Stortinget - Møte onsdag den 12. januar 2000 kl. 10

Dato: 12.01.2000

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 14

Eirin Faldet (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Hedmark fylke har fått en merkostnad på ca. 3 mill. kroner som følge av de nye statlige reglene for skoleskyss til elever i videregående skole.

Hva mener statsråden om dette?»

Statsråd Jon Lilletun: Elevar i den vidaregåande skulen har i mange år hatt lovfesta rett til gratis skuleskyss når dei bur i ein viss avstand frå skulen. I 1994 vedtok Stortinget ei presisering om at dersom ikkje fylkeskommunen tilbyr gratis skyss, skal elevane ha full skyssgodtgjersle. Den gongen stod desse reglane i velferdslova. Bakgrunnen for lovendringa var ein dom frå Eidsivating lagmannsrett som slo fast at praksisen i enkelte fylkeskommunar med å krevje eigendel ved skyss var i strid med lova. Stortinget sitt fleirtal føresette den gongen at òg kostnadene til skuleskyss for elevar i den vidaregåande skulen skulle dekkjast av den einskilde fylkeskommunen innanfor vedtekne rammer.

Då velferdslova vart oppheva, vedtok Stortinget i 1998 at lovreglane om gratis skyss og full skyssgodtgjersle skulle leggjast inn i den nye opplæringslova. Sjølv om opplæringslova, som tok til å gjelde 1. august 1999, var ei ny lov, var altså reglane om skyss ikkje nye, men berre ei vidareføring av dei lovreglane vi hadde hatt i fleire år.

Fordi fylkeskommunane sjølve tolka lovreglane om full skyssgodtgjersle så ulikt, og ein dermed fekk ein vedvarande debatt om kva som var deira forpliktingar, bad Kommunenes Sentralforbund departementet om å presisere reglane i forskrift.

Etter ei brei høyring tok ny forskrift til å gjelde frå 12. august 1999. Forskrifta er ei presisering innanfor lovretten til gratis skyss eller full skyssgodtgjersle når elevane bur meir enn 6 km frå skulen. På denne bakgrunnen skulle ikkje den nye forskrifta innebere auka kostnader for fylkeskommunane. Den satsen som fylkeskommunane skal nytte for skyssgodtgjersle, er i forskrifta sett lik den satsen ein i 1997 fekk forskriftsfesta for dekking av utgifter ved reise for undersøking og behandling i folketrygdsamanheng. Eg vil minne om at denne satsen berre gjeld når ein fylkeskommune ikkje sjølv vel å stå for transporten. Elevane kan altså ikkje krevje å få godtgjersle framfor gratis skyss.

Eg er kjend med at fylkeskommunane før forskrifta tok til å gjelde, gav ulik skyssgodtgjersle. Somme av fylkeskommunane gav skyssgodtgjersle ut frå ein pårekna rutebiltakst for dei strekningane der det ikkje er offentleg transporttilbod. Dette dekte ikkje fullt ut kostnadene ved eigen skyss. Andre gav skyssgodtgjersle etter høgare satsar. Etter mi vurdering skulle altså ikkje forskrifta føre til auka kostnader for fylkeskommunane i forhold til den retten som følgjer av lova. Om Hedmark fylkeskommune no meiner at dei har fått auka utgifter til elevskyss på grunn av dei nye forskriftene, kan det skuldast at Hedmark i tida før vi fekk den nye forskrifta ikkje har halde seg til lovregelen om full skyssgodtgjersle for elevar i den vidaregåande skulen. Det vil seie at elevane i Hedmark har fått eit betre tilbod enn før, eit tilbod som no tilsvarar det ein har i andre fylkeskommunar.

Eirin Faldet (A): Jeg takker statsråden for svaret, men må si at det egentlig samsvarer ganske dårlig med det virkelige liv i Hedmark. Fylkeskommunen er gjennom opplæringsloven pliktig til å skaffe skyss. Dersom elever ikke kan kjøre selv eller har foreldre eller foresatte som kan kjøre, er fylkeskommunen pliktig til å skaffe drosje eller annen skyss.

Hedmark gav tidligere elevene skyssgodtgjørelse tilsvarende månedskorttakst på buss, det utgjorde ca. 80-90 øre pr. km. I dag er utgiftene økt fra 80-90 øre til 1,55 kr pr. km med eget skyssmiddel og fra 80-90 øre til 6 kr pr. km for drosje. I beste fall blir de økte utgiftene til denne ordningen 3 mill. kr, i verste fall kan Hedmark fylkeskommune bli påført en merkostnad på 20 mill. kr. Jeg mener at dette er statsrådens ansvar. Vil han ta det ansvaret?

Statsråd Jon Lilletun: Fyrst vil eg presisere at det er Kommunenes Sentralforbund som har bede om denne forskrifta, då det var ulik tolking av lova og ein del rettssaker gav som resultat at fylkeskommunen fekk dramatisk høge utgifter nokre stader i landet. Det var grunnlaget for at dei bad oss om å lage ei forskrift.

Når det gjeld Hedmark fylkeskommune, må representanten Faldets påstand byggje på ei misforståing, for det er jo ikkje slik at vi endrar noko som helst der fylkeskommunen sjølv syter for skyss via eigne transportmiddel, buss e.l. Dette dreier seg om dei tilfella der det er dei føresette sjølve som står for skyssen, det er der ein har fått tilsvarande takst som f.eks. folketrygda nyttar. Eg skal ikkje påstå at det ikkje i dette tilfellet kan slå ut på ein slik måte at det kan bli auka utgifter, då eg ikkje kjenner til kva takst ein har hatt før, men den forståinga representanten Faldet hadde av forholdet, må byggje på ei misforståing.

Eirin Faldet (A): Hamar Arbeiderblad kan i dag avdekke at enkelte elever faktisk får mellom 70 000 og 100 000 kr i året i tilskudd for å kjøre bil til og fra skolen, og andre bruker drosje til 6 kr. pr. km når de ikke har egen bil og fylkeskommunen ikke har noe ordinært busstilbud. Det er bekymringsfullt at staten nå har endret reglene for skoleskyss slik at fylkeskommunen påføres store økonomiske uttellinger uten at det følger penger med fra staten. Denne forskriftsendringen vil medføre så store kostnadsøkninger at det vil måtte gå ut over det ordinære busstilbudet i fylket. Når Hedmark fylke nå kan dokumentere at fylket får en økonomisk belastning – for det kan de – vil jeg be statsråden på nytt se på konsekvensene av forskriftsendringen og sørge for at Hedmark fylkeskommune får en samtale hvor man kan dokumentere dette og legge det fram for statsråden, slik at det kan ryddes opp i eventuelle misforståelser.

Statsråd Jon Lilletun: Det siste kan sjølvsagt imøtekomast. Vi tek alltid gjerne samtalar for å sjå om der er misforståingar. Men eg gjentek at grunnen til at denne forskrifta kom, eine og aleine var at Kommunenes Sentralforbund bad om klarare presiseringar for å unngå det uføret som ein del fylkeskommunar hadde kome i i forhold til dei rettssakene dei hadde vore oppe i ut frå si tolking av lova. Vi følgde opp det som Kommunenes Sentralforbund bad om, og det har vi gjort ved å setje takstane lik takstane til folketrygda. Det kan slå ulikt ut fylkeskommunane imellom, men som eg starta med: Vi er sjølvsagt opne for å ha ein samtale med Hedmark i forhold til praktiseringa og konsekvensane av denne forskrifta.

Presidenten: Presidenten konstaterer at statsråden foretrekker mange små samtaler fremfor den store samtalen.