Stortinget - Møte onsdag den 7. mars 2007 kl. 10

Dato: 07.03.2007

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 9

Borghild Tenden (V) [12:32:17]: Jeg vil stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«I etterkant av raset i Hanekleivtunnelen ble det nedsatt en undersøkelsesgruppe som nå har avlevert sin rapport. I Stortingets spørretime den 14. februar sa samferdselsministeren at hun ville avvente rapporten før hun tok stilling til om det bør opprettes et frittstående veitilsyn. Venstre mener at rapporten avdekker behovet for et frittstående veitilsyn.

Er statsråden enig i dette?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:32:41]: Representanten Tenden har i fleire samanhengar stilt spørsmål og fremja forslag om at det på bakgrunn av raset i Hanekleiva må etablerast eit frittståande vegtilsyn, noko regjeringa Venstre sat i til 2005, gjekk imot. Ho refererer sjølv til eit oppfølgingsspørsmål ho stilte i Stortingets spørjetime for tre veker sidan, i tillegg til at ho 10. januar i år var ein av dei som la fram eit Dokument nr. 8-forslag om det same. Transport- og kommunikasjonskomiteen skal etter planen leggje fram innstillinga si om dette forslaget i morgon, og saka skal til debatt i Stortinget 20. mars.

Eg har fleire gonger, bl.a. i brev til transport- og kommunikasjonskomiteen og munnleg i Stortingets spørjetime orientert om at Stortinget skal få fyldig informasjon om Hanekleiva-saka og få høve til å diskutere alle sider ved ho. Som det går klart fram av brevet mitt datert 26. januar 2007 til transport- og kommunikasjonskomiteen, vurderer eg det slik at problemstillingar knytte til kontroll og tilsyn er ein viktig del av ei slik framstilling til Stortinget. Det er derfor høveleg å drøfte oppretting av eit vegtilsyn i denne samanhengen. Som ein del av ei slik framstilling og drøfting vil erfaringar både frå andre transportgreiner og frå andre land vere heilt opplagde element.

I det same brevet har eg òg vist til at Regjeringa planlegg å leggje fram ei slik sak for Stortinget i ein samleproposisjon frå Samferdselsdepartementet, som skal leggjast fram samstundes med revidert nasjonalbudsjett i mai i år.

Borghild Tenden (V) [12:34:14]: Jeg takker statsråden for svaret.

Ifølge Jarlsberg Avis fortsetter tunnelarbeidet sør for Kopstad og på E18 mellom Kopstad og Gulli akkurat som i Hanekleivtunnelen. Under samme prosjektleder tilkalles geologer bare når tunnelfolkene mener det er behov. Dette var noe av kritikken i etterkant av raset i Hanekleivtunnelen. Kjenner statsråden til dette? Og i så fall: Synes hun det er greit?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:34:51]: Eg har tillit til at dei prosessane som skjer rundt bygging av tunnelar er tilfredsstillande ut frå sikkerheitsomsyn. Ikkje minst etter raset i Hanekleiva og hendingane der må eg understreke at det har vore framført i fleire rundar frå Statens vegvesen at dette skal tilleggjast vekt. Det er ingen grunn til å tru at så ikkje vert gjort.

Eg har ikkje sjølv følgt bygginga av den enkelte tunnel, det er ikkje vanleg at statsrådar gjer det. Men dei opplysningane som vert lagde fram her, og som har kome gjennom media, skal eg sjølvsagt kvalitetssikre. Eg skal òg forsikre meg om at den nødvendige kvalitetssikringa ved bygging av desse tunnelane vert gjord.

Borghild Tenden (V) [12:35:43]: Jeg takker statsråden for det.

Samferdselsministeren har fått kritikk for manglende åpenhet bl.a. av Rådgivende Ingeniørers Forening. De ønsker å stille sin ekspertise til disposisjon, men forutsetningen for det er større åpenhet fra Statens vegvesens side. På hvilken måte vil samferdselsministeren bidra til bedre samspill mellom Vegvesenet og bransjen?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:36:15]: Eg kalla inn både Rådgivende Ingeniørers Forening, Maskinentreprenørenes Forbund og – kva heiter det? – den organisasjonen som organiserer dei større entreprenørane, til eit møte på mitt kontor den 21. februar. På det møtet hadde me ein veldig god debatt. Eg inviterte alle som var der, til å kome med skriftlege innspel i etterkant av møtet. Maskinentreprenørenes Forbund har gjort det, dei har kome med gode innspel i etterkant. Rådgivende Ingeniørers Forening har i staden gått ut med ei pressemelding der dei skuldar statsråden for å drive med lukka prosessar. Eg finn det underleg sett i lys av at dei hadde alle moglegheiter til å uttale seg på møtet, og at dei har ein open og ståande invitasjon til ein god dialog i tida framover. I det møtet oppmoda eg òg partane til å forsterke samarbeidet med Statens vegvesen. Eg opplevde at det var tilslutnad til det, og at ein skulle forbetre samarbeidet.