8. Verksemda til Folketrygdfondet i 1997

8.1 Samandrag

Stortinget fastsette 20.juni 1997 eit nytt regelverk for administrasjon av Folketrygdfondet og for forvaltning av midlane, revisjon o.a. i samsvar med §23-11 fjerde ledd i «lov av 28.februar 1997 nr. 19 om folketrygd». Det nye regelverket erstatta det regelverket som vart fastsett av Stortinget 15.februar 1990 med seinare endringar, siste gongen 21.juni 1996. Ein erstatta det gamle regelverket av formelle grunnar mellom anna som følgje av at ein endra lova om folketrygd. Etter reglane skal styret for fondet sende årsmelding og rekneskap til Finansdepartementet, som på si side skal leggje fram melding for Stortinget. Årsmeldinga og rekneskapen for 1997 vart sende til departementet i brev 31.mars 1998, og følgjer som utrykt vedlegg til meldinga.

Det er i meldinga gjort greie for styre og administrasjon for Folketrygdfondet i 1997.

Dei samla administrasjonsutgiftene til fondet, inklusive husleige, løn, styrehonorar o.a., utgjorde 16,1 mill. kroner i 1997.

Heimelen i §9 i reglementet for fondet til å gi nærare retningslinjer om forvaltninga vart delegert til Finansdepartementet ved kongeleg resolusjon 17.januar 1992. Slike retningslinjer er av generell karakter, til dømes ved at ein fastset kvantitative rammer for verksemda.

Finansdepartementet fastset, med heimel i §9 i retningslinjene, kvart år ramma for kor mykje Folketrygdfondet kan auke investeringane i private og kommunale obligasjonar og sertifikat (utan statsgaranti), bankinnskott og aksjar.

Finansdepartementet fastsette i brev av 12.mars 1997 til fondet ramma for private og kommunale plasseringar til 2,0 mrd. kroner, det vil seie om lag same nivå som faktisk auke året før, og 0,5 mrd. kroner lågare enn Folketrygdfondet sitt forslag. Annan plasseringsauke skulle skje i stats- og statsgaranterte papir eller som kontolån til statskassa. Departementet la i si vurdering av ramma vekt på at når Folketrygdfondet plasserer pengar i den private marknaden, så inneber det i realiteten at staten må auke si opplåning frå anna hald tilsvarande. Dette følgjer av at statlege budsjett-overskott blir kanaliserte til petroleumsfondet, og at staten derfor vil ha monalege opptak av lån i tida framover, mellom anna knytte til refinansiering av eksisterande gjeld. Når Folketrygdfondet plasserer avkastninga si i statlege verdipapir, er fondet i så fall med på å dekkje dei lån staten har bruk for. Departementet la i si vurdering også til grunn at Folketrygdfondet sjølv utan nokon auke i behaldninga av private og kommunale papir kunne auke sine nettoplasseringar i aksjemarknaden opp til grensa som Stortinget har vedteke på 20 pst. av forvaltningskapitalen, ved å omplassere eksisterande bankinnskott og private og kommunale obligasjonar. Ved utgangen av 1997 svara den øvre grensa for eigenkapitalplasseringar for Folketrygdfondet til vel 20 mrd. kroner. Fondet sine eigenkapitalplasseringar var på same tid på vel 10 mrd. kroner, medan dei samla plasseringane i private og kommunale obligasjonar og sertifikat var på meir enn 26 mrd. kroner.

Folketrygdfondet sin del av marknaden for aksjar var i 1997 på om lag 3,7 pst. Folketrygdfondet skriv i sin årsrapport mellom anna følgjande:

«Ved vurdering av aksjeporteføljens størrelse til enhver tid legges vekt på at fondet med sine kjøp og salg ikke skal bidra til å forsterke kurssvingningene i markedet. (...) Styret legger vekt på at fondet ikke får en høyre markedsandel i aksjemarkedet enn det som er likviditetsmessig tjenlig og risikomessig forsvarlig.»

Folketrygdfondet auka i 1997 forvaltningskapitalen sin med 8,6 mrd. kroner, til 111,1 mrd. kroner.

Stats- og statsgaranterte obligasjonar og sertifikat (inkl. kontolån til statskassa knytte til underliggjande statslån) er hovudplasseringsforma til Folketrygdfondet. Ved utgangen av 1997 var 61,2 mrd. kroner plasserte i denne kategorien papir (rekna etter bokført verdi), eller 62,4 pst. av dei samla plasseringane til fondet.

Dei samla plasseringane til fondet i private og kommunale obligasjonar og sertifikat auka frå om lag 25,6 mrd. kroner ved utgangen av 1996 til 26,6 mrd. kroner ved utgangen av 1997. Dette svara til høvesvis 28,2 og 27,1 pst. av dei samla plasseringane. Bankinnskotta var på 77 mill. kroner ved det siste årsskiftet.

Folketrygdfondet har frå juni 1991 hatt høve til å plassere i eigenkapitalinstrument i form av børsnoterte aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar (jf. St.prp. nr. 69 (1990-91) og Innst. S. nr. 228 (1990-91)). Øvre grense for eigenkapitalplasseringar var ved utgangen av 1997 20,3 mrd. kroner rekna på grunnlag av bokført verdi av fondskapitalen inklusive opptente, ikkje utbetalte renter. Eigenkapitalplasseringane til fondet var på same tid på i alt 10,2 mrd. kroner (bokført verdi) investert i 50 ulike selskap. Eigenkapitalplasseringane svara til 10,4 pst. av dei samla plasseringane til fondet. Plasseringane i eigenkapitalinstrument auka frå utgangen av 1996 til utgangen av 1997 med 1,5 mrd. kroner. Marknadsverdien av dei samla eigenkapitalplasseringane til fondet i form av aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar var ved utgangen av 1997 på 16,8 mrd. kroner. Fondet hadde såleis ein urealisert kursvinst på slike verdipapir på 6,6 mrd. kroner. Samla urealiserte kursvinstar (netto) og opptente ikkje utbetalte renter utgjorde 13,0 mrd. kroner.

Det verdikorrigerte resultatet til Folketrygdfondet (dvs. inkl. urealiserte vinstar) var i 1997 på 8,6 mrd. kroner. Dette svara til ein avkastningsrate på 8,4 pst. rekna på basis av fondet sin kapital ved inngangen til året, mot ei avkastning på 10,2 pst. i 1996. Avkastninga på fondet sine plasseringar i renteinstrument (obligasjonar, sertifikat og bankinnskott) var i 1997 på 6,0 pst., medan avkastninga på aksjar var på 25,9 pst.

Samla renteinntekter i 1997 var 6271 mill. kroner, medan motteke aksjeutbytte var på 388 mill. kroner. Fondet hadde i 1997 ein realisert kursvinst på aksjar og obligasjonar på til saman 774 mill. kroner. Fondet hadde gjennom året ein auke i urealiserte verdipapirvinstar på aksjar og obligasjonar på 1,2 mrd. kroner. Dei urealiserte kursvinstane var fordelte med 2,0 mrd. kroner på aksjeporteføljen og -0,9 mrd. kroner på dei resterande verdipapira.

8.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek departementet si orientering til etterretning.

Komiteen har elles ingen merknader.