Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Odelstinget har samrøystes vedteke ei endring av pasientskadeloven som opnar for at Kongen i forskrift kan gi nærmare reglar om dekking av advokatutgifter ved pasientskader, mellom anna reglar om at statens offentlege salærsatsar skal brukast. Odelstinget har med røystene til Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre vedteke ei endring i pasientskadeloven som inneber at ein advokat som tek på seg eit oppdrag for ein klient som ønskjer å fremje eit krav mot Norsk pasientskadeerstatning (NPE), eller som klagar på NPEs vedtak til Pasientskadenemnda, ikkje kan ta imot betaling etter høgare timesatsar enn den offentlege salærsatsen. Odelstinget har samrøystes vedteke at søksmålsfristen for domstolsprøving av vedtak i Pasientskadenemnda forlengjast frå fire til seks månader. Lovendringane gjeld frå det tidspunktet Kongen fastset.
Lovsaken er ferdigbehandlet
Innstilling avgitt 20.11.2008
Behandlet i Odelstinget: 25.11.2008
Behandlet i Lagtinget: 04.12.2008