Stortinget - Møte onsdag den 12. januar 2000 kl. 10

Dato: 12.01.2000

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 13

Rolf Reikvam (SV): Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«I et oppslag i Aftenposten 28. november 1999 blir det vist til en lærebok som benyttes av en privatskole i Bergen. Skolen driver etter den såkalla ACE-pedagogikken. Skolen er godkjent med statstilskudd. Likestillingsombudet gir uttrykk for at innholdet i boka strider mot likestillingsloven. Læreboka utgjør en viktig del av en skoles pedagogiske opplegg og må ligge til grunn ved godkjenning.

Vil statsråden trekke tilbake godkjenningen så lenge en bruker en bok som strider mot norsk lov?»

Statsråd Jon Lilletun: Skulen det her er tale om, nyttar det pedagogiske opplegget ACE. Dei skulane som nyttar dette opplegget, er frå departementet si side ikkje godkjende som fagleg pedagogiske alternativ, men som religiøse alternativ til den offentlege skulen etter privatskulelova § 3 bokstav a. Dei har ein særskild læreplan i kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering.

ACE-skulane skal elles følgje læreplanane for offentlege skular, med enkelte tilpassingar i faga norsk, natur- og miljøfag, samfunnsfag, kroppsøving og musikk.

Skulane kan nytte ACE-læremiddel så langt det er formålstenleg etter dei godkjende læreplanane. Dette følgjer av privatskulelova § 4. Departementet legg til grunn at det ikkje krevst godkjenning av lærebøker som vert brukte i private skular.

I samband med at privatskulelova av 1985 vart vedteken, behandla departementet spørsmålet om godkjenning av læremiddel i Ot.prp. nr. 58 for 1983-84, side 21. Departementet foreslo ikkje føresegner om godkjenning av lærebøker i den nye privatskulelova, men hadde som føresetnad at fagplanane i rimeleg utstrekning vart følgde. Departementet la her avgjerande vekt på omsynet til den frie stillinga skulane har, og at dette også burde gi høve til fritt val av læremiddel.

Eg viser til det som er uttalt i Innst. O. nr. 53 for 1984-85, side 7, der det heiter:

«Under alle omstende skal private skular drivast etter planar som er godkjende av departementet, og fleirtalet finn at dette kravet er tilstrekkeleg for å sikra ein sams undervisningsstandard. Utover dette meiner fleirtalet at omsynet til skulane sin fridom tilseier at dei bør stillast fritt når det gjeld val av læremiddel.

Fleirtalet ser det som ein føresetnad at læremateriellet held seg innanfor dei rammene som er gjevne i norsk lov, og vil særleg peika på dei lovreglar som gjeld diskriminering og likestilling.

Fleirtalet føreset likevel – som departementet – at eit tilsyn med fagplanane i rimeleg omfang vert fylgt.»

Ved godkjenning av private skular med rett til statstilskot legg departementet til grunn at likestillingslova § 7 gjeld.

Fridomen til å nytte eige undervisningsmateriell er presisert overfor ACE-skulane i godkjenningsbreva frå departementet. I desse vedtaka er det òg presisert at på likestillingsområdet skal opplæringa vere i samsvar med læreplanen og lov om likestilling, og at det må takast omsyn til dette ved val av materiell og arbeidsmåtar.

Eg vil elles minne om at statens utdanningskontor fører tilsyn med dei private tilskotsskulane, mellom desse ACE-skulane. Utdanningskontora skal sjå til at lov og andre vilkår blir følgde opp av skulane. Eg har til no ikkje motteke noka melding frå tilsynsorgana som gjer det nødvendig å vurdere godkjenninga til nokon av ACE-skulane.

Rolf Reikvam (SV): Jeg takker for svaret. Jeg føler at det fikk karakter av litt ansvarsfraskrivelse, og det overrasker meg.

Vi har et likestillingsombud som ifølge Aftenposten – jeg forholder meg til Aftenposten og går ut fra at det som står der, er korrekt – er klar med hensyn til at denne læreboka er i strid med loven. Det er det utsagnet som er kommet fra Likestillingsombudet, og vedkommende er satt til å forvalte dette lovverket. Og her har vi en bok som blir brukt som lærebok – jeg forutsetter at Likestillingsombudet er korrekt sitert, og at hun har vurdert dette – og som åpenbart er i strid med norsk lov. Det synes jeg statsråden er nødt til å gå inn i og ta stilling til, og ikke dekke seg bak at han ikke har fått noen henvendelser fra utdanningsdirektøren i Hordaland; han må forholde seg til det som er kommet fram, nemlig at denne boka strider mot norsk lov. En har da to muligheter, slik som jeg ser det: En kan enten kreve at en ikke bruker den læreboka eller si at så lenge skolen bruker den, kan ikke den skolen få statlig støtte. For det må være et minstekrav at disse privatskolene skal følge norsk lov.

Statsråd Jon Lilletun: Det har kome fram eit ynske frå Likestillingsombodet om at det skal vere same type godkjenningsordning for bøker og læremiddel i privatskulane som i den offentlege skulen. Stortinget sa klårt frå då lova vart handsama, at det skal det ikkje vere.

Det er gjeve nokre døme. Det eit tilsynsorgan må sjå til, er at det som er sagt i tilsegnsbrevet, vert følgt òg når det gjeld dette med likestilling. Det som departementet har gjort, og som vi har klårgjort i Stortinget tidlegare, er at vi har systematisert og intensivert tilsynsarbeidet i forhold til desse skulane. På den måten vil det representanten Reikvam er oppteken av, verte teke hand om.

Rolf Reikvam (SV): Jeg aksepterer at disse skolene skal kunne bruke lærebøker som i utgangspunktet ikke er godkjent på samme måten som lærebøker brukt i det offentlige skoleverk. Jeg aksepterer det.

Men hvis det i ettertid viser seg at en privat skole som en del av sitt undervisningsmateriell tar i bruk lærebøker som åpenbart strider mot norsk lov, kan vi ikke akseptere det, uansett om vi har laget et system som i utgangspunktet ikke krever godkjenning. Hvis vi i ettertid får vite at disse skolene bruker lærebøker som strider mot norsk lov, kan vi ikke akseptere det. Jeg regner det som ganske sikkert at denne forsamling – som ikke er så veldig stor akkurat nå – vil si at dette kan vi ikke akseptere. Jeg håper at også statsråden er enig i dette. Og hvis det viser seg at det er korrekt det som Aftenposten har gjengitt, at Likestillingsombudet mener dette og står på dette, antar jeg at statsråden vil gripe inn med sikte på å få stoppet denne læreboka, eventuelt trekke tilbake statstilskuddet.

Statsråd Jon Lilletun: Statsråden er i dialog med Likestillingsombodet om desse sakene.

Det er klårt at eg saksbehandlar ikkje enkeltbøker – eller skular for den saka sin del – frå Stortingets talarstol. Vidare er det klårt at det i undervisningstilfanget til ein skule heilt opplagt vil verte brukt både tidsskrift, bøker og aviser som har haldningar og meiningar som går på tvers av det som er norsk lov. Det må det vere fullt tillate at ein gjer. Men dersom det skulle vere autoritativt, at det var det som på ein måte var linja i undervisninga, er eg sjølvsagt samd med representanten Reikvam i at det ikkje kan aksepterast. Difor står eg fast ved at her har vi eit tilsynssystem, og det skal vi syte for fungerer på ein god måte.