Stortinget fastsette 20.juni 1997 eit nytt regelverk for
administrasjon av Folketrygdfondet og for forvaltning av midlane,
revisjon o.a. i samsvar med §23-11 fjerde ledd i «lov
av 28.februar 1997 nr. 19 om folketrygd». Det nye regelverket
erstatta det regelverket som vart fastsett av Stortinget 15.februar
1990 med seinare endringar, siste gongen 21.juni 1996. Ein erstatta
det gamle regelverket av formelle grunnar mellom anna som følgje
av at ein endra lova om folketrygd. Etter reglane skal styret for
fondet sende årsmelding og rekneskap til Finansdepartementet,
som på si side skal leggje fram melding for Stortinget. Årsmeldinga
og rekneskapen for 1997 vart sende til departementet i brev 31.mars
1998, og følgjer som utrykt vedlegg til meldinga.
Det er i meldinga gjort greie for styre og administrasjon
for Folketrygdfondet i 1997.
Dei samla administrasjonsutgiftene til fondet,
inklusive husleige, løn, styrehonorar o.a., utgjorde 16,1
mill. kroner i 1997.
Heimelen i §9 i reglementet for fondet
til å gi nærare retningslinjer om forvaltninga
vart delegert til Finansdepartementet ved kongeleg resolusjon 17.januar
1992. Slike retningslinjer er av generell karakter, til dømes
ved at ein fastset kvantitative rammer for verksemda.
Finansdepartementet fastset, med heimel i §9
i retningslinjene, kvart år ramma for kor mykje Folketrygdfondet
kan auke investeringane i private og kommunale obligasjonar og sertifikat
(utan statsgaranti), bankinnskott og aksjar.
Finansdepartementet fastsette i brev av 12.mars 1997
til fondet ramma for private og kommunale plasseringar til 2,0 mrd.
kroner, det vil seie om lag same nivå som faktisk auke året
før, og 0,5 mrd. kroner lågare enn Folketrygdfondet
sitt forslag. Annan plasseringsauke skulle skje i stats- og statsgaranterte
papir eller som kontolån til statskassa. Departementet
la i si vurdering av ramma vekt på at når Folketrygdfondet plasserer
pengar i den private marknaden, så inneber det i realiteten
at staten må auke si opplåning frå anna hald
tilsvarande. Dette følgjer av at statlege budsjett-overskott
blir kanaliserte til petroleumsfondet, og at staten derfor vil ha
monalege opptak av lån i tida framover, mellom anna knytte
til refinansiering av eksisterande gjeld. Når Folketrygdfondet
plasserer avkastninga si i statlege verdipapir, er fondet i så fall med
på å dekkje dei lån staten har bruk for.
Departementet la i si vurdering også til grunn at Folketrygdfondet
sjølv utan nokon auke i behaldninga av private og kommunale
papir kunne auke sine nettoplasseringar i aksjemarknaden opp til
grensa som Stortinget har vedteke på 20 pst. av forvaltningskapitalen,
ved å omplassere eksisterande bankinnskott og private og kommunale
obligasjonar. Ved utgangen av 1997 svara den øvre grensa
for eigenkapitalplasseringar for Folketrygdfondet til vel 20 mrd.
kroner. Fondet sine eigenkapitalplasseringar var på same
tid på vel 10 mrd. kroner, medan dei samla plasseringane
i private og kommunale obligasjonar og sertifikat var på meir
enn 26 mrd. kroner.
Folketrygdfondet sin del av marknaden for aksjar
var i 1997 på om lag 3,7 pst. Folketrygdfondet skriv i
sin årsrapport mellom anna følgjande:
«Ved vurdering av aksjeporteføljens
størrelse til enhver tid legges vekt på at fondet
med sine kjøp og salg ikke skal bidra til å forsterke
kurssvingningene i markedet. (...) Styret legger vekt på at
fondet ikke får en høyre markedsandel i aksjemarkedet
enn det som er likviditetsmessig tjenlig og risikomessig forsvarlig.»
Folketrygdfondet auka i 1997 forvaltningskapitalen sin
med 8,6 mrd. kroner, til 111,1 mrd. kroner.
Stats- og statsgaranterte obligasjonar og sertifikat (inkl.
kontolån til statskassa knytte til underliggjande statslån)
er hovudplasseringsforma til Folketrygdfondet. Ved utgangen av 1997
var 61,2 mrd. kroner plasserte i denne kategorien papir (rekna etter
bokført verdi), eller 62,4 pst. av dei samla plasseringane
til fondet.
Dei samla plasseringane til fondet i private
og kommunale obligasjonar og sertifikat auka frå om lag
25,6 mrd. kroner ved utgangen av 1996 til 26,6 mrd. kroner ved utgangen
av 1997. Dette svara til høvesvis 28,2 og 27,1 pst. av
dei samla plasseringane. Bankinnskotta var på 77 mill.
kroner ved det siste årsskiftet.
Folketrygdfondet har frå juni 1991
hatt høve til å plassere i eigenkapitalinstrument
i form av børsnoterte aksjar, grunnfondsbevis og konvertible
obligasjonar (jf. St.prp. nr. 69 (1990-91) og Innst. S. nr. 228
(1990-91)). Øvre grense for eigenkapitalplasseringar var
ved utgangen av 1997 20,3 mrd. kroner rekna på grunnlag av
bokført verdi av fondskapitalen inklusive opptente, ikkje
utbetalte renter. Eigenkapitalplasseringane til fondet var på same
tid på i alt 10,2 mrd. kroner (bokført verdi)
investert i 50 ulike selskap. Eigenkapitalplasseringane svara til
10,4 pst. av dei samla plasseringane til fondet. Plasseringane i
eigenkapitalinstrument auka frå utgangen av 1996 til utgangen
av 1997 med 1,5 mrd. kroner. Marknadsverdien av dei samla eigenkapitalplasseringane
til fondet i form av aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar
var ved utgangen av 1997 på 16,8 mrd. kroner. Fondet hadde
såleis ein urealisert kursvinst på slike verdipapir
på 6,6 mrd. kroner. Samla urealiserte kursvinstar (netto)
og opptente ikkje utbetalte renter utgjorde 13,0 mrd. kroner.
Det verdikorrigerte resultatet til Folketrygdfondet (dvs.
inkl. urealiserte vinstar) var i 1997 på 8,6 mrd. kroner.
Dette svara til ein avkastningsrate på 8,4 pst. rekna på basis
av fondet sin kapital ved inngangen til året, mot ei avkastning
på 10,2 pst. i 1996. Avkastninga på fondet sine
plasseringar i renteinstrument (obligasjonar, sertifikat og bankinnskott)
var i 1997 på 6,0 pst., medan avkastninga på aksjar
var på 25,9 pst.
Samla renteinntekter i 1997 var 6271 mill. kroner, medan
motteke aksjeutbytte var på 388 mill. kroner. Fondet hadde
i 1997 ein realisert kursvinst på aksjar og obligasjonar
på til saman 774 mill. kroner. Fondet hadde gjennom året
ein auke i urealiserte verdipapirvinstar på aksjar og obligasjonar
på 1,2 mrd. kroner. Dei urealiserte kursvinstane var fordelte
med 2,0 mrd. kroner på aksjeporteføljen og -0,9
mrd. kroner på dei resterande verdipapira.
Komiteen tek departementet
si orientering til etterretning.
Komiteen har elles ingen merknader.