Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Lønnsveksten i 2025 vart anslått til 4,4 pst. Ifølgje førebelse tal vart årslønnsveksten 5,6 pst. i 2024. Det ligg føre eit positivt avvik eit år tilbake i tid på 0,4 prosentpoeng, som det skal takast omsyn til i årets regulering. Det ligg ikkje føre avvik to år tilbake i tid. Dette gir ein samla årleg lønnsvekst i 2025 på 4,82 pst. Veksten i grunnbeløpet frå 1. mai vert 4,94 pst. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka frå 122 225 kroner i 2024 til 128 116 kroner i 2025. Nytt grunnbeløp frå 1. mai 2025 er 130 160 kroner. Veksten i konsumprisane i 2025 er anslått til 2,8 pst. Faktisk prisvekst i 2024 er fastsett til 3,1 pst. Det er eit negativt avvik i prisveksten for 2024 på 0,8 prosentpoeng som skal takast omsyn til i årets regulering. Samla prosentvis prisvekst i 2025 er 1,98 pst. Gjennomsnittet av lønns- og prisvekst er 3,40 pst. Den prosentvise auken i alderspensjon under utbetaling og satsane for minste pensjonsnivå og garantipensjon er 3,71 pst. frå 1. mai.
Innstilling avgitt 11.06.2025
Debattert i Stortinget 19.06.2025
Votert i Stortinget 19.06.2025