Komiteen har elles
ingen merknader, syner til proposisjonen og det som står
framføre, og rår Stortinget til å gjere
slikt
vedtak:
I
1. Stortinget samtykkjer
i at Noreg tek del i EØS-komitéavgjerd om innlemming
av diversedirektivet (95/2/EF) i EØS-avtala.
2. Stortinget samtykkjer i at Noreg tek
del i EØS-komitéavgjerd om innlemming av fargestoffdirektivet
(94/36/EF) i EØS-avtala.
3. Stortinget samtykkjer i at Noreg tek
del i EØS-komitéavgjerd om innlemming av søtstoffdirektivet
(94/35/EF) i EØS-avtala.
II
Stortinget ber Regjeringa fremje forslag som
presiserer krava til tydelege og lettfattelege vare- og innhaldsdeklarasjonar/-merking
av næringsmiddel. For næringsmiddel utan emballasje
må det lagast eigne system. Det må spesielt leggjast
vekt på krava som allergikarar og andre har for tydelege
vare- og innhaldsdeklarasjonar.
Stortinget ber også Regjeringa gjennomføre
informasjonstiltak når det gjeld bruk av tilsetjingsstoff
i næringsmiddel andsynes norske forbrukarar.