6. Verksemda i Statens Banksikringsfond i 1997

6.1 Samandrag

Det er i meldinga gjort greie for det rettslege grunnlaget for Statens Banksikringsfond, og for organisasjon og leiing.

Statens Banksikringsfond hadde i 1997 eit overskott på 204 mill. kroner. Hovuddelen av fondsinntektene var utbytte på aksjar i Den norske Bank, med 182 mill. kroner. Fondet hadde dessutan renteinntekter frå utlån og plasseringar på til saman 16,3 mill. kroner og vinning ved sal av aksjar på 7,2 mill. kroner.

Fondet hadde i 1997 kostnader på til saman 1,5 mill. kroner.

Forvaltningskapitalen til fondet var ved utgangen av 1997 på 1304 mill. kroner.

Etter instruks frå departementet vart det overført 200 mill. kroner frå fondet til staten i første halvår 1998.

Fondet har følgt opp Den norske Bank, Kreditkassen og Fokus Bank ved å gå gjennom dei kvartalsvise rapporteringane frå bankane. Fondet har også i 1997 arbeidd med forhold knytte til avvikling av Oslobanken. Oslobanken er no på det nærmaste avvikla.

Det har frå styresmaktene si side vore lagt til grunn at eigardelane som Statens Banksikringsfond har i norske bankar, skal vere avgrensa i tid, og at den langsiktige eigarskapen skal forvaltast av Statens Bankinvesteringsfond. I samsvar med dette vart det ved lovendring 23.juni 1995 opna for at Statens Banksikringsfond kan overføre ansvaret for forvaltninga av aksjar til Statens Bankinvesteringsfond. Dette vart gjort i juli same år.

«Lov om sikringsordningar for bankar og offentleg administrasjon m.v. av finansinstitusjonar» vart vedteken 6.desember 1996. I samband med framlegget til ny lov vart det tilrådd frå departementet at lov om Statens Banksikringsfond blir oppheva i løpet av relativt kort tid, og at verksemda i fondet blir avvikla. Departementet vil kome attende med forslag om oppheving av lov om Statens Banksikringsfond.

Det er i meldinga gjort greie for Oslobanken under avvikling.

6.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek departementet si orientering til etterretning.

Komiteen har elles ingen merknader.