Borghild Tenden (V) [12:32:17]: Jeg vil stille følgende spørsmål
til samferdselsministeren:
«I etterkant av raset i Hanekleivtunnelen
ble det nedsatt en undersøkelsesgruppe som nå har
avlevert sin rapport. I Stortingets spørretime den 14.
februar sa samferdselsministeren at hun ville avvente
rapporten før hun tok stilling til om det bør
opprettes et frittstående veitilsyn. Venstre
mener at rapporten avdekker behovet for et frittstående
veitilsyn.
Er statsråden enig i dette?»
Statsråd Liv Signe
Navarsete [12:32:41]: Representanten Tenden har i fleire samanhengar
stilt spørsmål og fremja forslag om at det på bakgrunn
av raset i Hanekleiva må etablerast
eit frittståande vegtilsyn, noko regjeringa Venstre
sat i til 2005, gjekk imot. Ho refererer sjølv til eit oppfølgingsspørsmål
ho stilte i Stortingets spørjetime for tre veker sidan,
i tillegg til at ho 10. januar i år var ein av dei som
la fram eit Dokument nr. 8-forslag om det same. Transport- og kommunikasjonskomiteen
skal etter planen leggje fram innstillinga si om dette
forslaget i morgon, og saka skal til debatt i Stortinget
20. mars.
Eg har fleire gonger, bl.a. i brev til transport-
og kommunikasjonskomiteen og munnleg i Stortingets spørjetime
orientert om at Stortinget skal få fyldig informasjon om
Hanekleiva-saka og få høve til å diskutere alle
sider ved ho. Som det går klart fram av brevet mitt datert
26. januar 2007 til transport- og kommunikasjonskomiteen, vurderer
eg det slik at problemstillingar knytte til kontroll og tilsyn er
ein viktig del av ei slik framstilling til Stortinget. Det er derfor
høveleg å drøfte oppretting av eit vegtilsyn
i denne samanhengen. Som ein del av ei slik framstilling og drøfting
vil erfaringar både frå andre
transportgreiner og frå andre land vere
heilt opplagde element.
I det same brevet har eg òg
vist til at Regjeringa planlegg å leggje fram ei slik sak
for Stortinget i ein samleproposisjon frå Samferdselsdepartementet,
som skal leggjast fram samstundes med revidert nasjonalbudsjett
i mai i år.
Borghild Tenden (V) [12:34:14]: Jeg takker statsråden for svaret.
Ifølge Jarlsberg Avis fortsetter
tunnelarbeidet sør for Kopstad og på E18 mellom
Kopstad og Gulli akkurat som i Hanekleivtunnelen. Under samme prosjektleder
tilkalles geologer bare når tunnelfolkene mener
det er behov. Dette var noe av kritikken i etterkant av raset i
Hanekleivtunnelen. Kjenner statsråden til dette? Og i så fall:
Synes hun det er greit?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:34:51]: Eg har tillit til at dei prosessane som skjer
rundt bygging av tunnelar er tilfredsstillande ut frå sikkerheitsomsyn.
Ikkje minst etter raset i Hanekleiva
og hendingane der må eg understreke at det har vore
framført i fleire rundar frå Statens vegvesen
at dette skal tilleggjast vekt. Det er ingen grunn til å tru
at så ikkje vert gjort.
Eg har ikkje sjølv følgt
bygginga av den enkelte tunnel, det er ikkje vanleg at
statsrådar gjer det. Men dei opplysningane som vert lagde
fram her, og som har kome gjennom media, skal eg sjølvsagt
kvalitetssikre. Eg skal òg forsikre meg om at den nødvendige
kvalitetssikringa ved bygging av desse tunnelane vert gjord.
Borghild Tenden (V) [12:35:43]: Jeg takker statsråden for det.
Samferdselsministeren har fått kritikk
for manglende åpenhet bl.a. av Rådgivende Ingeniørers
Forening. De ønsker å stille sin ekspertise
til disposisjon, men forutsetningen for det er større åpenhet
fra Statens vegvesens side. På hvilken måte
vil samferdselsministeren bidra til bedre samspill mellom
Vegvesenet og bransjen?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:36:15]: Eg kalla inn både Rådgivende
Ingeniørers Forening, Maskinentreprenørenes Forbund
og – kva heiter det? – den organisasjonen som
organiserer dei større entreprenørane, til eit møte
på mitt kontor den 21. februar. På det møtet
hadde me ein veldig god debatt. Eg inviterte alle som
var der, til å kome med skriftlege innspel i
etterkant av møtet. Maskinentreprenørenes Forbund
har gjort det, dei har kome med gode innspel
i etterkant. Rådgivende Ingeniørers Forening
har i staden gått ut med ei pressemelding der dei skuldar
statsråden for å drive med lukka prosessar. Eg
finn det underleg sett i lys av at dei hadde alle moglegheiter
til å uttale seg på møtet, og at dei
har ein open og ståande invitasjon til ein god dialog
i tida framover. I det møtet oppmoda eg òg
partane til å forsterke samarbeidet
med Statens vegvesen. Eg opplevde at det var tilslutnad til det,
og at ein skulle forbetre samarbeidet.