Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Plenumsmøtet i Europaparlamentet

På det fyrste av to plenumsmøtar som Europaparlamentet har i Strasbourg i oktober, var sentrale saker det kommande toppmøtet, langtidsbudsjettet, levekostnadar og bustadkrisa. Debattane om desse tema var delvis overlappande. Eit fleirtal i Parlamentet ynskjer eit ambisiøst langtidsbudsjett og at dette skal finansierast med fleire direkte inntekter. Parlamentet vedtok ein tilråding om tilhøvet til Kina og tok til orde for ny lovgjeving som skal sikre betre vern av arbeidstakarars psykiske og fysiske helse.

Frigjeven fange, falske nakenbilete og støtte til den internasjonale straffedomstolen
Ved opninga av møtet måndag uttrykte parlamentspresident Roberta Metsola glede over at vinnaren av Sakharov-prisen i 2024, Gubad Ibadoghlu, var sett fri frå fengselet i Aserbajdsjan. Ho informerte om at Metsola fortalde at 60 parlamentsmedlemmar, vesentleg kvinner, hadde vorte råka av nettsider som spreier falske nakenbilete. Dette er eit uakseptabelt åtak på folkevalde politikarar. Ho oppmoda medlemsstatane til å sikre at forbodet mot appar som kan brukast til å lage slike bilete, blir effektivt handheva når det trår i kraft 2. desember. Gerben-Jan Gerbrandy (Renew, Nederland) viste til at president Trump under FNs høgnivåveke hadde gått til åtak på Den internasjonale straffedomstolen. Gerbrandy oppmoda EU om å stå opp for å domstolen.

Debatt om det kommande EU-toppmøtet
Den irske Europaministeren og kommisjonspresident Ursula von der Leyen deltok tysdag morgon i ein debatt om EU-toppmøtet i Brussel 15. – 16. oktober. Byrne informerte om dagsorden for møtet til EUs stats- og regjeringsjefar. Den omfattar konkurranseevne og styrking av den indre marknaden, støtte til Ukraina og auka press mot Russland, EUs neste langtidsbudsjett, sikkerheit og forsvar, migrasjon, situasjonenen i Midt-Austen og utviding og reform.

Von der Leyen brukte sitt hovudinnlegg til å snakke om energiprisar og langtidsbudsjettet. I situasjonen med dei høge energiprisane er det nødvendig både med kortsiktige og langsiktige tiltak. Ho tok til orde for målretta tiltak retta mot svake grupper og åtvara mot generelle tiltak som omfattar alle. Slike tiltak vil vere dyre og dei vil auke etterspørselen i ein situasjon der det er global mangel på diesel og bensin. EU må arbeide for å bli mindre avhengig av importert energi fordi det betyr import av eksterne kriser og prissjokk. EU må auke eigenproduksjonen av energi, spesielt fornybar. I den samanheng er nettpakken som skal sikre betre overføringskapasitet i Europa viktig for å sikre at energien kan utnyttast meir effektivt. Kommisjonspresidenten åtvara mot å kutte i EUs langtidsbudsjett og sa eit ambisiøst budsjett er nødvendig for å møte dei mange utfordringane EU står overfor. Ho tok samstundes til orde for å finansiere ein større del av budsjettet med direkte inntekter, ofte omtalt som eigne ressursar.

I runden med kommentarar frå dei politiske gruppene var det også mange som snakka om energi og langtidsbudsjettet. Sentrum høgre (EPP) la vekt på at EU må ta ei leiarrolle for å sikre liberale demokrati. Det krev orden i eige hus. EU må føre ein politikk som beskyttar innbyggjarane, fremjar konkurranseevne og innovasjon og stå opp for rettsstat og menneskerettar. Dette krev eit langtidsbudsjett som er stort nok til å møte utfordringane. Også sentrum venstre (S&D) tok til orde for ei ambisiøst budsjett og sa EU ikkje kan gjere meir med mindre ressursar. Gruppa sa den vektlegg utjamning og solidaritet og tok også til orde for skattlegging på superprofitten til energiselskap.

Ytre høgre-gruppa (PfE) framheva at EU har store utfordringar knytt til energiprisar, migrasjon og at innbyggjarane kjenner seg utrygge. Gruppa sa EU står for sentralisering, byråkrati og ideologisk politikk. Den meinte også at medan den førre regjeringa i Ungarn vart kritisert for rettsstatsbrot, får ikkje den nåverande regjeringa kritikk for liknande politikk.

Den konservative gruppa (ECR) la spesielt vekt på dei høge energiprisane. Den sa seg samd med von der Leyen i at EU må bli meir uavhengig av importert energi, men understreka at dette betyr satsing både på fornybar energi og kjernekraft. Ytre høgre-gruppa (ESN) tok også til orde for å satse på kjernekraft. Den viste til at von der Leyen hadde vore del av regjeringa som hadde avvikla kjernekraft i Tyskland.

Den liberale gruppa (Renew) var opptatt av at handelen med andre land, spesielt Kina, må foregå på like vilkår. Parlamentet vedtok elles tilråding om tilhøve til Kina, jf. omtale nedanfor. Gruppa sa seg samd i at det ikkje er akseptabelt med kutt i langtidsbudsjettet og sa det er nødvendig å auke inntektene frå eigne ressursar. Også den grøne gruppa var samd i dette. Den brukte elles sitt hovudinnlegg til å kritisere Kommisjonen for ikkje å ha vore tydelegare i støtta til dei såkalla flamingodemonstrasjonane i Albania. Det er viktig at EU signaliserer tydeleg at den  står saman med demonstrantane mot korrupsjon og lukka vedtaksprosessar også i kandidatlanda.

Ytre venstre (The Left) var opptatt av høge levekostnadar og bustadmangel i Europa og tok til orde for tiltak mot dette, jf. også omtale nedanfor.

Neste langtidsbudsjett
Den irske europaministeren Thomas Byrne og budsjettkommissær Piotr Serafin deltok onsdag i ein debatt om det kommande langtidsbudsjettet for perioden 2028-2034. Byrne sa semje om budsjettet er den viktigaste målsettinga for det irske formannskapet og at Irland vil leggje fram eit nytt samla kompromissframlegg for budsjettet 10. oktober. Det er viktig å oppnå semje så snart som råd slik at dei ulike elementa i budsjettet kan implementerast i tid. Framlegget til kompromiss vil vere ein balanse mellom ulike omsyn, og han sa dette nødvendigvis vil medføre at ingen vil vere heilt nøgde. Det er i stor grad semje om kva utfordringar EU står overfor og det er viktig med ei budsjett som speglar dei felles ambisjonane. Dette vil også krevje nye, eigne ressursar, det vil seie direkte fellesinntekter til budsjettet.

Budsjettkommissæren sa EU har store utfordringar knytt til mellom anna konkurranseevne, sikkerheit og forsvar og at det er semje om dette blant medlemslanda. Det er derfor nødvendig med ei modernisering av budsjettet. Medlemsstatane ser for snevert på kor mykje dei betalar inn og kor mykje dei får tilbake. Dette er ei feil tilnærming fordi budsjettet handlar om å løyse utfordringar ingen land kan løyse aleine. Også Serafin understreka målet om ei rask semje om budsjettet.

I debatten var partia i sentrum samde om at EU treng eit ambisiøst budsjett for å løyse dei mange store utfordringane framover. Sentrum høgre (EPP) viste til at nasjonale budsjett har hatt ein kraftig vekst dei siste åra og at det derfor er rimeleg at også EUs budsjett veks. Det er viktig med eigne ressursar for å sikre dette. Sentrum venstre (S&D) peikte på at justert for inflasjonen er framlegget til Kommisjonen moderat og sa det er derfor Europaparlamentet har teke til orde  for å auke ramma. Det er viktig både å fremje konkurranseevne, men også utjamningspolitikk og andre prioriteringar. Den liberale gruppa var samd i målet om eit ambisiøst budsjett. Dette krev eigne inntekter. Kutt er uaktuelt fordi det er nødvendig å styrke innsatsen mellom anna på forsvar, helse og konkurranseevne. Den grøne gruppa sa budsjettet er ein viktig reiskap for å fremje klimaomstilling, sosiale utjamning og konkurranseevne. Gruppa oppmoda medlemslanda om ikkje å ri nasjonale kjepphestar og i staden prioritere eit budsjett som fremjar europeiske interesser.

Den konservative gruppa (ECR) la vekt på at det er viktigare å drøfte korleis pengane blir brukt enn storleiken på budsjettet i seg sjølv. Det er viktig å fremje vekst og sysselsetting. Den grøne omstillinga er årsaka til dei høge energiprisane i Europa. Støtta til utjamning, regionalpolitikk og landbruk må oppretthaldast.

Ytre høgre-gruppa (PfE) meinte på si side at utfordringane ikkje minst skuldast byråkrati og kritiserte også frihandelsavtaler og framlegg om redusert landbruksstøtte. Gruppa meiner også ein timeplan som medfører budsjettsemje før presidentvalet i Frankrike neste år, vil vere udemokratisk. Den andre ytre høgre-gruppa (ESN) sa EUs budsjett er enormt. EU har store utfordringar, men har feil tilnærming. Det er nødvendig å redusere utgiftene og ikkje finansiere ideologiske idear med eigne ressursar. I staden bør pengane kontrollerast nasjonalt.

Ytre venstre-gruppa (The Left) sa den ikkje kan godta eit langtidsbudsjett som prioriterer forsvar framfor landbruk, fiskeri, distrikt og utjamning og som ikkje svarar på dei sosiale utfordringane. Den meinte framlegget til budsjett vil auke skilnadane mellom medlemslanda og at eigne ressursar vil forsterke dette fordi dei rikaste landa da vil betale mindre inn til budsjettet. Gruppa er kritisk til å kople budsjettstøtte til krav om nasjonale strukturreformar og omtalte slike vilkår som utpressing.

Levekostnadar og bustadkrise
Den irske europaministeren, Thomas Byrne, deltok også i ein debatt om levekostnadssituasjonen i Europa. Her var det energi- og bustadkommissær Dan Jørgensen som representerte Europakommisjonen. Byrne understreka at folk i heile Europa slit med auka levekostnadar og at dette rammar dei marginale gruppene hardast. Det er viktig med eit godt sosialsystem og å rette tiltak til dei som treng det mest. EUs sosiale søyle er også sentral her. Kommisjonens plan for rimelege bustadar som kom i september, er meint å bidra til å løyse bustadkrisa.

Jørgensen viste også til at det er for mange i EU som slit økonomisk, og sa bustad- og energiprisar er dei to viktigaste årsakene til dette. Bustadprisane har gått opp med 60 prosent dei siste ti åra. Mange har ikkje råd til korkje kjøpe eller leige husvære. Det fører både til mindre stabilitet i livet, men til dømes også til at det ikkje er mogleg å ta i mot arbeidstilbod i byar der det er bustadpress. Dei høge energiprisane er også ei utfordring, men utan EUs politikk med ein felles energimarknad og satsing på grøn energi ville situasjonen vore verre. For politikarar er utfordringa at situasjonen krev langsiktige og strukturelle løysingar. Det er viktig også å gjennomføre kortsiktige tiltak, men desse må ikkje undergrave dei langsiktige måla. Det er forståeleg at ein del medlemsland har vald å subsidiere fossilt drivstoff og oppvarming, men dette må vere midlertidige løysingar. Målet til EU er framleis å bli mindre avhengig av importert, fossil energi ved å satse på fornybar energi. For å løyse bustadkrisa er det nødvendig å byggje meir, renovere meir og byggje om eksisterande bygg til bustadformål. Det er også nødvendig å redusere omfanget av reguleringar – dette er ikkje minst reglar som er nasjonale. EUs bustadplan har mellom anna framlegg for å endre statsstøttereglane og vil også gje land eller byar høve til i større grad å regulere kortidsleige og bruk av husvære til fritidsbustadar.

I debatten var det ulike syn på medisinen som er nødvendig. Sentrum høgre-gruppa (EPP) sa det grunnleggjande problemet er for lite produksjon av energi og for lite bustadbygging. Prisregulering og subsidiar er ikkje ei langsiktig løysing. Det er viktig å sikre ein effektiv indre marknad og å prioritere mindre byråkrati og raskare godkjenningsprosedyrar.

Sentrum venstre-gruppa (S&D) sa situasjonen er alvorleg og viste til at det er viktig å finne løysingar for å hindre at folk mister trua på det politiske systemet. Subsidiar kan berre delvis avhjelpe problemet. Gruppa tok igjen til orde for å skattlegge ekstraordinære inntekter som energiselskap nå har.

Ytre høgre-gruppa (PfE) meinte dei høge prisane skuldast skattar og avgifter, ikkje minste miljø- og klimaavgifter og effektar av kvotehandelssystemet. Det er derfor nødvendig å senke avgiftene og ikkje innføre nye kostbare tiltak. Den andre ytre høgre-gruppa (ESN) var samd i at feilslått politikk fører til auka prisar og meinte europeisk landbruk blir kvelt av byråkrati. Den konservative gruppa (ECR) teikna også eit bilete av eit EU som gjer alt komplisert, dyrt og fører til mangel. Dette gjeld både energi, drivstoff, bustadar og matvarer. Løysinga er avregulering og færre felles EU-reglar.

Den liberale gruppa (Renew) var samd med kommissæren at det er nødvendig med både kortsiktige og langsiktige tiltak. Jamvel om mange reguleringar har ei god grunngjeving, er det nødvendig å vurdere den samle effekten.

Den grøne gruppa viste til ein kraftig auke i matprisar og bustadprisar dei siste åra og at folk har vorte fattigare. Det er derfor viktig med robuste velferdssystem. Gruppa var kritisk til den kraftige auken i forsvarsutgifter som har gått ut over sosiale tiltak. Samstundes kritiserte den ytre høgre-partia for å skulde på kvinner, migrantar og LHBT-folk som årsak til alt vondt samstundes som politikken til desse partia tek pengar frå arbeidstakarar. Ytre venstre-gruppa (The Left) sa prisar på drivstoff, mat og bustadar har auka meir enn inntektene. I denne situasjonen er det lett å forstå dei mange demonstrasjonane i Frankrike denne veka. Denne gruppa gjentok også igjen støtte til framlegget om skatt på ekstraordinære inntekter hjå energiselskapa.

Det var ein eigen debatt om planen om rimelege bustadar tysdag, jf. omtale i Agence Europe. Planen fekk ei blanda mottaking. Sentrum høgre meinte planen i for liten grad fokuserer på å fremje bygging av fleire bustadar. Partia lengre til høgre meinte også at mindre byråkrati og lettare finansiering er viktig. Parti på venstresida etterlyste fleire strakstiltak, mellom anna med referanse til leigetakarar som blir kasta ut av sine bustadar fordi det er meir lønsamt med kortidsleige. Planen er nærare omtalt i Stortingets EU/EØS-nytt 17. september i år.

Betre vern av arbeidstakarars psykiske og fysiske helse
I ein rapport som vart vedteke tysdag, tek Europaparlamentet til orde for ny, europeisk lovgjeving for å førebyggje, fjerne eller redusere arbeidsrelaterte psykososiale risikoar som kan føre til arbeidsrelatert stress, utbrentheit og psykiske og fysiske lidingar. Parlamentet meiner arbeidsgjevarar bør få plikt til å verne arbeidstakarane si psykiske og fysiske helse og sikre trygge og verdige arbeidsvilkår.

Rapporten vart vedteken med 413 mot 210 røyster og 29 som avsto. Kommisjonen har nå ein frist på tre månader til enten å informere om den vil følgje opp med nytt regelverk eller grunngje kvifor den eventuelt ikkje vil det.

Tilråding om tilhøve til Kina
I ei tilråding som vart vedteke med 454 mot 86 røyster og 110 som avsto, tek Europaparlamentet til orde for ein kraftigare og meir prinsipiell Kina-politikk. Den må kombinere dialog med rettferdig handel og forsvar for menneskerettane. Parlamenter krev like konkurransevilkår og at EU må reagere dersom Kina ikkje opnar sine marknadar. Kina må påverke Russland til å avslutte krigen i Ukraina og EU må halde fram presset mot Beijing for å redusere undertrykking og frigje politiske fangar. Tilrådinga kom same veke som Maroš Šefčovič, EUs kommissær for handel og økonomisk sikkerheit er i Kina.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Erik Eriksen

Sist oppdatert: 09.10.2026 13:30
: