Stortinget - Møte onsdag den 21. januar 1998

Dato: 21.01.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 16

Petter Løvik (H): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Opptaksreglane til den nye maritim-tekniske fagskulen krev at søkjar har avlagt fagprøve og fagbrev som matros, fiskar eller motormann. Dei første fagbreva blir avlagde sommaren 1998, lenge etter at søknadsfristen til fagskulen er ute.

Vil statsråden gi overgangsreglar for dette skuleslaget som gjer det muleg å rekruttere søkjarar til den maritime offisersutdanninga?

Statsråd Jon Lilletun: Representanten Løvik tek i dag opp fleire saker som det er greitt for statsråden å kunne svare på i og med at det gjeld absolutt aktuelle tema, og at vi òg kan kvittere dei ganske raskt ut.

Eg er fullt klar over at det ville verte vanskeleg å rekruttere søkjarar til denne utdanninga dersom ein berre skulle ta opp søkjarar med fagbrev etter Reform 94.

I departementet er vi derfor i desse dagar i ferd med å sende ut eit rundskriv om overgangsordningar for teknisk fagskule, linje for maritime fag og fiskerifag. Som ei mellombels ordning vert det høve til å ta opp søkjarar med tre års fartstid om bord, grunnleggjande tryggleiksopplæring og realkompetanse i allmennfaga på VK I-nivå. Realkompetansen kan byggjast opp gjennom tilpassa kurs før eller samstundes med opplæringa i teknisk fagskule. Ordninga skal førebels gjelde for to år.

Petter Løvik (H): Eg vil takke statsråden for endå eit positivt svar. Det ser ut som vi er komne inn i ein god stim, for å halde seg til det maritime språket.

Bakgrunnen for spørsmålet her er i grunnen todelt. Det eine gjeld dei som no får eit fagbrev, men som ikkje får det tidsnok til å søkje. Det andre gjeld ein god del litt eldre elevar som har vore ute i praksis, og som heilt klart vil vere kvalifiserte til å gjere ein dugande jobb i dei maritime næringane. Litt av frykta mi har gått på det som blei sagt om desse krava « eller tilsvarande », og eg er veldig glad for at statsråden no vil kome med overgangsreglar. Han har presisert det til « i desse dagar », og « i desse dagar » er eit tøyeleg omgrep. Eg går ut frå at det betyr at han svært raskt vil kome med reglar som er eintydige, og som alle skulane kan rette seg etter.

Igjen takk til statsråden.

Statsråd Jon Lilletun: Eg kan stadfeste at « desse dagar » betyr svært få dagar.

Rundskrivet har vi gjort klart med omsyn til innhaldet, men rundskrivet er ikkje sendt ut, og eg vil gjerne at representanten Løvik, som har stor kompetanse i forhold til akkurat desse spørsmåla, får høve til å sjå at det som næringa har vore oppteken av, på ein god måte er dekt frå vår side i departementet, så eg vil kome tilbake til representanten Løvik med det.