Regjeringa vil
føre vidare ein spreidd
struktur for høgare utdanning
leggje til rette for godt samarbeid mellom
utdanningsinstitusjonar, næringsliv og fylkeskommunar om regionalt
tilpassa utdanningstilbod
identifisere barrierane for etter- og vidareutdanning
i små og mellomstore bedrifter med sikte på framtidige tiltak
leggje til rette for eit godt system for
desentralisert og fleksibel utdanning
føre vidare arbeidet med å redusere fråfall
i vidaregåande opplæring
Det blir i meldinga peikt på at det fleire stader
i landet er ei utfordring å rekruttere nok kompetent arbeidskraft.
For folk som tek høgare utdanning har mobiliteten ofte samanheng
med val av studiestad og overgangen til den første jobben. Det kan
vere krevjande å flytte for dei som har etablert familie, særleg om
det er to i hushaldet som er i arbeid. Det er difor to problemstillingar
her – éi knytt til rekruttering av unge menneske til regionen og
éi knytt til vidare kvalifisering av dei som alt bur og arbeider
der. Desse blir stadig viktigare i små arbeidsmarknader ettersom stadig
fleire unge veks opp i større byområde.
Kravet om stadig større produktivitet og innovasjon
i både offentleg og privat sektor gjer det heilt avgjerande å ha
tilsette med rett kompetanse. Kompetanse er både erfaringsbasert
og utdanningsbasert. Det blir i meldinga peikt på at tilgang på
dyktige fagfolk er svært viktig i alle typar verksemder. Mykje av konkurranseevna
i Noreg er knytt til prosessinnovasjonar. Her har ein lukkast godt.
Fagopplæring er her viktig. Det same er opplæring som kan bidra
til å skape større produktivitet.
Utdanningsinstitusjonane får ein regional meirverdi
når dei leverer kandidatar med kunnskap som er relevant for det
lokale arbeidslivet i regionen. På smalare kompetanseområde kan
det vere ei utfordring å byggje opp sterke undervisnings- og FoU-miljø.
Kompetansearbeidsplassutvalet peika på behovet for samarbeid mellom
utdanningsinstitusjonane og ulike aktørar for å mobilisere dei menneskelege ressursane
og bidra til kunnskapsutvikling for arbeidsmarknaden. I fleire innovasjonsprogram,
som NCE og Forskingsløft i nord, er ein viktig aktivitet nettopp
å etablere samarbeid mellom bedrifter, klyngjer og ulike utdanningsmiljø.
Det finst fleire gode døme på at slikt samarbeid har ført til skreddarsydde kurs
og utdanningar heilt i tråd med kva ulike bransjar og bedrifter
treng.
Det er ein monaleg skilnad i utdanningsnivået
i ulike regiontypar i Noreg. Regionale skilnader i næringsstruktur
fører til ulikt behov for type utdanning og kompetanse. Behovet
for kompetanse veks i alle typar næringar, og dei fleste nye kompetansearbeidsplassane
kjem i eksisterande næringar som er i ferd med å omstille seg. Kompetansearbeidsplassar
utgjer ein større del av alle arbeidsplassar i storbyregionar enn
dei gjer i andre regiontypar.
I meldinga blir det vist til at omstilling og
evne til innovasjon i verksemdene vil vere sentralt for at både det
offentlege og næringslivet skal fungere best mogleg, ikkje minst
på stader med omstillingsutfordringar og raske strukturendringar.
Etter- og vidareutdanning er viktig for tilgangen til
relevant kompetanse i heile landet. Å stimulere vaksne til vidareutdanning
er særleg viktig i område der ein slit med å rekruttere til ledige
stillingar.
Ei undersøking gjord av NIFU syner at det er
store variasjonar i kor mykje private og offentlege verksemder investerer
i kurs, opplæring og formell vidareutdanning for sine tilsette.
Det er også tydelege geografiske variasjonar i kompetanseinvesteringane.
Arbeidstakarar med høg formell utdanning er
dei som i størst grad tek vidareutdanning. Det gjeld særskilt tilsette
i offentleg sektor.
Kommunal- og regionaldepartementet vil starte eit
arbeid for å få kunnskap om omfang og bruk av ordningar som stimulerer
til kompetanseutvikling i bedrifter i det distriktspolitiske verkeområdet,
og forklaringar på variasjonane når det gjeld investeringar i kompetanse
frå næringslivet si side. Departementet vil òg hente inn kunnskap
om kva tilbod mindre verksemder har for å få hjelp til å avklare
kompetansebehov. Dette arbeidet skal ein mellom anna sjå i samanheng
med arbeidet med nasjonale og regionale kompetansestrategiar, som
OECD skal setje i gang i Noreg og som Kunnskapsdepartementet har
ansvaret for å koordinere.
Det blir i meldinga vist til at tilbodet av
desentraliserte og fleksible utdanningar gjer det mogleg å styrkje
den formelle kompetansen sin, uavhengig av om ein bur i nærleiken
av ein studiestad eller ikkje. Ein kan skilje mellom to ulike behov
for desentralisert og fleksibel utdanning. På den eine sida har
vi personar som på eige initiativ og ut frå eigne interesser søkjer
meir utdanning. Denne gruppa vil ha nytte av nettbasert fjernundervisning,
gjerne kombinert med studentsamlingar på campus eller andre stader.
På den andre sida treng mange private og offentlege
verksemder å utvikle kompetansen i eigen arbeidsstokk. Her kan det
vere nyttig å organisere spesielle løysingar tilpassa det behovet
verksemdene har, og arbeidstilhøva til dei tilsette.
Fleksible utdanningstilbod på Internett er ei framtidsretta
løysing. Om lag 6 pst. av studentane studerer i dag utanfor campus.
Fleire institusjonar, og då særleg høgskular, har på eige initiativ,
og med hjelp frå Noregsuniversitetet, utvikla eit stort nettbasert
undervisningstilbod. Gjennom eCampus-satsinga til Kunnskapsdepartementet
er målet å byggje ut ein felles IKT-arkitektur i UoH-sektoren som
skal leggje til rette for nettstøtta og fleksibel utdanning i stor
skala.
Kommunal- og regionaldepartementet legg vekt på
at fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar kan medverke
til utvikling og oppstart av nettbaserte og desentraliserte undervisningsløysingar
i samarbeid med lokalt arbeidsliv og utdanningsinstitusjonar.
I meldinga blir det peikt på at det er naudsynt med
gode koplingar mellom behovet for kompetanse i arbeidslivet på den
eine sida og tilboda om utdanning på den andre. Vidare er det viktig
å stimulere til kompetanseheving i arbeidsstokken. Det blir i meldinga
vist til at fylkeskommunen, kunnskapsinstitusjonar, det regionale
næringslivet, arbeids- og velferdsetaten (Nav) og Innovasjon Noreg
er viktige aktørar i den samanhengen.
Det er store variasjonar rundt om i landet i
korleis dette skjer. Departementet har vore i kontakt med fleire
av fylkeskommunane, og oppfattar at det finst funksjonar som kan
vere nyttige å ha lokalt og regionalt. Sjå døme i meldinga. Det
er ulike måtar å organisere desse funksjonane på.
Departementet vil hente inn meir kunnskap om korleis
aktørane på regionalt nivå samarbeider om å kople tilbod og etterspurnad
av kompetanse, mobilisering til utdanning i arbeidslivet og i befolkninga, og
tilrettelegging for desentralisert utdanning.
Universitet og høgskular blir i meldinga peikt
på som viktige senter i dei regionale og nasjonale kompetansemiljøa
og forsyner offentleg og privat verksemd med utdanna arbeidskraft.
Dei regionale høgskulane har vore avgjerande for auken i utdanningsnivået
i heile landet.
Ei av årsakene til overvekta av unge vaksne
i dei største arbeidsmarknadsregionane er flytting i samband med
utdanning. Det er i dag berre små regionale skilnader i kor mykje
folk utdannar seg.
Fleire undersøkingar av flyttemønsteret til
studentar før og etter avslutta utdanning tilseier at ein spreidd
utdanningsstruktur er særs viktig for regional tilgang på høgare
utdanna arbeidskraft, og avgjerande for den regionale balansen.
Tilhøvet mellom lokal rekruttering til studium
i ein region og avsetjing til arbeidsmarknaden i same region seier
noko om regionen importerer eller eksporterer arbeidskraft med høgare
utdanning. Ei utgreiing frå Statistisk sentralbyrå viser at nesten
60 pst. av studentane blir buande og finn sin første jobb i den
same arbeidsmarknaden som høgskulen eller universitetet dei har
gått på ligg i.
I meldinga blir det vist til at viktige eksport-
og næringsklyngjer er avhengige av god tilgang på kvalifisert arbeidskraft
for å sikre vidare vekst og utvikling.
Det blir vidare i meldinga vist til at det er
viktig med samarbeid regionalt mellom lokale og regionale styremakter,
utdanningsmiljø og næringsliv for å sikre utvikling av utdanningstilbod
tilpassa den regionale arbeidsmarknaden. Det finst i dag fleire
ulike samarbeidsarenaer for dette.
Med utgangspunkt i budsjettmidla frå Kommunal-
og regionaldepartementet organiserer fylkeskommunane regionale partnarskap
for regional utvikling. Fylkeskommunane har samstundes ansvar for
vidaregåande opplæring og fagskuleutdanninga. Universitet og høgskular
har, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, etablert Råd for samarbeid
med arbeidslivet (RSA-råda).
Som ledd i arbeidet med å utvikle eit meir kompetansedyktig
næringsliv har Kommunal- og regionaldepartementet avsett 20 mill.
kroner på budsjettet for 2013 til næringsretta kompetansebygging.
Det at mange fullførar vidaregåande opplæring er
særs viktig for å ta vare på dei menneskelege ressursane i samfunnet
på ein best mogleg måte. Utfordringa med høgt frafall er høgt prioritert
politisk og Kunnskapsdepartementet har gjort fleire analysar av årsakene.
Element som er trekte fram for å forklare høgt fråfall, er mellom
anna mangel på læreplassar, svakt grunnlag frå grunnskulen, utdanningsnivået
til foreldra og avstand til lærestaden.
Mange tiltak er allereie sette i gang. Kunnskapsdepartementet
sitt treårige prosjekt Ny GIV starta i 2010 og er retta mot å auke
gjennomføringa av vidaregåande opplæring. Prosjektet legg grunnlaget
for ein forsterka innsats regionalt. Fleire fylkeskommunar melder
at Ny GIV alt har ført til tettare samarbeid med kommunane om overgangen
mellom grunnskule og vidaregåande skule.
Mange vidaregåande skular har alt god kontakt og
samarbeider med bedrifter og arbeidsliv i lokalmiljøet. I mange
mindre arbeidsmarknader vil vidaregåande skule vere ein kompetansebase,
spesielt innan yrkesretta fagutdanning. Skulen kan her vere ein
viktig utviklingsaktør i lokalmiljøet gjennom å samarbeide med det
lokale næringslivet.
Kunnskapsdepartementet og alle hovudsamanslutningane
i arbeidslivet har underteikna ein samfunnskontrakt for å sikre
fleire læreplassar. Det er eit mål å auke talet på læreplassar med
20 pst. i 2015 samanlikna med 2011, og å auke talet på vaksne som
tek fagbrev. I kvart fylke skal det vere kontakt mellom fylkeskommunen
som skuleeigar og lokalt arbeidsliv om oppfølginga av kontrakten
på fylkesnivå. Partane skal møtast kvart år for å vurdere kor langt
dei har kome i å nå målet.
Komiteen støtter opp
om meldingens mål for kompetanseheving i arbeidsmarkedet. Komiteen vil
særlig framheve nødvendigheten av å videreføre en spredt struktur
for høyere utdanning og behovet for å legge til rette for godt samarbeid
mellom utdanningsinstitusjoner, næringsliv og fylkeskommuner om
regionalt tilpassede utdanningstilbud.
Komiteen vil peke på at en spredt
utdanningsstruktur er svært viktig for regional tilgang på høyere utdannet
arbeidskraft, og avgjørende for den regionale balansen. En utredning
fra Statistisk sentralbyrå viser at nesten 60 pst. av studentene
blir boende og finner sin første jobb i det samme arbeidsmarkedet som
høgskolen eller universitetet de har gått på, ligger i.
Komiteen viser til at tilbudet
av desentraliserte og fleksible utdanninger gjør det mulig å styrke
sin formelle kompetanse, uavhengig av hvor man bor.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet,
peker på betydningen av å sikre utvikling av utdanningstilbud tilpasset
det regionale arbeidsmarkedet. Flertallet viser til
at Kommunal- og regionaldepartementet har avsatt 20 mill. kroner
for 2013 til næringsrettet kompetansebygging. Midlene skal brukes
til godt tilpassede, praksisnære og næringsrettede tilbud i fagskole,
høyere utdanning og/eller etter- og videreutdanning. Næringslivet
må bidra med ressurser sammen med andre regionale aktører, noe som
også kan bidra til å sikre god forankring og etterspørsel etter
tilbudet i næringslivet.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet
og Kristelig Folkeparti viser til at økonomisk krise i Europa
raskt også kan bli alvorlig for norsk næringsliv, og særlig for
konkurranseutsatte bedrifter og arbeidsplasser. Siden Norge har
et høyere kostnadsnivå enn mange konkurrentland, er det kun gjennom
høyere kvalitet og mer innovative produkter og tjenester at Norge
kan styrke sin konkurransekraft. Det er derfor viktig at det satses
ambisiøst på å utvikle ny kunnskap gjennom forskning og utvikling,
og at resultatene av forskningen vektlegges.
Disse medlemmer mener at regjeringens forskningspolitikk
ikke legger nok vekt på disse forholdene. Disse medlemmer viser
til at Norge ligger lavest i Norden når det gjelder forskningsinnsats
både i pst. av BNP og pr. innbygger, og er bekymret for at regjeringen
ikke synes å mene alvor med målsettingen om at 3 pst. av BNP skal
gå til forskning.
Disse medlemmer mener det er
behov for en sterkere satsing på forskning og utvikling gjennom
vekt på kvalitet, internasjonalisering, sterkere samarbeid mellom
akademia og bedrifter, økt vekt på kommersialisering av forskningsresultater
og økt satsing på forskning og innovasjon i næringslivet. Det er
kvalitet og innovasjon som legger grunnlag for vekst og velstand
i Norge, ikke distriktspolitiske tiltak.
I et lite land i verdens utkant er det ikke
naturlig å tro at vi kan ha verdensledende forskningsmiljøer innen
alle forskningsdisipliner. Disse medlemmer mener
derfor at norsk forskningspolitikk bør prioritere områder der vi
har kompetansefortrinn, næringsstrukturelle fortrinn, naturgitte
fortrinn eller en kombinasjon av disse.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser
til at det betyr at disse medlemmer ønsker å prioritere
områder som olje og gass, maritim/offshore og marin, samt bioteknologisk
forskning. (jf. resultatene fra «Et kunnskapsbasert Norge», av Torger
Reve og Amir Sasson).
Et samfunns forutsetninger for å klare å gjøre forskningsresultater
om til innovasjon er mange, og det finnes kompliserte sammenhenger.
Noen felles kjennetegn for de samfunn, industrier og forskningsmiljøer
som lykkes, finnes det imidlertid. Slike kjennetegn er kompetente
forskningsmiljøer med god mottakskapasitet i industrien i form av
høyt utdannet arbeidskraft og tilgang på risikovillig kapital. Dessverre
kommersialiseres for få av nyvinningene i Norge. Årsakene til dette
er sammensatt, men manglende koordinering av det statlige virkemiddelapparatet
er én av dem. Det tenkes i for stor grad lokalt og regionalt, noe
som går ut over kvalitet og levedyktig innovasjon.
Norsk nærings- og arbeidsliv er kompetansedrevet.
Det krever at vi har utdanningsinstitusjoner som setter kvalitet
i høysetet. Disse medlemmer vil vise til Stjernøutvalgets
forslag om strukturen i høyere utdanning. Konklusjonene fra dette
utvalget var at for å få høyere kvalitet på undervisning og forskning, må
man gå i retning av mer samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon
i sektoren. Evalueringer viser at det er viktig å utvikle meir profilerte
og robuste fagmiljø.
Hos Samordna opptak er antallet studier nær
doblet de ti siste årene, fra 713 i 2001 til 1 321 i 2013. Dette
er et enormt antall for et så lite land som Norge. I tillegg har
vi en svært spredt og fragmentert struktur i UH-sektoren. Eksempelvis
er det 39 institusjoner som tilbyr økonomisk-administrative fag,
28 skoler tilbyr sykepleierutdanning, 17 tilbyr sosiologi og 19 tilbyr
lærerutdanninger. For et land med en befolkning tilsvarende St.
Petersburgs synes det unaturlig med et så høyt antall skoler og
studieretninger. Mye kan tyde på at norske universiteter og forskningsmiljøer
er for lokale. Man må derfor se på strukturen på universitets- og
høyskolesektoren. Kvalitet i tilbudet til studentene skal tillegges
avgjørende vekt.
Videre vil disse medlemmer vise
til Norges forskningsråds evalueringer, som slår fast at det regionale
fokuset og den regionale ressursallokeringen i norsk forskning er
for dominerende og medfører at miljøer som ikke når kritisk masse
allikevel blir opprettholdt.
Disse medlemmer mener en større
andel av forskningsmidlene bør allokeres innenfor rammen av en større
og bredere nasjonal konkurransearena. Nasjonal forskningspolitikk
må ha som hovedmålsetting at størst mulig del av norske forskningsmidler går
til miljøer som leverer internasjonalt relevant forskning og er
kvalifiserte til å delta i internasjonalt forskningssamarbeid.
Disse medlemmer vil derfor legge
ned de regionale forskningsfondene og heller styrke Norges forskningsråds
nasjonale konkurransearenaer.
Komiteens medlemmer fra Høyre
og Kristelig Folkeparti mener det norske utdanningssystemet
ikke er godt nok tilpasset en virkelighet der arbeidstakerne må
ha mulighet til kompetanseheving gjennom hele yrkeslivet. Både offentlig
og privat sektor er i stor grad avhengig av at de ansatte kan heve
sin kompetanse. Disse medlemmer konstaterer at det
ikke er noen selvfølge at høyere utdanningsinstitusjoner i Norge
vil påta seg å tilrettelegge for desentraliserte utdanningstilbud.
Samtidig er det en realitet at deler av Distrikts-Norge har et utdanningsetterslep
og opplever at regioner med høyere utdanningsnivå har et klart konkurransefortrinn. En
mer solid kunnskapsbase i norsk arbeidsliv er viktig for å sikre
norsk konkurransekraft i fremtiden. Disse medlemmer mener
målet må være et norsk utdanningssystem som på alle nivåer kan dekke
behovet for livslang læring for hele befolkningen, hele livet, i
hele landet.
Disse medlemmer viser til at
den digitale verden er i stadig utvikling, og at ny teknologi gir
nye muligheter for distanseundervisning og utdanningsløsninger som
var utenkelig for bare noen få år siden. Disse medlemmer mener
høyere utdanning ikke har maktet å ta ut det potensial som ligger
i IKT-baserte utdanningsløsninger. Selv om mange utdanningssteder
opp gjennom årene har utviklet sine egne løsninger for å ta i bruk
digitale læremidler som et tilbud til elever og studenter som ikke
følger ordinært utdanningsløp, er det en stor utfordring at slike
løsninger ofte ikke fungerer sammen med tilsvarende fra andre institusjoner.
Disse medlemmer mener universitets-
og høyskolesektoren må ta et større ansvar for at norske arbeidstakere
skal få hevet sin kompetanse der man arbeider og bor. Disse
medlemmer har med stor interesse merket seg de muligheter
interaktiv forelesning i sann tid gir for å bruke de beste lærerkreftene til
å forelese for enkeltstudenter og studentgrupper over hele landet.
Dette gir mulighet for å gi både ordinær grunnutdanning og etter-
og videreutdanning til arbeidstagere der de bor, slik man bl.a.
har sett Høgskolen i Telemark drive grunnskolelærerutdanning i Sør-Varanger
kommune.
Disse medlemmer mener en strategi
for et mer fleksibelt og desentralisert utdanningstilbud, støttet
av moderne teknologiløsninger, er et viktig utdanningspolitisk spørsmål
for kompetansenasjonen Norge. Behovet for kvalifiserte medarbeidere
er stort både i offentlig og privat sektor over hele landet, og et
desentralisert tilbud er et viktig bidrag til verdiskaping og trygge
arbeidsplasser også i distriktene. Disse medlemmer viser
til stortingsdebatten om Innst. 174 S (2012–2013), om Høyres representantforslag
om et mer fleksibelt og desentralisert utdanningstilbud, jf. Representantforslag
4 S (2012–2013), der kunnskapsministeren påpekte følgende:
«Vi har en strategi, og den kommer til å bli ytterligere
omtalt i meldingen som kommunal- og regionalministeren skal legge
fram.»
Det er derfor med stor skuffelse disse
medlemmer registrerer at fleksibel og desentralisert utdanning
som et ledd i kompetansebygging i distriktene bare er omtalt i generelle
vendinger og ikke peker på klare strategier for nytenkning og bruk
av de digitale muligheter som i dag er tilgjengelige.