Ingvald Godal (H):
Eg vil gjerne få
lov til å stille fylgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og
forskingsministeren:
Sesjoneringa i Forsvaret gjev eit godt
bilete av den fysiske forma til norsk ungdom. I seinare år har denne vorte
stadig dårlegare.
Vil statsråden gjera noko for å
motverke dette, til dømes ved å styrke den fysiske fostringa i skulen?
Statsråd Jon Lilletun:
Eg har også
registrert dei siste åra at det i pressa er hevda at ungdomar som kjem til
sesjon, er i dårlegare fysisk form enn tidlegare. Over ein tiårsperiode frå
1987 er rekruttane si fysiske form testa ved inntak til fyrstegongsteneste.
I perioden 1987 til 1995 var det ingen vesentlege endringar. Tala for 1996
viser eit svakare resultat enn for tidlegare år. Tal for 1997 er enno ikkje
klare. Om den fysiske tilstanden i 1996 var eit einskilt tilfelle, er
dermed ikkje klart.
Utviklinga i samfunnet går i ei
retning som krev mindre fysisk aktivitet frå kvar enkelt av oss. Denne
tendensen gjer seg òg gjeldande for dei unge. Å snu livsstilstrendar er
ikkje fort gjort. Det må arbeidast på mange område. Ikkje minst er det ei
utfordring for alle vaksne, som føredøme for dei unge. Skulen har i lang
tid hatt førebyggjande og holdningsskapande arbeid som oppgåve, også på
område som har gått på tvers av det vi populært kallar utviklinga.
Når det gjeld grunnskulen, er det
nettopp innført eit nytt læreplanverk, L97, der kroppsøvingsfaget legg
større vekt på å finne glede i og motivere for allsidig fysisk aktivitet
både i ulike sosiale samanhengar og i idrett og friluftsliv.
I det nye læreplanverket er timetalet
til kroppsøving auka frå 222 til 266 årstimar på mellomsteget, samanlikna
med M 87. Det er òg ein mindre auke på ungdomssteget. Det er lagt større
vekt på auka fysisk aktivitet i mange av dei andre faga, m.a i musikkfaget
og i det nye natur- og miljøfaget.
Stortinget har tidlegare understreka
at oppgåver innafor det førebyggjande og helsefremjande arbeidet må løysast
gjennom tverrsektorielt samarbeid. Som konsekvens av dette er det utarbeidd
ein tverrdepartemental handlingsplan for å førebyggje fysiske problem.
Dessutan samarbeider fem departement om informasjonsprosjektet « Barn i
bevegelse ». Prosjektet skal spreie kunnskap om verdien av og motivere for
allsidig fysisk aktivitet hos barn og unge.
Det er no viktig å samle innsatsen om
arbeidet med å iverksetje det nye læreplanverket, saman med dei tiltaka som
spesielt er sikta inn mot fysisk aktivitet i skule og fritid. Det nye
læreplanverket legg stor vekt på at skulemiljøet må inspirere til og opne
for ein fysisk aktiv skulekvardag, og at også livsstilspørsmål vert tekne
opp i samarbeidet mellom heim og skule. Eg vil òg understreke det som står
i prinsippdelen av det nye læreplanverket om skulen og lokalsamfunnet om
desse spørsmåla, og det kan gjerast meir for å styrkje samarbeidet mellom
skulen og dei lokale idretts- og friluftsorganisasjonane.
Hans J Røsjorde hadde her gjeninntatt
presidentplassen.
Ingvald Godal (H):
Eg takkar for eit
svar som eg synest er rimeleg positivt.
Det er klart at slik utviklinga går,
er det stadig mindre fysisk aktivitet på alle område. Færre går til skulen,
og færre syklar til skulen - det er mindre fysisk aktivitet overalt. No er
det mange som er flinke til å kompensere dette med idrett og andre
aktivitetar, spesielt der heimen er flink til å stimulere til dette. Men
det er òg svært mange som ikkje får slik stimulans. Me ser resultatet av
pølseeting - bleikfeite ungar, som det blir stadig fleire av. Eg trur det
difor er veldig viktig at skulen her ser si oppgåve, for det er berre han
som kan treffe dei ungane som ikkje får den nødvendige stimulansen i heimen.
Eg vil difor berre oppmode statsråden
til å køyre vidare og ta dette skikkeleg på alvor.
Statsråd Jon Lilletun:
Eg vil gjerne
respondere tilbake til spørsmålsstillaren, hr Godal, at eg skal ta den
oppmodinga på ramme alvor. Ein god ting med eit slikt spørsmål er at ein
får gått inn i ei problemstilling og sett seg inn i ho på nytt, og i neste
foredrag i aktuelle samanhengar har ein kanskje med den dimensjonen som kom
fram i spørsmålet. Difor har det òg nytte på det viset at ein i større grad
får ut den typen informasjon og oppmodingar.
Elles må eg nok seie at den
karakteristikken som representanten Godal gav av korleis enkelte ungar
utviklar seg i slutten av skuleåra, òg ramma enkelte av oss vaksne. Der må
eg nok seie at representanten Godal er eit betre føredøme enn statsråden.
Presidenten: Ønsker representanten
Godal ordet til tilleggsspørsmål?
Ingvald Godal (H):
(frå salen) Nei
takk, ikkje etter dette siste.
Presidenten: Det har presidenten
forståelse for.