5. Verksemda til Kredittilsynet i 1997

5.1 Samandrag

Kredittilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane innrettar seg etter dei rettslege rammevilkåra som til kvar tid gjeld for finansmarknaden. Mellom anna skal Kredittilsynet sjå til at lover og forskrifter blir følgde.

Kredittilsynet skal, i følgje kredittilsynslova §8 andre ledd, kvart år gi Finansdepartementet ei melding om verksemda. I meldinga omtalar Kredittilsynet organisatoriske forhold, rekneskap og generelle spørsmål knytte til tilsynsarbeidet. Vidare blir det gitt ein nærmare omtale av arbeidet innafor dei ulike tilsynsområda.

I meldinga og i årsmeldinga frå Kredittilsynet er det nærmare omtale av administrative tilhøve o.a. i Kreditttilsynet. Årsmeldinga inneheld òg Kredittilsynet sitt syn på tilhøva i finansmarknaden og verksemder under tilsyn.

Det er i meldinga gjort greie for konkursen i Noka Securities den 24.april 1997 og nokre andre større saker.

5.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek departementet si orientering til etterretning.

Komiteen har elles ingen merknader.