Stortinget - Møte onsdag den 21. januar 1998

Dato: 21.01.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 17

Ingvald Godal (H): Eg vil gjerne få lov til å stille fylgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Sesjoneringa i Forsvaret gjev eit godt bilete av den fysiske forma til norsk ungdom. I seinare år har denne vorte stadig dårlegare.

Vil statsråden gjera noko for å motverke dette, til dømes ved å styrke den fysiske fostringa i skulen?

Statsråd Jon Lilletun: Eg har også registrert dei siste åra at det i pressa er hevda at ungdomar som kjem til sesjon, er i dårlegare fysisk form enn tidlegare. Over ein tiårsperiode frå 1987 er rekruttane si fysiske form testa ved inntak til fyrstegongsteneste. I perioden 1987 til 1995 var det ingen vesentlege endringar. Tala for 1996 viser eit svakare resultat enn for tidlegare år. Tal for 1997 er enno ikkje klare. Om den fysiske tilstanden i 1996 var eit einskilt tilfelle, er dermed ikkje klart.

Utviklinga i samfunnet går i ei retning som krev mindre fysisk aktivitet frå kvar enkelt av oss. Denne tendensen gjer seg òg gjeldande for dei unge. Å snu livsstilstrendar er ikkje fort gjort. Det må arbeidast på mange område. Ikkje minst er det ei utfordring for alle vaksne, som føredøme for dei unge. Skulen har i lang tid hatt førebyggjande og holdningsskapande arbeid som oppgåve, også på område som har gått på tvers av det vi populært kallar utviklinga.

Når det gjeld grunnskulen, er det nettopp innført eit nytt læreplanverk, L97, der kroppsøvingsfaget legg større vekt på å finne glede i og motivere for allsidig fysisk aktivitet både i ulike sosiale samanhengar og i idrett og friluftsliv.

I det nye læreplanverket er timetalet til kroppsøving auka frå 222 til 266 årstimar på mellomsteget, samanlikna med M 87. Det er òg ein mindre auke på ungdomssteget. Det er lagt større vekt på auka fysisk aktivitet i mange av dei andre faga, m.a i musikkfaget og i det nye natur- og miljøfaget.

Stortinget har tidlegare understreka at oppgåver innafor det førebyggjande og helsefremjande arbeidet må løysast gjennom tverrsektorielt samarbeid. Som konsekvens av dette er det utarbeidd ein tverrdepartemental handlingsplan for å førebyggje fysiske problem. Dessutan samarbeider fem departement om informasjonsprosjektet « Barn i bevegelse ». Prosjektet skal spreie kunnskap om verdien av og motivere for allsidig fysisk aktivitet hos barn og unge.

Det er no viktig å samle innsatsen om arbeidet med å iverksetje det nye læreplanverket, saman med dei tiltaka som spesielt er sikta inn mot fysisk aktivitet i skule og fritid. Det nye læreplanverket legg stor vekt på at skulemiljøet må inspirere til og opne for ein fysisk aktiv skulekvardag, og at også livsstilspørsmål vert tekne opp i samarbeidet mellom heim og skule. Eg vil òg understreke det som står i prinsippdelen av det nye læreplanverket om skulen og lokalsamfunnet om desse spørsmåla, og det kan gjerast meir for å styrkje samarbeidet mellom skulen og dei lokale idretts- og friluftsorganisasjonane.

Hans J Røsjorde hadde her gjeninntatt presidentplassen.

Ingvald Godal (H): Eg takkar for eit svar som eg synest er rimeleg positivt.

Det er klart at slik utviklinga går, er det stadig mindre fysisk aktivitet på alle område. Færre går til skulen, og færre syklar til skulen - det er mindre fysisk aktivitet overalt. No er det mange som er flinke til å kompensere dette med idrett og andre aktivitetar, spesielt der heimen er flink til å stimulere til dette. Men det er òg svært mange som ikkje får slik stimulans. Me ser resultatet av pølseeting - bleikfeite ungar, som det blir stadig fleire av. Eg trur det difor er veldig viktig at skulen her ser si oppgåve, for det er berre han som kan treffe dei ungane som ikkje får den nødvendige stimulansen i heimen.

Eg vil difor berre oppmode statsråden til å køyre vidare og ta dette skikkeleg på alvor.

Statsråd Jon Lilletun: Eg vil gjerne respondere tilbake til spørsmålsstillaren, hr Godal, at eg skal ta den oppmodinga på ramme alvor. Ein god ting med eit slikt spørsmål er at ein får gått inn i ei problemstilling og sett seg inn i ho på nytt, og i neste foredrag i aktuelle samanhengar har ein kanskje med den dimensjonen som kom fram i spørsmålet. Difor har det òg nytte på det viset at ein i større grad får ut den typen informasjon og oppmodingar.

Elles må eg nok seie at den karakteristikken som representanten Godal gav av korleis enkelte ungar utviklar seg i slutten av skuleåra, òg ramma enkelte av oss vaksne. Der må eg nok seie at representanten Godal er eit betre føredøme enn statsråden.

Presidenten: Ønsker representanten Godal ordet til tilleggsspørsmål?

Ingvald Godal (H): (frå salen) Nei takk, ikkje etter dette siste.

Presidenten: Det har presidenten forståelse for.