Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Meldinga presenterer måla for regjeringa sin politikk for ein aktiv og berekraftig frivillig sektor og dei overordna tiltaka som må til for å nå desse måla. Komiteen er samd i at frivilligheita er avgjerande for eit fritt og demokratisk samfunn for alle, med fungerande fellesskap. Komiteen støttar regjeringa sin intensjon om å forenkle samhandlinga mellom frivillige sektor og det offentlege gjennom digitalisering. Regjeringa vil trappe opp momskompensasjonsordninga til 1,8 mrd. kroner i 2021. Samstundes vil regjeringa sjå nærare på korleis ordninga fungerer i samanheng med andre tilskotsordningar. A, SV og Sp sitt framlegg om å gjere om meirverdiavgiftskompensasjonen til frivillige organisasjonar til ei regelstyrt ordning, der prosentandelen som vert refundert vert trappa opp jamnleg slik at den er på 100 pst. om fire år, fekk ikkje fleirtal. Det gjorde heller ikkje dei andre mindretalsforslaga som vart fremja i saka.
Innstilling avgitt 30.04.2019
Behandlet i Stortinget: 16.05.2019