Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Regjeringskabalen

Spel dykk gjennom regjeringsforhandlingane i klasserommet! Stortingets administrasjon har i samarbeid med partia på Stortinget utvikla eit digitalt læringsspel for elevar i vidaregåande skole.

Om spelet

Regjeringskabalen er eit digitalt læringsspel utvikla for klassar i vidaregåande skole. Målet med spelet er at elevane, som representerer parti på Stortinget, skal danne ei fleirtalsregjering, basert på resultatet frå stortingsvalet i 2021.

Elevane si oppgåve i spelet er å forhandle fram ei fleirtalsregjering. I løpet av spelet må elevane, innetter i partia, bli einige om kva hjartesaker dei skal kjempe for, og utetter må dei inngå kompromiss og finne løysingar i forsøket på å oppnå politisk gjennomslag og regjeringsmakt.

Praktisk informasjon

Regjeringskabalen passar for alle trinn i vidaregåande skole. Alle klassar kan spele det, frå 5 til 35 elevar. Spelet blir gjennomført ved at klassen blir delt inn i fem, sju eller ni grupper. Spelet varer om lag 45–90 minutt, avhengig av kor mykje tid læraren ønskjer å bruke på diskusjon og forklaringar undervegs i spelet.

Spelet føreset følgjande utstyr/fasilitetar: éin berbar pc/nettbrett per gruppe, stabilt nettverk og utstyr for å vise informasjon og film på ein storskjerm eller lerret i fellesskap.

Vanskegraden i spelet kan regulerast på fleire måtar. Vanskegraden aukar jo fleire parti/grupper som er i spel. Refleksjonsoppgåvene på den siste sida gjev læraren moglegheit til å trekkje linjer frå spelet over til diskusjonar om dagens situasjon.

Hjelpemiddel/ressursar til gjennomføring:

Vi har ikkje høve til å hjelpe til undervegs i gjennomføringa, men dersom du har tilbakemeldingar eller tankar om korleis løysinga kan bli endå betre, send oss gjerne ein e-post.

Sist oppdatert: 06.04.2022 09:07
: