Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Alderspensjon under utbetaling skal regulerast med gjennomsnittet av lønns- og prisvekst. Grunnbeløpet (G) regulerast i samsvar med lønnsveksten. Lønnsveksten i 2023 vart anslått til 5,25 pst. Det vart lagt til grunn ein forventa lønnsvekst i 2022 på 3,7 pst. Ifølgje førebelse tal vart årslønnsveksten 4,3 pst. i 2022, som skal takast omsyn til i årets regulering. Lønnsvekst for 2021 er fastsatt til 3,5 pst., og det ligg ikkje føre avvik dei to siste åra. Samla årleg lønnsvekst i 2023 er på 5,88 pst. Veksten i G frå 1. mai vert 6,41 pst. Det gjennomsnittlege G blir auka frå 109 784 kr i 2022 til 116 239 kr i 2023. Nytt G frå 1. mai 2023 er 118 620 kr. Det er eit avvik i prisveksten for 2022 på 2,4 som skal takast omsyn til i årets regulering. Samla prosentvis prisvekst i 2023 er 7,93 pst. Gjennomsnittet av lønns- og prisvekst er 6,91 pst. Den prosentvise auken i alderspensjon under utbetaling og satsane for minste pensjonsnivå og garantipensjon er 8,54 pst. frå 1. mai.
Innstilling avgitt 08.06.2023
Debattert i Stortinget 15.06.2023
Votert i Stortinget 15.06.2023