ei effektiv gjennomføring av pengepolitikken mogleg og å gjere grensekryssande betalingar sikrare og meir effektive. Det er opplyst at TARGET kjem til å vere operativt frå 4.januar 1999. Noregs Bank er i jamleg kontakt med Det europeiske monetære institutt (EMI), frå 1.juni 1998 Den europeiske sentralbank (ESB) for å diskutere ei framtidig norsk tilknyting til TARGET. Etter mellom anna desse kontaktane har Noregs Bank vedteke å tilby eit oppgjer i euro frå 4.januar 1999 om ein finn fram til ein høveleg praktisk måte å gjere det på. Noregs Bank vurderer no korleis ein kan forme ut eit eurooppgjer i samtalar med dei norske bankforeiningane som gjeld både tekniske tilhøve og økonomiske vilkår og reglar. På same tid held Noregs Bank fram med drøftingane med europeiske sentralbankar.

Dei 20 største valutabankane i verda (G20) begynte i 1996 å arbeide for å etablere eit system som skulle kunne redusere risiko i valutahandelen. Ei gruppe med noko mindre bankar (G40) der Den norske Bank er med, har arbeidd aktivt for at fleire bankar og fleire valutaer skal vere med. Risikoreduksjonen kan då bli monaleg større. Bankane i desse to gruppene arbeider no saman for å etablere eit system kalla «Continuous Linked Settlement» (CLS). Det inneber at oppgjeret av valutakontraktane til deltakarane skjer simultant i ein fleirvalutabank. Systemet vil bli drive av ein ny oppgjersbank som bankane eig saman. Noregs Bank oppretta i desember 1997 kontakt med denne banken - Continuous Linked Settlement Service (CLSS) - med tanke på å inkludere norske kroner i systemet i framtida. Noregs Bank har opplyst at det må gjerast grundige analysar av den operative utforminga av systemet før Noregs Bank kan ta endeleg stilling i dette spørsmålet.

Ved utgangen av 1997 var det setlar for 42889 mill. kroner i sirkulasjon hos publikum, føretak og bankar. Dei siste fem åra har setelomløpet auka med 28,0 pst.

Setelbehandlinga i Noregs Bank er viktig for å sikre at norske setlar som er i sirkulasjon, har god kvalitet og er ekte. Noregs Bank samarbeider med Kriminalpolitisentralen, bankforeiningane, sentralleiinga i Posten, postkontor og bankar for å spreie informasjon om mellom anna sikringselementa i ekte setlar.

Årsgjennomsnittet for verdien av mynt i omløp var 2937 mill. kroner i1997. Dette er ein auke på 5,8 pst. frå 1996.

Forretningsverksemda i kasseområdet i Noregs Bank gav 31,9 mill. kroner i inntekt i 1997, ein auke på 21,3 pst. i forhold til 1996.

Dei to produksjonsbedriftene Noregs Banks seteltrykkeri (NBS) og Den Kongelege Mynt (DKM) har som primæroppgåve å utvikle og produsere norske setlar og mynt. Aktiviteten ved DKM har vore sterkt prega av overgangen til ny myntrekkje og produksjon av dei nye 50-øre- og 1-kronemyntane. Forretningsaktiviteten har vore høg ved DKM, og særleg har medaljeproduksjonen vore stor. I NBS reflekterer aktiviteten overgangen tilsetelutgåve VII, med stor produksjon av den nye 100-kronesetelen.

I 1997 førte Noregs Bank vidare arbeidet med å analysere pris- og kostnadsutviklinga, mellom anna ved å publisere kvartalsvise inflasjonsrapportar.

Noregs Bank påverkar dei korte rentene gjennom å fastsetje ein «korridor» for rentenivået i pengemarknaden via dei såkalla signalrentene: foliorenta og D-lånsrenta. Foliorenta er renta bankane får på innskotta sine på foliokonto i Noregs Bank, og D-lånsrenta er renta bankane må betale når dei nyttar låneretten som er knytt til denne foliokontoen og tek opp dagslån i Noregs Bank. Desse rentene vart reduserte to gonger og heva ein gong i løpet av 1997. Den 9.januar vart rentene sette ned med 0,5 prosentpoeng, til respektive 3,50 og 5,50 pst. Med verknad frå 10.januar vart rentene reduserte med nye 0,25 prosentpoeng, til respektive 3,25 og 5,25 pst. Den 16.juli vart rentene heva med 0,25 prosentpoeng til respektive 3,50 og 5,50 pst.

Innafor «rentekorridoren» kan Noregs Bank påverke rentenivået i pengemarknaden gjennom å tilføre likviditet til eller trekke inn likviditet frå banksystemet.

Noregs Bank kjøper og sel valuta og påverkar rentenivået i pengemarknaden for å stabilisere valutakursen, men etter retningslinjene for pengepolitikken er det ikkje aktuelt å bruke så sterke verkemiddel når det gjeld kjøp og sal av kroner og endringar i dei kortsiktige rentene, som under fastkurspolitikken fram til 10.desember 1992.

Oppbygginga av Statens petroleumsfond inneber at Noregs Bank over tid skal kjøpe valuta som svarar til oppbygginga av petroleumsfondet. I 1997 vart det overført valuta for om lag 62,2 mrd. kroner frå Noregs Bank sine internasjonale valutareservar til Petroleumsfondet. I løpet av 1997 har Noregs Bank brutto kjøpt utanlandsk valuta for totalt 67,8 mrd. kroner og brutto selt for 1,3 mrd. kroner. Mesteparten av valutakjøpa vart gjennomførte i løpet av dei første dagane i året, under eit stort appresieringspress mot krona. I perioden 1. - 10. januar kjøpte Noregs Bankvaluta for motverdien av om lag 31 mrd. kroner. Frå 10. januar til 20. februar vart det ikkje kjøpt eller selt valuta. Etter 20. februar kjøpte Noregs Bank regelmessig utanlandsk valuta til Statens petroleumsfond og Statens petroleumsforsikringsfond.

Etter §24 i sentralbanklova skal Noregs Bank forvalte dei offisielle internasjonale reservane. Forvaltinga blir utført etter retningslinjer som er gitt av hovudstyret i Noregs Bank og lagde fram for Finansdepartementet. Retningslinjene gjeld særleg kredittrisiko, renterisiko og fordelinga på ulike valutaslag. Dei internasjonale reservane er samansette av gull, fordringar på Det internasjonale valutafondet (IMF), kortsiktige bankinnskott og investeringar i rentepapir. Målt ved marknadsprisar ved årsslutt auka desse reservane med 0,5 mrd. kroner til 172,1 mrd. kroner i løpet av 1997. Av dette utgjorde netto valutareservar (internasjonale valutareservar fråtrekte gull og fordringar på IMF og justert for inngåtte, men ikkje oppgjorde valutahandlar) 161,1 mrd. kroner. Ved utgangen av 1996 var netto valutareservar 164,5 mrd. kroner. Dei viktigaste faktorane bak endringa var: valutakjøp for 66,1 mrd. kroner, nedbetaling av utanlandsgjelda til staten med 26,4 mrd. kroner, overføring til Statens petroleumsfond med 61 mrd. kroner og resultatelement på 17,4 mrd. kroner. Etter sentralbanklova §25 kan Kongen, seinare delegert til Finansdepartementet, gi forskrifter om plasseringa av dei offisielle valutareservane. Denne adgangen har ikkje vore nytta. I staden har forvaltninga som nemnt vorte utført etter retningslinjer Noregs Bank har gitt og som har vorte lagt fram for departementet.

Noregs Bank sine internasjonale reservar er delte inn i to ulike porteføljar, etter kva formål dei skal tene:

  • 1. Immuniseringsporteføljen, som skal koordinerast med statsgjelda i utanlandsk valuta slik at rente- og valutakursrisikoen samla blir minst mogeleg.

  • 2. Andre valutareservar (første- og andrelinjereservar), som i første rekkje skal kunne nyttast til intervensjonar i valuta- og pengemarknaden.

Dersom første- og andrelinjereservane ikkje er tilstrekkelege, kan også immuniseringsporteføljen nyttast til intervensjonsformål. Ved utgangen av 1997 utgjorde immuniseringsporteføljen 22,9 mrd. kroner og første- og andrelinjereservane 149,2 mrd. kroner.

Noregs Bank er ansvarleg for den operative forvaltninga av Statens petroleumsfond på vegne av Finansdepartementet. Forvaltninga skjer med grunnlag i lov om Statens petroleumsfond av 22.juni 1990 nr. 36.

Fondet var ved slutten av 1996 på 47,5 mrd. kroner. Nye midlar vart førte over i 1997, og 31.desember 1997 var kronekontoen til fondet i Noregs Bank på i alt 113,3 mrd. kroner.

Forvaltninga i 1997 vart gjort med grunnlag i ei forskrift fastsett av Finansdepartementet 10.mai 1996. I første halvåret av 1997 brukte ein den same referanseporteføljen som for Noregs Banks andrelinjereservar. Frå 1.juli fekk Petroleumsfondet ein ny referanseportefølje frå Finansdepartementet. Avkastinga på Statens petroleumsfond var i 1997 0,2 prosentpoeng høgare enn avkastinga på referanseporteføljen.

Etter tilråding frå Noregs Bank fastsette Finansdepartementet 3.oktober 1997 ei ny forskrift om forvaltninga, med verknad frå 1.januar 1998. Etter denne forskrifta skal 30-50 pst. av fondet plasserast i aksjar.

Noregs Bank har lang erfaring med internasjonale investeringar i renteberande verdipapir, men ikkje med investeringar i aksjar. For å kunne gjere slike investeringar på ein trygg måte meinte banken at det var naudsynt å byggje opp ein ny organisasjon og styrkje sin kompetanse på dette området, slik at banken skulle ha ein operativ organisasjon frå 1.januar 1998. Med dette som mål sette sentralbanksjefen i gang eit prosjekt som skulle leggje grunnlaget for den nye organisasjonen, slik at den skulle kunne gjere aksjeinvesteringar frå 1.januar 1998. Dette resulterte i detaljerte planar for korleis den nye organisasjonen skulle arbeide. Det vart vidare gjort avtalar med fire eksterne forvaltarar om å byggje opp ein aksjeportefølje tidleg i 1998. Det vart òg gjort avtalar om depottenester for aksjeporteføljen til fondet med ein stor utanlandsk investeringsbank. I Noregs Bank er det bygd opp nye kontrollrutinar for både aksje- og renteinvesteringar. Prosjektet vart avslutta 31.desember 1997, og frå 1.januar 1998 vart den permanente organisasjonen Noregs Bank Kapitalforvaltning etablert. Den ligg direkte under sentralbanksjefen.

Noregs Bank følgjer utviklinga i finansinstitusjonane og finansmarknadene. Banken utarbeider mellom anna halvårlege rapportar om stabiliteten i det finansielle systemet og kvartalsvise rapportar om resultat- og balanseutviklinga i finansinstitusjonane. Bakgrunnen for dette arbeidet er at sentralbanken har som oppgåve å fremje stabiliteten i den finansielle sektoren. Rapportane blir sende til Finansdepartementet og Kredittilsynet. Utdrag av rapportane blir publiserte i kvartalsskrifta frå banken, Penger og Kreditt og Economic Bulletin.

Noregs Bank førte i 1997 vidare produksjonen av ulike statistikkprodukt som viser utviklinga i penge-, kreditt-, verdipapir- og valutamarknadene. Statistikken kan vere eit nyttig hjelpemiddel når det skal fattast politiske vedtak på det penge- og valutapolitiske området, ved tilsyn med finansinstitusjonane og ved kontroll med utanlandsbetalingane. Noregs Bank samarbeider nært med Kredittilsynet og Statistisk sentralbyrå om datainnhenting, utarbeiding og publisering av statistikken.

Noregs Bank yter driftskreditt til fiskeindustrien etter retningslinjer som Stortinget har fastsett. Garantiramma var på 150 mill. kroner for 1997 og er uendra for 1998. Ved inngangen til 1997 var åtte engasjement knytte til ordninga, og av desse var fire under avvikling. Ved utgangen av året var talet redusert til seks, og av desse var to under avvikling. Disponert kreditt var på same tid 17,2 mill. kroner. Noregs Bank har i 1997 òg administrert to andre statlege kredittordningar retta mot fiskerinæringa. Begge ordningane er avvikla, men under ei av dei står det framleis att nokre føretak som ikkje har innfridd låna.

Noregs Bank er oppgjersbank for oppgjer knytte til verdipapirtransaksjonar i Verdipapirsentralen og opsjonshandel og futurehandel i Norsk Opsjonssentral. Frå 1996 gjennomfører Noregs Bank òg oppgjer for kraftfutures.

Etter sentralbanklova §3 skal Noregs Bank informere det offentlege om penge-, kreditt- og valutatilhøva. Noregs Bank gir i tillegg til årsmeldinga ut ein forkorta versjon på engelsk. Sentralbanken gir vidare ut kvartalskrifta Penger og Kreditt og Economic Bulletin, der den siste har stoffval tilpassa utanlandske lesarar. Inflasjonsrapportane, som inngår i Penger og Kreditt , blir no dessutan trykte som eigne publikasjonar. I 1997 vart det sendt ut i alt 13 arbeidsnotat, som mellom anna dokumenterer forskings- og utgreiingsarbeid, 7 rundskriv til finansinstitusjonane med informasjon om valuta- og kredittpolitiske tiltak, 23 pressemeldingar og månadlege pressebulletinar om kreditt- og valutatilhøva og om andre tilhøve av allmenn interesse. Banken sender òg ut ei rekkje større eller mindre rapportar, mellom anna om betalingsformidling, og heftet Finansstatistikk (17 hefte i 1997).

Rekneskap for 1997

Tabell 4.2 og 4.3 i meldinga viser balanserekneskapen til Noregs Bank ved utgangen av 1997, samanlikna med tilsvarande tal for 1994, 1995 og 1996.

Avkastinga på netto valutareservar utgjer 18296 mill. kroner i 1997 mot 7627 mill. kroner i 1996. Av avkastinga i 1997 utgjer valutakursgevinst 5704 mill. kroner mot eit valutakurstap på 4240 mill. kroner i 1996.

Amerikanske dollar utgjorde 12,6 pst. av valutareservane ved utgangen av 1997 mot 14,4 pst. året før. Tilsvarande utgjorde tyske mark 32,4 pst. i 1997 mot 35,8 pst. ved utgangen av 1996.

Gullreservane til Noregs Bank er førte opp under internasjonale reservar med 283,6 mill. kroner. Den bokførte verdien er utrekna på grunnlag av den offi-sielle gullprisen som er fastsett av Det internasjonale valutafondet (IMF), som svarar til ein kilopris på 7 732,27 kroner. Marknadsverdien på gull er vesentleg høgare enn dette.

Posten «andre krav på utlandet» består mellom anna av den delen av Noregskvote i IMF som er i norske kroner. Tilsvarande gjeldsbeløp er bokført under «gjeld til utlandet».

Noregs Bank si behaldning av norske verdipapir er sett saman av omsetjelege sertifikat og norske stats-obligasjonar. I 1997 kjøpte sentralbanken statssertifikat i første- og andrehandsmarknaden for om lag 3,9 mrd. kroner, medan sertifikat for 3,8 mrd. kroner forfall gjennom året.

I januar 1997 nettoselde Noregs Bank obligasjonar for 2,1 mrd. kroner i andrehandsmarknaden. Noregs Bank reduserte obligasjonsbehaldningane for å trekkje inn noko av likviditeten som vart tilført ved dei store valutaintervensjonane på denne tida.

Eigedomsmassen, maskinane og inventaret til Noregs Bank utgjer 2148 mill. kroner pr. 31.desember 1997.

Setlar og mynt i omløp auka i 1997 med 2,7 mrd. kroner til 46,0 mrd. kroner, mot 43,3 mrd. kroner året før. Innskott frå statskassa auka i 1997 med 3,8 mrd. kroner til 84,4 mrd. kroner, mot 80,6 mrd. kroner året før. Eigenkapitalen auka med 10,2 mrd. kroner til 39,2 mrd. kroner, mot 29,0 mrd. kroner ved utgangen av 1996.

Statens petroleumsfond er plassert som kroneinnskott på særskild konto i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane særskilt i banken sitt eigenamn i aktiva denominert i utanlandsk valuta. Forvaltninga blei i 1997 utført i samsvar med forskrift for forvaltning av Statens petroleumsfond av 10.mai 1996. Pr. 31.desember 1997 var saldoen på kronekontoen til fondet 113,3 mrd. kroner.

Tabell 4.4 viser resultatrekneskapen til Noregs Bank for 1997 samanlikna med tilsvarande tal for 1996. Årsresultatet til Noregs Bank etter kursreguleringar var for 1997 ein gevinst på 14,1 mrd. kroner, mot 4,4 mrd. kroner året før.

Samla renteinntekter for Noregs Bank var for 1997 14,0 mrd. kroner, mot 11,9 mrd. kroner i 1996. Renteinntektene frå innanlandske sektorar var i 1997 på 0,8 mrd. kroner, mot 1,3 mrd. kroner i 1996. Renteinntektene frå utanlandske sektorar i 1997 var 13,2 mrd. kroner, mot 10,6 mrd. kroner året før.

Netto driftskostnader for Noregs Bank var i 1997 på 718,2 mill. kroner, mot 694,5 mill. kroner i 1996. Personalkostnadene i 1997 utgjorde 455,4 mill. kroner, mot 444,7 mill. kroner ved utgangen av 1996.

Retningslinjene for avsetjing og disponering av overskottet til Noregs Bank vart fastsett i kgl. res. 7. februar 1986. Desse retningslinjene er endra fleire gonger, seinast ved kgl. res. 17.januar 1997.

I samsvar med punkt 1 i retningslinjene blir kursreguleringsfondet for 1997 tilført 8671,3 mill. kroner.

I samsvar med punkt 2 i retningslinjene blir det overført 5483,5 mill. kroner til overføringsfondet.

I samsvar med punkt 3 i retningslinjene blir det for 1997 overført 3811,0 mill. kroner til statskassa.

4.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek departementet si orientering til etterretning.

Komiteen har elles ingen merknader.