Departementet foreslo i Ot.prp. nr. 1 (2008–2009) at næringseigedomar
som blir leigd ut skulle få fastsett likningsverdi ut frå faktisk
utleigeverdi. I proposisjonen blei det uttala at med «næringseiendom
menes også bolig- og fritidseiendom som leies ut i næringsvirksomhet».
Bakgrunnen var at gjeldande likningsverdiar for bustader var låge
og vilkårlege, og derfor meinte departementet at også bustader og
fritidsbustader som blei leigd ut i næringsverksemd burde vere omfatta
av forslaget. Stortinget støtta forslaget, og det blei også vedteke
ein forskriftsheimel om at kva som skal bli rekna som næringseigedom
kan fastsetjast av departementet, jf. skattelova § 4-10. Definisjon
av næringseigedom er i dag innteke i samleforskrift til skattelova
(FSFIN) § 4-10-2.
I Prop. 1 L (2009–2010) blei det foreslått eit nytt system for
å fastsetje likningsverdiar for næringseigedom som ikkje blir leigd
ut. Samstundes blei det foreslått eit nytt system for å fastsetje
likningsverdiar for bustader unnteke fritidsbustader, bustader i
utlandet og jordbrukseigedom. Likningsverdiane av bustadene som
er omfatta av det nye systemet skal fastsetjast ut frå registrerte
omsetningsprisar, areal, geografisk plassering og bustadtype. I
Prop. 1 L (2009–2010) blei det uttala at grensa mellom bustader
som er leigd ut i og utanfor næringsverksemd skulle gjelde også
med dei nye reglane.
Likningsverdi for næringseigedom skal vere 40 pst. av berekna
verdi for eigedomen. Dersom likningsverdien faktisk blir høgre enn
60 pst. av dokumentert marknadspris for ein eigedom, kan skattytar krevje
at den blir satt ned. For bustader som blir brukt som eigen primærbustad
vil likningsverdien med det nye systemet vere 25 pst. av berekna
marknadspris for bustaden. Grensa for å krevje likningsverdien sett ned,
er på 30 pst. av dokumentert marknadspris for primærbustader. For
bustader som blir leigd ut utanfor næringsverksemd (sekundærbustader)
skal derimot likningsverdien vere 40 pst. av berekna marknadspris
for sekundærbustaden. Grensa for å krevje likningsverdien sett ned
er den same for sekundærbustader som for næringseigedom, nemleg
60 pst. av dokumentert marknadspris for eigedomen.
I samråd med skatteetaten har departementet vurdert å endre klassifiseringa
av næringseigedom slik at også bustader som blir leigd ut i næringsverksemd
får fastsett likningsverdi som sekundærbustader. Bakgrunnen er at
det er enklare administrativt med eitt regelsett for alle bustader
som blir leigd ut. Det kan vere ressurskrevjande både for skattytar
og likningsstellet å vurdere om grensa for å drive verksemd er oppfylt,
og såleis kva for regelsett bustadene skal få fastsett likningsverdi
ut frå. For nokre utleigarar kan det også variere over tid om utleiga
er næringsverksemd eller ikkje. Både reglane om fastsetjing av likningsverdi
for næringseigedom og sekundærbustad er meint å treffe om lag 40
pst. av marknadsprisen for eigedomane. Grensa for når skattytar
kan krevje å få sett ned likningsverdien, er også den same for begge regelsetta.
Ideelt sett skal dermed ein og same bustad få tilnærma same likningsverdi
med begge regelsetta.
Departementet har derfor kome til at verdsetjingsreglane for
sekundærbustad også bør gjelde utleigebustader i eigaren si næringsverksemd. Departementet
vil endre forskrifta til skattelova § 4-10-2 (FSFIN), slik at bustader
som blir leigd ut i næringsverksemd ikkje lenger får fastsett likningsverdi som
næringseigedom. Dei vil da i staden falle inn under regelverket
for utleigebustader (sekundærbustader). Generell bruk av sekundærbustadmetoden
for bustader som blir leigd ut, også når utleiga har næringskarakter,
inneber reelt sett ei forenkling av regelverket utan større materielle
endringar.
Endringa inneber at utleigarar som leiger ut bustader som del
av næringsverksemd også vil få tilsendt skjema for å rapportere
opplysningar om areal o.a. for bustadene dei leiger ut. Dei same
utleigarane slepp derimot årleg å rekne ut likningsverdiane for bustadene
i skjemaet RF-1098, som er ordninga i dag. Forslaget vil truleg
ikkje ha nokon vesentleg provenyverknad sidan både sekundærbustader
og bustader som blir leigd ut i næringsverksemd blir verdsett til
40 pst. av estimert marknadsverdi, og har same grensa på 60 pst.
for å kunne krevje at likningsverdien blir sett ned.
Departementet har heimel til å endre definisjonen av næringseigedom
i forskrift, jf. skattelova § 4-10 femte ledd, og det er derfor
ikkje naudsynt med eit lovforslag for å endre klassifiseringa av
næringseigedom slik at bustader som blir leigd ut i næringsverksemd
også får fastsett likningsverdi som sekundærbustader. Fordi føresetnadene
i forarbeida er så klåre når det gjaldt klassifisering av bustader
som blir leigd ut i næringsverksemd, velgjer departementet likevel å
orientere Stortinget om forskriftsendringa. Endringa skal gjelde
frå og med inntektsåret 2010.
Fritidsbustader er ikkje omfatta av dei nye reglane om fastsetjing
av likningsverdi for bustader, og har same grensa for å krevje nedsett
likningsverdi som gjeld for primærbustader. Derfor må fritidsbustader
som blir leigd ut som del av næringsverksemd framleis få fastsett
likningsverdi etter reglane om næringseigedom. Departementet vil
heller ikkje gjere endringar i reglane om klassifisering av bustader
i utlandet eller som del av jord- og skogbrukseigedom.
Komiteen tar redegjørelsen til etterretning.