8.1 Sammendrag

Regjeringa vil

  • fremje ein politikk som møter utfordringane og potensiala i små arbeidsmarknader

  • jobbe på lag med kommunane for å førebyggje konfliktar og sikre ei berekraftig forvaltning av verdifulle naturområde utanfor verneområde

  • føre vidare tiltakssona for Finnmark og Nord-Troms med om lag same samla innsats som i dag

  • utvikle ein spesiell innsats for å betre kompetanse og nettverk, entreprenørskap og innovasjon i næringslivet i fjellområda

8.1.1 Politikk for mindre arbeidsmarknader

Mange område som består av mindre tettstader og som har spreidd busetnad, vil sjølv etter eventuelle investeringar i infrastruktur vere ein del av ein mindre arbeidsmarknad. Det blir i meldinga peikt på at slike område utgjer ein særeigen og viktig del av det norske busetnadsmønsteret og har stor eigenverdi. Det er eit viktig trekk ved det norske samfunnet, som regjeringa ynskjer å oppretthalde. Det trengst difor ein særskild og aktiv innsats for å stimulere til vekst og utvikling i dei små arbeidsmarknadane, og verkemidla må ofte vere annleis enn for større arbeidsmarknadsregionar. Alle små arbeidsmarknader er i dag innanfor det distriktspolitiske verkeområdet.

8.1.1.1 Store variasjonar i utviklinga i små arbeidsmarknader

Rekordmange kommunar i landet har hatt ein auke i folketalet dei siste åra. Nær heile auken i talet på kommunar med vekst kjem av betre utvikling i det distriktspolitiske verkeområdet. Kommunane i dei største arbeidsmarknadene har i stor grad hatt vekst i folketalet i heile tiårsperioden. Utviklinga har blitt betre i alle regiontypar, men det er særleg i dei små arbeidsmarknadene i verkeområdet at vi finn område som framleis har nedgang i folketalet.

8.1.1.2 Samla omtale av innsats retta mot mindre arbeidsmarknader

Det blir i meldinga gitt ei samla omtale av innsats retta mot breiband, rammevilkår, næringsutvikling, utdanning og fjernarbeid.

Omtala omhandlar attraktive lokalsamfunn, og er i hovudsak omtala andre steder i meldinga.

8.1.1.3 Mindre arbeidsmarknader og samspelet med eit verdifullt naturmangfald

Mange av dei mindre arbeidsmarknadene ligg i område med viktige natur- og kulturminneverdiar. Regjeringa vil jobbe på lag med kommunane for å førebyggje konfliktar og sikre ei berekraftig forvaltning av ressursane, og gjennom dette leggje til rette for næringsutvikling som både drar nytte av, og tek nødvendig omsyn til naturmangfald, kulturminne og dei lokale landskapskvalitetane.

Forvaltning av område verna etter naturmangfaldlova

Dei mest verdifulle områda er verna i medhald av reglane i kapittel V i naturmangfaldlova. Dette gjeld nasjonalparkar, landskapsvernområde og naturreservat. Dei einskilde verneområda har eigne forskrifter som regulerer verksemd og bruk som er til skade for verneverdiane. Det er utarbeidd forvaltningsplanar for dei fleste av nasjonalparkane og dei andre store verneområda. Naturmangfaldlova, den einskilde verneforskrifta og forvaltningsplanen legg ramma for tiltak og bruk innanfor verneområda. Nasjonalpark- og verneområdestyra er tillagt forvaltningsmyndigheit for nasjonalparkane og dei andre store verneområda.

God planlegging er naudsynt for å balansere utvikling og vern

Det blir i meldinga vist til at kommunal planlegging og forvaltning som tek utgangspunkt i lokal kunnskap og tradisjon er viktig for å forvalte unike verdiar, og for å få til ei god samordning av aktivitetar.

Størsteparten av arealet i Noreg er ikkje verna etter naturmangfaldlova kapittel V og blir forvalta etter reglane i plan- og bygningslova og etter lovverk for dei ulike sektorane. Utanfor verneområda ligg det òg naturområde som kan ha store verdiar. Her gjeld òg føresegna i kapittel II i naturmangfaldlova som gjer greie for kva for vurderingar ein er pliktig til å gjere der avgjerder får følgjer for naturmangfaldet.

Det er kommunane som er planstyresmakt. Fylkeskommunane har ansvar for å rettleie kommunane i planarbeidet. Fylkesmennene har saman med Direktoratet for naturforvaltning eit særskilt ansvar for å rettleie, hjelpe og lære opp kommunane i bruken av naturmangfaldlova.

Ordinær revisjon av kommuneplanen skjer vanlegvis éin gong kvar valperiode. Kommunale ynskje skal balanserast mot nasjonale og vesentlege regionale interesser. Utfordringane er særs ulike i ulike delar av landet. Presset på areala varierer. Potensialet for å få til verdiskaping er ulikt. Dette taler for at ein bør utvikle og føre vidare ei regional problemforståing, tilpassa dei regionale og lokale ressursane og utfordringane.

For å unngå motsegner og konflikt er det særs vesentleg at kommunane, fylkesmenn og fylkeskommunar så tidleg som råd legg til rette for dialog mellom partane.

Motsegnsinstituttet er naudsynt for å ta omsyn til nasjonale og regionale interesser, men det er behov for betre praksis. Regjeringa vil difor gå gjennom fordelinga av ansvar og rutinar i dei involverte departementa og motsegnsorgana for å gjere ei heilskapeleg vurdering av om praksisen er i tråd med intensjonen i lova. KS skal vere involvert i prosessen. Regjeringa tek sikte på å gjere arbeidet ferdig før sommaren 2013.

Det er viktig for regjeringa å støtte opp om lokale og regionale tiltak som mellom anna bidrar til at potensialet for næringsutvikling knytt til verneområda og randsona til disse, blir nytta og utvikla på ein berekraftig måte.

Det kan oppstå interessemotsetnader mellom å ta omsyn til naturmangfaldet og næringsutvikling. Departementet ynskjer å få meir kunnskap om korleis ein kan førebyggje eventuelle konfliktar i slike tilfelle, og vil få utarbeidd ei utgreiing om lokal og regional praksis i samband med lokal næringsutvikling, lokalt sjølvstyre og omsynet til naturmangfaldet.

Natur- og kulturarv som grunnlag for verdiskaping

I meldinga blir det peikt på at det er eit unytta potensial for verdiskaping basert på natur- og kulturminne. Dette er eit fortrinn kommunar og småsamfunn må dra nytte av i næringsutviklinga. Særleg kan nasjonalparkar, verneområde og kulturhistoriske miljø spele ei stor rolle som attraksjonar i reiselivssamanheng. Ved utvikling og tilrettelegging må ein ta omsyn slik at ikkje natur- og kulturverdiane som er grunnlaget for verdiskapinga, blir skada eller øydelagt. Kommunane har til dømes gjennom deltaking i nasjonalpark- og verneområdestyra no ein god moglegheit til å sjå vernet i ein heilskapleg samanheng med bruk og næringsutvikling elles i kommunen.

Nasjonalparksenter og andre naturinformasjonssenter er viktige formidlingskanalar for å nå allmenta. Det er eit mål at nasjonalparksenter og andre naturinformasjonssenter skal utviklast vidare og bli betre på formidling, og gje dei ei tydeligare rolle i lokal utvikling.

33 norske kommunar har fått status som nasjonalparkkommunar, og 5 tettstader har status som nasjonalparklandsbyar. Ordninga er mellom anna etablert for å gjere nasjonalparkane meir kjende og styrkje verdiskapinga i lokalsamfunna.

Det er viktig for regjeringa å støtte opp om lokale og regionale tiltak, og det er behov for ein meir samordna og målretta innsats for auka verdiskaping med basis i natur- og kulturarv. Det er difor Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet gjennomfører Verdiskapingsprogrammet for naturarven.

Erfaringane frå dette programmet, Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet samt liknande program viser at det er mogleg å utvikle samarbeidet på lokalt og regionalt nivå der ein evnar å nytte dei mange potensiala som landskapet og natur- og kulturarven gjev.

Det er sett ned ei arbeidsgruppe på tvers av departementa som skal utarbeide eit forslag til ein nasjonal strategi for ein meir samordna og målretta innsats for verdiskaping basert på natur- og kulturarven. Noreg har slutta seg til Den europeiske landskapskonvensjonen. Miljøverndepartementet koordinerer arbeidet med konvensjonen og det er nedsett ei Landskapsgruppe der fleire relevante departement og direktorat deltek.

I reiselivsstrategien Destinasjon Noreg legg regjeringa til rette for ei betre utnytting av natur- og kulturarven i reiselivssamanheng. Dette kan skje gjennom å utvikle vidare nasjonalpark- og naturinformasjonssenter, utarbeide ein merkevare- og kommunikasjonsstrategi for nasjonalparkane, verdiskaping i verdsarvområdane, utvikle vidare prosjektet Kultur- og naturreisa, og forbetre reiselivsprodukt. Samspelet mellom kultur og reiseliv blir spesielt følgt opp i regjeringa sin handlingsplan for kultur og næring.

8.1.2 Innsats for næringsmessig omstilling av lokalsamfunn

Det blir i meldinga vist til at omstilling er naudsynt for dynamikken i arbeidsmarknadene, og også ein del av ei naturleg utvikling. Samstundes er omstilling særleg krevjande for mindre arbeidsmarknader og kan innebere store kostnader for lokalsamfunn og enkeltindivid.

Det blir i meldinga vist til at den norske økonomien i stor grad har lukkast med ei effektiv omstilling, dersom vi ser på utviklinga i arbeidsløyse og yrkesdeltaking.

Ei god omstilling handlar om å ta i bruk eksisterande ressursar, anten det er arbeidskraft, kompetanse eller naturgjevne ressursar, for å skape nye verksemder og nye arbeidsplassar. Det er relativt store regionale skilnader i graden av sysselsetjing og det er fleire andre moglege årsaker til desse regionale skilnadene enn mindre vellukka omstillingsprosessar.

Trøndelag Forskning og Utvikling har evaluert langtidseffektar av ulike omstillingsprogram. Det overordna målet med desse programma er å bidra til betre nærings- og samfunnsutvikling i område med svært negativ utvikling. Evalueringa har sett på effektar på nærings- og samfunnsutvikling i ti utvalde kommunar/regionar fem–åtte år etter programslutt. Evna til næringsutvikling er gjennomgåande styrkt og det er blitt ein betre kultur for nyskaping i regionen. Tiltaka har i dei fleste tilfella gjeve positive effektar på sysselsetjinga, men effekten har variert i dei ulike områda.

Sjansane for at ei omstilling blir vellukka når ei krise oppstår er størst dersom kommunen og næringslivet har satsa på eit langsiktig utviklings- og nyskapingsarbeid. Tilgang på rett kompetanse og andre ressursar i lokalsamfunnet er avgjerande for å få fram nye næringsmiljø etter ein omstillingsprosess. Det er òg viktig at omstillings- og nyskapingsarbeidet har brei lokal og regional forankring, slik at ein sikrar forståing av situasjonen og forpliktande eigarskap til prosessen. Både private og offentlege aktørar på tvers av forvaltningsnivå bør vere med på eit felles løft.

8.1.2.1 Statleg innsats for lokalt omstillingsarbeid

Det går fram av meldinga at mindre arbeidsmarknader er meir sårbare for endringar i nærings- og arbeidslivet enn større. Generelt vil det òg vere enklare å lukkast med omstillingsprosessar i større arbeidsmarknader.

Departementet gjev i dag tilskot til lokalt omstillingsarbeid mellom anna gjennom dei distrikts- og regionalpolitiske utviklingsmidlane som fylkeskommunane forvaltar. Midlane blir mellom anna fordelte ut frå skjøn og ut frå omsyn til omstillingsutfordringar i dei ulike fylka. I fordelinga av desse skjønsmidlane får departementet innspel frå fylkeskommunane om omstillingsbehovet i den einskilde kommunen.

Innovasjon Noreg er eit nasjonalt kompetansesenter for lokalt omstillingsarbeid.

Arbeids- og velferdsetaten (Nav) har eit særleg ansvar ved masseoppseiingar.

Frå tid til anna oppstår kriser i lokalsamfunna, som er av eit slikt omfang at det er naudsynt med ein ekstrainnsats frå staten utover dei ordinære utviklingsmidlane. Omfanget av krisa heng saman med storleiken på arbeidsmarknaden. Også i desse tilfella legg departementet til grunn aktiv medverknad frå regionale og lokale styresmakter for å sikre ei brei lokal og regional forankring til prosessen. Regjeringa presenterte i St.meld. nr. 21 (2005–2006) Hjarte for heile landet kriterium for når det kan vere aktuelt for staten å gå inn med ein ekstraordinær innsats.

8.1.2.2 Spesialisering gjev grunnlag for vekst, men òg for sårbarheit

Jo meir spesialisert næringslivet er i ein region og jo større bedriftene er, desto meir eksport. Det blir i meldinga peikt på at det viser at regional spesialisering kan gje grunnlag for eksportbasert vekst, og det gjeld òg i mindre arbeidsmarknader. Men Menon peikar òg på at desse regionane er mest utsette dersom eksporten går ned. Regionar med låg eksport er også sårbare for auka internasjonal konkurranse ettersom globalisering og økonomisk integrasjon fører til at næringar som tidlegare var skjerma og næringar som konkurrerer med import blir meir konkurranseutsette. Det blir i meldinga pekt på Meløy kommune som eit døme.

Hjørnesteinsverksemda blir mindre viktig når graden av sårbarheit studerast på regionalt nivå. Telemarksforsking visar at næringsstrukturen då er viktigaste forklaringsfaktor.

8.1.3 Politikk for nordområda

Nordnorsk næringsliv er prega av positiv utvikling og optimisme. Samstundes kjem todelinga av norsk næringsliv tydeleg til syne i denne landsdelen.

Nytting av geologiske ressursar på land og i havet, energi, og nye næringar baserte på marine og landbaserte ressursar og reiseliv blir stadig viktigare. Fiskeri har vore ein berebjelke i nord, men strukturendringar i flåteleddet og fiskeindustrien er òg ei viktig forklaring på nedgang i folketalet og sysselsetjinga i kystkommunar. Olje, gass og havbruk står fram som dei nye vekstnæringane. Det er òg forventningar til mineralnæringa i nord. Desse ressursbaserte næringane er sterkt regulerte og treng løyve, kvotar eller konsesjonar frå nasjonale styresmakter for å kunne nyttast.

8.1.3.1 Store skilnader i utviklinga i Nord-Noreg

Det generelle bilete er at Nord-Noreg er ein landsdel i positiv utvikling. Skilnadene i levekår mellom nord og sør er klart reduserte dei siste tiåra. Det er likevel store regionale variasjonar i utviklingstrekka i landsdelen.

Nord-Noreg har eit senter- og busetnadsmønster som er prega av at ein relativt stor del av innbyggjarane er busette i små bu- og arbeidsmarknadsregionar. Ein langvarig nedgang i folketalet er snudd til vekst i dei tre fylka i landsdelen dei siste åra. Innvandring står for mesteparten av veksten, men landsdelen har òg eit positivt fødselsoverskot.

Særleg langs kysten er det likevel mange småsamfunn som har utfordringar når det gjeld å oppretthalde busetnaden, utvikle næringslivet og byggje kapasitet og kompetanse til lokalt utviklingsarbeid. Dei geografiske avstandane mellom arbeidsmarknadene i landsdelen er i hovudsak store, noko som gjer at ei kopling av arbeidsmarknader berre er realistisk i nokre få område.

Kombinasjonen av store geografiske avstandar og små verksemder gjer samarbeid mellom verksemdene og mellom verksemder og kunnskapsinstitusjonar krevjande. FoU-aktiviteten i Nord-Noreg er låg, spesielt i næringslivet. Universitets- og høgskulesektoren står for brorparten av FoU-aktiviteten i nord.

Sjømat, reiseliv og kraftkrevjande industri er viktige eksportnæringar. Det samla bilete for arbeidsmarknaden syner at sysselsetjinga er høg, og at det mange stader er stor mangel på arbeidskraft. Næringslivet i fleire sektorar ventar vekst i produksjonsnivået og i sysselsetjinga, i tillegg til større investeringar i tida framover.

Det trengst kompetent arbeidskraft både med fagutdanning og med høgare utdanning. Samstundes er utdanningsnivået i Nord-Noreg lågare enn i resten av landet.

I 2011 pendla om lag 5 000 personar til landsdelen frå Sør-Noreg. Også utanlandsk arbeidskraft speler ei viktig rolle når det gjeld å dekkje sysselsetjingsbehovet i nord. Det blir peikt på i meldinga at ei utfordring for landsdelen er å få desse personane til å busetje seg fast slik at arbeidskrafta blir meir stabil og lokalsamfunna mindre sårbare.

8.1.3.2 Auka kunnskapsbasert verdiskaping på land

Politikken for nordområda har regjeringa presentert i Meld. St. 7 (2011–2012) Nordområdene. Visjoner og virkemidler. Eit overordna mål er å leggje til rette for større verdiskaping i nordområda. Dette må skje på ein måte som tek omsyn til miljø, klima og urfolk. Politikken handlar om eit breitt sett av tema; kunnskap, folkerett, tryggleik, samarbeid, miljø, havforvaltning, tryggleik på sjøen, fiskeri og havbruk, petroleumsverksemd og næringsutvikling. På bakgrunn av desse temaene har regjeringa lagt til grunn 15 strategiske prioriteringar. Sektorpolitikken speler difor ei avgjerande rolle for større verdiskaping i nord. Regjeringa vil bidra til å byggje eit meir kunnskapsbasert næringsliv i nord.

Departementet rettar den distrikts- og regionalpolitiske innsatsen i Nord-Noreg mot næringsutvikling og verdiskaping på fastlandet.

Utviklinga i nord blir påverka av sektorpolitikk, makroøkonomisk politikk og internasjonale konjunkturar. I den distrikts- og regionalpolitiske innsatsen har regjeringa peikt på strategiske satsingar, og ei sterk prioritering av regionale utviklingsmidlar til fylkeskommunane. Føresetnader for auka verdiskaping er kunnskapsinfrastruktur, tilgang på arbeidskraft, eit konkurransedyktig næringsliv, ein fungerande infrastruktur og eit kommunalt nivå som har ressursar og kompetanse til å handtere store og små vekstprosessar.

Departementet støttar opp om innsatsen for å styrkje lokal samfunns- og næringsutvikling. Nord-Noreg er ein vekstregion i framtida, og då må det lokale og regionale nivået påverke, vere aktive og leggje til rette for vekst og utvikling i lokalt næringsliv og for å skape og oppretthalde attraktive lokalsamfunn. Fylkeskommunane speler ei viktig rolle i å løyse utfordringane små kommunar har med å leggje til rette for store industri- og utbyggingsprosjekt.

Infrastruktur for kunnskap

Bruken av FoU i næringslivet og innovasjons- og nyskapingsevna er lågare i Nord-Noreg enn gjennomsnittet for landet. Det blir i meldinga peikt på at ein innsats for å rekruttere kompetent arbeidskraft og for kompetanseheving og innovasjon difor er naudsynt. Det trengst eit tettare samspel mellom arbeidstakarar, næringsaktørane og kompetansemiljø i landsdelen.

Mykje av rekrutteringa av arbeidskraft til Nord-Noreg skjer gjennom utdanningsinstitusjonane i landsdelen. Demografiske analysar syner at institusjonane for høgare utdanning i landsdelen samla sett kan få store utfordringar når det gjeld å rekruttere studentar og tilsette. Eit tett samarbeid mellom institusjonane vil vere viktig for å ta vare på og utvikle sterke og attraktive fagmiljø. Her er den nasjonale SAK-strategien for høgare utdanningsinstitusjonar eit viktig verkemiddel. Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) legg grunnlag for å utvikle eit felles strategisk og praktisk samarbeid om utvikling, innovasjon og verdiskaping på regionalt nivå. Samarbeidsorgana er særleg viktige i ein landsdel med store geografiske avstandar og mange små verksemder.

Store avstandar og mange små arbeidsmarknader gjer fleksibel utdanning til ein viktig reiskap for å gjere utdanningstilbodet tilgjengeleg for befolkninga i landsdelen. For å styrkje det fleksible utdanningstilbodet i landsdelen ytterlegare, er institusjonane i nord prioriterte det første året (2012) av eCampus–programmet.

Kommunal- og regionaldepartementet har gjennom fleire år lagt til rette for ei offensiv kunnskapsbasert næringsutvikling i landsdelen. Det er mellom anna lagt vekt på å styrkje næringslivet og høgskule- og forskingsmiljøa gjennom eit meir forpliktande samarbeid. Frå 2009 har departementet sett av eigne midlar til satsinga Forskingsløft i nord i regi av Forskingsrådet. Departementet legg opp til å føre vidare Forskingsløft i nord i tre nye år frå 2014. Departementet legg i siste fase av satsinga vekt på å auke orienteringa mot næringslivet gjennom nettverk og samarbeid mellom FoU-miljøa og næringslivet.

Dei regionale forskingsfonda, Forskingsløft i nord og VRI-programmet gjer saman ein brei innsats for å møte dei utfordringane landsdelen har med låg bruk av FoU. Innovasjonsnettverka i regi av Innovasjon Noreg, SIVA og Forskingsrådet skal leggje til rette for samarbeid og flyt av kompetanse og kunnskap.

Talet på etableringar av føretak i Nord-Noreg er om lag som i landet elles. For å stimulere ungdom til å etablere seg med eigne føretak, løyver departementet midlar for å leggje til rette for at dei skal skaffe seg kunnskap, erfaringar og nettverk, særleg innanfor dei naturlege fortrinna i landsdelen: arktisk teknologi og reiseliv. Ungt Entreprenørskap samarbeider med grunn- og vidaregåande skule og lokalt arbeids- og næringsliv, medan Ung gründer i regi av Innovasjon Noreg rettar seg mot målgruppa 18–35 år.

Kunnskapsinnhenting i nord

Som oppfølging av den oppdaterte forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten, jf. Meld. St. 10 (2010–2011) blir det gjennomført to kunnskapsinnhentingar om høvesvis verknadene av petroleumsverksemd i det nordaustlege Norskehavet og verknadene av ei større satsing på verdiskaping som til dømes reiseliv og verksemd relatert til fiskeri. Sammenstillingsrapporten frå kunnskapsinnhentinga om petroleumsverksemd blei lagd fram i Svolvær 23. november 2012.

For kunnskapsinnhentinga om reiseliv, fiskeri og anna næringsliv blei det i 2012 løyvd 30 mill. kroner over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett til eit toårig prosjekt.

Ringverknader av petroleumsnæringa og energisektoren

Det blir i meldinga vist til at utbreiinga av petroleumsnæringa nordover har skapt ringverknader i Trøndelag og Nord-Noreg. Den auka tilgangen til interessante leiteområde som regjeringa har lagt opp til gjennom forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten, jf. Meld. St. 10 (2010–2011), og det nylege funnet av Skrugard/Havis vil medverke til nye feltutbyggingar. Det blir i meldinga peikt på at fysisk etablering av leverandørbedrifter i regionen vil medverke til auka sysselsetjing, kompetanse og oppbygging av faglege nettverk. Dette legg grunnlaget for å kunne byggje opp ein petroleumsindustri i Nord-Noreg.

Statnett, Statkraft og Innovasjon Noreg har sett i gang prosjektet LeverandørUtvikling til Energisatsing i Nord (LUEN). Gjennom prosjektet ynskjer selskapa å syte for at leverandørindustrien i Nord-Noreg skal kunne tilby tenestene sine til energisektoren.

Det er venta at det blir sett i gang store utbyggingsprosjekt innan olje og gass, energi og bygg og anlegg i nord. For at næringslivet i nord skal kunne ta oppdrag i samband med utbyggingar løyvde Kommunal- og regionaldepartementet i 2008 midlar til satsinga Arktisk teknologi (ARKTEK) i regi av Forskingsrådet.

Regjeringa har vedteke å opprette eit forskings- og kompetansesenter for petroleumsverksemd i nordområda og Arktis. Forskingsrådet har fått i oppdrag å få senteret etablert i løpet av 2013.

Mineralnæringa – potensial for auka aktivitet i nordområda

Den auka globale etterspurnaden etter malm, metall og mineral gjev auka moglegheiter for næringsutvikling og nye arbeidsplassar i nordområda. Både Finnmark og Nordland er blant våre fremste mineralfylke målt i årsverk. For å auke kunnskapen om mineralressursane i Nord-Noreg og for å leggje til rette for auka aktivitet i mineralnæringa har regjeringa både i 2011 og 2012 løyvd 25 mill. kroner til eit kartleggingsprogram for Nord-Noreg. Programmet blir ført vidare både i 2013 og 2014 slik at den samla økonomiske ramma for satsinga vil utgjere 100 mill. kroner.

Reiseliv i nord

Den nasjonale reiselivsstrategien frå 2012 peikar på vesentlege mål for reiselivsnæringa og legg eit godt grunnlag for vidare utvikling i næringa. NordNorsk Reiseliv AS blei etablert i 2009. Staten har bidrege med ei løyving på 50 mill. kroner, som skulle nyttast til å profilere og marknadsføre landsdelen i utlandet. Talet på overnattingsdøgn i Nord-Noreg har i perioden 2007–2011 auka med tolv pst., mot ein nedgang i landet elles. For å oppretthalde denne turismen, må reiselivsføretaka vere attraktive og konkurransedyktige. Departementet har difor løyvd fylkesovergripande midlar for å heve kompetansen i små reiselivsføretak i landsdelen i regi av Innovasjon Noreg.

Enklare ordningar for visum, og ein sterkare økonomi på russisk side kan vere eit grunnlag for auka turisme mellom Nord-Noreg og Nordvest-Russland.

Arktisk landbruk

Landbruks- og matdepartementet har styrkt satsinga på arktisk landbruk. I statsbudsjettet for 2013 er det løyvd tre mill. kroner til ei satsing på arktisk landbruk. Vidare er løyvinga til Sametinget til næringsføremål auka frå 2 til 4 mill. kroner i 2013, som eit ledd i satsinga på arktisk landbruk.

Rombasert infrastruktur

Rombasert infrastruktur har stor og aukande tyding for å ta i vare viktige samfunnsfunksjonar i nordområda. Gjennom ein langsiktig kompetanseoppbygging har fagmiljøa i Nord-Noreg teke ein leiande nasjonal posisjon når det gjeld forsking, teknologiutvikling, tenesteutvikling og -leveransar, samt etablering og drift av relevant infrastruktur.

Internasjonalt samarbeid

Gjennom Barentssamarbeidet får ei lang rekkje norsk-russiske samarbeidsprosjekt støtte kvart år. Barentssekretariatet har på 20 år støtta om lag 3 500 prosjekt mellom Noreg og Nordvest-Russland. Folk-til-folk-samarbeidet har høg prioritet og er viktig for samarbeidet over grensa. I Nordområdemeldinga (Meld. St. 7 (2011–2012)) varsla regjeringa at ho vil leggje større vekt på tiltak som kan styrkje den økonomiske samhandlinga for å betre grunnlaget for sysselsetjing og busetnad.

Den auka skipstrafikken i området kan gje positive ringverknader på norsk side gjennom behov for hamne- og servicetenester.

Utvikling av det norsk-russiske næringssamarbeidet og økonomisk samarbeid generelt står sentralt i nordområdearbeidet. Ei norsk-russisk arbeidsgruppe for regionalt og grensenært samarbeid tek i vare det regionale og bilaterale samarbeidet med Russland. Her er dei tre nordlegaste fylkeskommunane aktive deltakarar.

Fylkeskommunane i Nord-Noreg deltek også i Interreg-programma Nord og Nordleg Periferi, i Naboskapsprogrammet ENPI mot Russland og i det nordiske samarbeidet på Nordkalotten og i Kvarken. Programma finansierer prosjekt, som bidreg til utvikling og samarbeid mellom dei fire nabolanda i nord. Både offentlege styresmakter, private verksemder og organisasjonar kan delta.

Departementet har nyleg fått utført ein studie av korleis den arktiske dimensjonen kan bli gjennomgangstema i den neste generasjonen Interreg-program i nord, og kanskje i særleg grad for Nordleg Periferi-programmet. Noreg fokuserer gjennom utanrikspolitikken og fleire sektorpolitikkområde sterkt på områda i nord.

8.1.3.3 Vidareføring av tiltakssona for Finnmark og Nord-Troms

Tiltakssona for Finnmark og Nord-Troms blei oppretta våren 1990, på bakgrunn av ei negativ utvikling i folketal og næringsliv på slutten av 1980-talet. Målet med tiltakssona er å medverke til å gjere området attraktivt for busetjing, arbeid og næringsverksemd.

Ordningane i tiltakssona utgjorde i 2012 om lag 3,2 mrd. kroner. Dei viktigaste ordningane er fritak frå arbeidsgjevaravgift, redusert personskatt, inga eller låg elavgift, sletting av studielån og særskilde tillegg i barnetrygda. I tillegg kjem ein styrka kommuneøkonomi. Kommunane i tiltakssona får ein høgare sats i småkommunetilskotet og i Nord-Noreg- og Namdalstilskotet.

Departementet fekk Norut Alta til å gå igjennom tiltakssona og rapporten var ferdig i 2012. Analysen viser at utfordringane når det gjeld sysselsetjing og folketalsutvikling framleis er store, men det er store regionale variasjonar.

Finnmark og Nord-Troms er og har vore svært avhengige av naturressursane. Fiskeria har vore ein berebjelke, men både på slutten av 1980-talet og seinare har det vore store kriser i næringa, særleg i fiskeindustrien. Om lag 60 pst. av sysselsetjinga i fiskeindustrien har forsvunne det siste tiåret. Samstundes har det vore ein sterk vekst i sysselsetjinga knytt til andre ressursnæringar, som oppdrett og mineralnæringar, i tillegg til vekst i offentleg sektor og anna næring. Sjølv om arbeidsløysa har gått attende, har kyst- og innlandskommunane framleis høgare tal på ledige enn snittet i landet og i landsdelen. Samanlikna med Helgeland og Midtre Hålogaland går det samla sett relativt bra i sona, og det er store potensial knytte til mellom anna nytting av naturressursar. Den positive utviklinga er likevel lite robust.

Mangelen på kompetent arbeidskraft blir i meldinga peikt på som ei hovudutfordring i sona i dag. Heile 36 pst. av verksemdene har tilsett personar utan den etterspurde kompetansen. Den positive utviklinga og optimismen i dei ressursbaserte næringane tilseier at utviklinga med mangel på arbeidskraft vil halde fram.

Utviklinga i Finnmark og Nord-Troms blir påverka av langt fleire faktorar enn verkemidla i sona. Tilgjengelege ressursar – både finansielle ressursar (kapital), naturressursar og kompetansen i befolkninga – er viktig. Historiske tilhøve spelar òg inn. Ulike tilhøve utanfor sona har vel så mykje å seie. Dette kan være marknadene for eksportprodukt (fiskeprisar og gassprisar, importreglar i viktige marknader og andre reguleringar o.a.), den generelle konjunktursituasjonen både nasjonalt og internasjonalt, rentenivå og så vidare.

Utfordringane knytte til store geografiske avstandar og lågt folketal gjer sona spesiell. Det blir i meldinga peikt på at innsatsen difor må vere annleis enn i område med større bu- og arbeidsmarknader, store verksemder og sterkare nærings- og kompetansemiljø. Gjennomgangen av tiltakssona viser at sona har hatt ein modifiserande effekt på lågkonjunkturar.

Regjeringa meiner det framleis er behov for verkemidla i tiltakssona for Finnmark og Nord-Troms. Tiltakssona skal vere framtidsretta. Regjeringa vil at måla for sona og den samla innsatsen blir ført vidare om lag som i dag. Gjennomgangen av tiltakssona har peikt på at dei personretta verkemidla har størst effekt på rekruttering og stabilisering av busetnad. Regjeringa vurderer at ei betring av ordninga for nedskriving av studielån kan vere eit bidrag til å møte kompetansebehovet i sona. Regjeringa vil vurdere eventuelle endringar i tiltaka i dei årlege budsjetta.

8.1.3.4 Utvikling i samiske område

Dei samisk-norske kjerneområda i Nord-Noreg (STN-områda) er dei mest spreiddbygde områda i landsdelen.

Dei samisk-norske områda har hatt større utfordringar med nedgang i folketalet enn dei andre områda nord for Saltfjellet dei siste åra.

Sjølv om den innanlandske flyttebalansen varierer, har den langvarige trenden vore negativ i fleire tiår. Stor innvandring dei seinare åra har likevel medverka til at utviklinga er betre også i STN-området, og det er sjølvsagt også store variasjonar innan dei samiske områda.

Primærnæringane er framleis dei viktigaste næringane for sysselsetjinga i dei samiske kjerneområda. Desse næringane har likevel vore i nedgang det siste tiåret, samstundes som talet på sysselsette i tenestenæringane har auka. Dette er ei utvikling som utfordrar det samiske samfunnet fordi mykje av språket og tradisjonar er knytt til primærnæringane. For Sametinget har det difor vore viktig å satse på kulturnæringar, både med tanke på sysselsetjing fordi dette er viktige kompetansearbeidsplassar, og fordi kulturnæringane i seg sjølve gjev eit stort potensial for å praktisere samisk språk, tradisjonar og kulturuttrykk.

I meldinga blir det vist til at sjølv om større innvandring frå utlandet er positivt for utviklinga i folketalet i dei samiske områda, følgjer det også utfordringar med innvandringa. Med større innvandring blir det tilsvarande fleire utan kunnskap om og kompetanse i samisk språk, kultur og samfunn.

Samisk tamreindrift er heilt sentralt for busetnad og identitet i mange samiske område og har eit stort potensial for større verdiskaping. Landbruks- og matdepartementet vil fremje næringsverksemd basert på eksisterande ressursar i reindrifta. Næringa blir invitert til eit samarbeid om næringsutvikling basert på reiseliv og program for mellom anna læringsbaserte tenester. Landbruks- og matdepartementet vil at dei potensiala som reindrifta har til aktiv medverknad og innverknad gjennom reindriftslova av 2007, skal nyttast fullt ut.

Tilhøve i næringa og i samfunnet elles dannar grunnlaget for ei berekraftig reindrift. Landbruks- og matdepartementet vil leggje til rette for ein god dialog mellom reindrifta og andre samfunnsinteresser i dei ulike reinbeiteområda. Tilgang på beiteareal og eit reintal som er tilpassa beitegrunnlaget gjev økologisk berekraft, og er heilt avgjerande for at næringa også skal vere økonomisk og kulturelt berekraftig. Regjeringa vil byggje reindriftspolitikken på ei tredelt målsetjing om økologisk, økonomisk og kulturell berekraft, der økologisk berekraft står sentralt. I område med for høgt reintal må reintalet reduserast.

8.1.4 Politikk for fjellområda

Det blir i meldinga peikt på at fjellområda i Sør-Noreg er ein sentral del av det distriktspolitiske verkeområdet og blir dermed omfatta av dei særskilde distriktspolitiske ordningane. Dei naturgjevne tilhøva med lange distansar, klimatiske, naturmessige og topografiske tilhøve saman med store verna område gjev fjellområda ein del særeigne utfordringar og potensial for utvikling.

Departementet fekk i 2010 laga ei utgreiing om fjellområda i Sør-Noreg som viser at dei har dei same utfordringane som andre distriktsområde i Sør-Noreg.

Departementet har motteke innspel frå Fjellregionsamarbeidet og har også halde rådslag om fjellområda. Fjellregionsamarbeidet har, i sitt innspel, framheva verdien av kunnskap og kompetanse for å utvikle fjellområda.

8.1.4.1 Distrikts- og regionalpolitikken treffer utfordringane og stimulerer potensiala i fjellområda

Departementet legg stor vekt på at dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla skal gå til å støtte lokale og regionale initiativ. Viktige føringar for utvikling i fjellområda blir fastsette innanfor ulike sektorar. Særleg gjeld dette innanfor landbrukspolitikken, miljøvernpolitikken og samferdselspolitikken.

Fjellområda har mange område med viktige natur- og kulturverdiar, som er verna eller handsama på andre måtar ut frå nasjonale og internasjonale naturvernomsyn. Vern er eit viktig verkemiddel for å sikre natur- og kulturverdiane. I nokre tilfelle kan vern gjere det meir krevjande å arbeide med næringsutvikling. I andre tilfelle kan vernestatusen gje grunnlag for nytenking og nye moglegheiter, mellom anna knytt til utvikling av reiselivet.

Fjellområda har utfordringar, men også store potensial i samspelet mellom natur og kultur. For å nytte desse potensiala er det naudsynt med busetnad knytt til fjellområda. Det blir i meldinga vist til at det er viktig å utvikle nye og eksisterande verksemder som nyttar ressursane på ein berekraftig måte. Natur- og kulturressursane er viktige for næringsutvikling, men òg for trivsel og identitet.

Få og små senter og eit spreidd busetnadsmønster gjev få arbeidsplassar med grunnlag i kompetansebaserte næringar. Det blir i meldinga peikt på at det framover blir viktig å fremje samarbeid og nettverksbygging mellom aktørar i næringslivet og forvaltninga.

Fjellandbruket produserer råvarer av unik kvalitet, som også gjev moglegheiter for utvikling av andre varer og tenester, til dømes innan mat- og reiselivsområdet. Det blir i meldinga peikt på at ein må få fram og støtte opp under lokale initiativ og sikre samarbeid mellom næringsmiljø, forsking og forvaltning. I landbruks- og matmeldinga (Meld. St. 9 (2011–2012)) slo regjeringa fast kor viktig landbruk og landbruksrelatert verksemd er for utviklinga i fjellområda og i randsonene til verneområda.

Bygdeutviklingsmidlane (BU-midlane) er tradisjonelt det viktigaste økonomiske verkemidlet for å stimulere næringsutvikling i landbruket. Som ledd i ei områderetta satsing i mellom anna fjellområda vil Landbruks- og matdepartementet leggje til rette for lokal forvaltning av BU-midlar.

I tillegg til dei ordinære distriktspolitiske verkemidla er det fleire nasjonale verdiskapingsprogram, strategiar og handlingsplanar som også kan nyttast i fjellområda. Verdiskapingsprogrammet for naturarven, det nye Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar, bulystsatsinga og MERKUR-programmet er nokre døme. Innanfor dei landbrukspolitiske verkemidla er særleg Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv relevant.

8.1.4.2 Styrking av nettverk og samarbeid i fjellområda

Kommunal- og regionaldepartementet sett i verk ein spesiell innsats for å styrkje grunnlaget for næringsutvikling og verdiskaping i fjellområda. Det er sett av 10 mill. kroner i tilskot til fylkeskommunane i 2013. Satsinga skal etter planen vare i fem år.

Med mange like utfordringar på tvers av fylke, regionar og kommunar er det behov for å byggje nettverk som kan stimulere til meir samarbeid og kunnskapsutvikling over fylkesgrensene. Mange fylke har vedteke regionale planar som klargjer tilhøve mellom bruk og vern av fjellområda.

Departementet legg vekt på eit godt samarbeid mellom fylkeskommunar, kommunar, fylkesmennene og andre aktørar om utfordringar og moglegheiter i fjellområda, til dømes i oppfølging av planar og handlingsprogram. Som ledd i den nye satsinga vil departementet mellom anna setje i gang ei utgreiing for å få eit oversyn over ressursgrunnlaget og dei nasjonale interessene som ligg i fjellområda.

8.2 Komiteens merknader

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, støtter opp om regjeringens mål for politikken for områder med særlige utfordringer og potensial.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristelig Folkeparti, peker på at mindre arbeidsmarkeder har andre forutsetninger for vekst og utvikling enn større. Dette flertallet mener derfor at arbeid med attraktive lokalsamfunn, utbygging av bredbånd, differensiert innsats for næringsutvikling, fleksibel utdanning og tilrettelegging for fjernarbeid er særlig viktige innsatsområder for mindre arbeidsmarkeder.

Dette flertallet støtter videre strategien i meldingen om å jobbe på lag med kommunene for å forebygge konflikter og sikre en bærekraftig forvaltning av verdifulle naturområder.

Dette flertallet viser til at fjellområdene i Sør-Norge er en del av det distriktspolitiske virkeområdet med en del særegne utfordringer og muligheter, blant annet knyttet til det å balansere bruk og vern av viktige natur- og kulturverdier.

Et tredje flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, mener det er viktig å videreføre tiltakssonen for Finnmark og Nord-Troms med om lag samme samlede innsats som i dag.