Departementet legg med dette fram eit forslag om
fritak frå meirverdiavgift ved uttak av næringsmiddel som blir leverte
utan vederlag til velgjerande føremål.
Forslaget inneber at avgiftspliktige aktørar
i matbransjen ikkje skal rekne meirverdiavgift på uttak av mat-
og drikkevarer som dei gir bort. Varene må bli leverte vederlagsfritt
til ein mottakar som er registrert i Einingsregisteret. Mottakaren
må dele ut varene på velgjerande grunnlag. Det er foreslått ein
forskriftsheimel for å kunne avgrense nærare kven som kan vere mottakar
av varene og kva som kan reknast som utdeling på velgjerande grunnlag.
Departementet vil dessutan følgje opp forslag om dokumentasjonsreglar i
forskrift.
Bakgrunnen for forslaget er mellom anna arbeidet
til regjeringa med å redusere matsvinn. Meirverdiavgift ved uttak
kan føre til at bedrifter vel å destruere matvarer i staden for
å gi dei bort til velgjerande føremål.
Forslaga i denne proposisjonen er overeins med forslaga
som blei sette fram i høyringsnotat 29. mars 2016.
Departementet legg til grunn at forslaga ikkje
vil få nemneverdige økonomiske eller administrative følgjer.
Departementet viser til forslag om endringar
i meirverdiavgiftslova § 6-19. Departementet foreslår at endringane
i meirverdiavgiftslova tek til å gjelde 1. juli 2016.
Komiteen slutter seg
til regjeringens forslag.