5. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, syner til proposisjonen og det som står framføre, og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I

  • 1. Stortinget samtykkjer i at Noreg tek del i EØS-komitéavgjerd om innlemming av diversedirektivet (95/2/EF) i EØS-avtala.

  • 2. Stortinget samtykkjer i at Noreg tek del i EØS-komitéavgjerd om innlemming av fargestoffdirektivet (94/36/EF) i EØS-avtala.

  • 3. Stortinget samtykkjer i at Noreg tek del i EØS-komitéavgjerd om innlemming av søtstoffdirektivet (94/35/EF) i EØS-avtala.

II

Stortinget ber Regjeringa fremje forslag som presiserer krava til tydelege og lettfattelege vare- og innhaldsdeklarasjonar/-merking av næringsmiddel. For næringsmiddel utan emballasje må det lagast eigne system. Det må spesielt leggjast vekt på krava som allergikarar og andre har for tydelege vare- og innhaldsdeklarasjonar.

Stortinget ber også Regjeringa gjennomføre informasjonstiltak når det gjeld bruk av tilsetjingsstoff i næringsmiddel andsynes norske forbrukarar.