2. Merverdiavgiftsfritak ved uttak av næringsmidler

2.1 Sammendrag

Departementet legg med dette fram eit forslag om fritak frå meirverdiavgift ved uttak av næringsmiddel som blir leverte utan vederlag til velgjerande føremål.

Forslaget inneber at avgiftspliktige aktørar i matbransjen ikkje skal rekne meirverdiavgift på uttak av mat- og drikkevarer som dei gir bort. Varene må bli leverte vederlagsfritt til ein mottakar som er registrert i Einingsregisteret. Mottakaren må dele ut varene på velgjerande grunnlag. Det er foreslått ein forskriftsheimel for å kunne avgrense nærare kven som kan vere mottakar av varene og kva som kan reknast som utdeling på velgjerande grunnlag. Departementet vil dessutan følgje opp forslag om dokumentasjonsreglar i forskrift.

Bakgrunnen for forslaget er mellom anna arbeidet til regjeringa med å redusere matsvinn. Meirverdiavgift ved uttak kan føre til at bedrifter vel å destruere matvarer i staden for å gi dei bort til velgjerande føremål.

Forslaga i denne proposisjonen er overeins med forslaga som blei sette fram i høyringsnotat 29. mars 2016.

Departementet legg til grunn at forslaga ikkje vil få nemneverdige økonomiske eller administrative følgjer.

Departementet viser til forslag om endringar i meirverdiavgiftslova § 6-19. Departementet foreslår at endringane i meirverdiavgiftslova tek til å gjelde 1. juli 2016.

2.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.