Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Kommisjonspresidentens årstale

Kommisjonspresident Ursula von der Leyen heldt sin årstale under plenumsmøtet til Europaparlamentet i Strasbourg denne veka. I den timelange tale understreka ho at EU gjennom å stå samla har lykkes med å handtere pandemien. Von der Leyen lova meir satsing på helseberedskap og fleire vaksiner til fattige land. Ho tok til orde for styrka forsvarssamarbeid, europeisk produksjon av mikrochips, at alle store land må bidra til kampen mot klimaendringar og styrking av globale verdikjedar. Sjølv om dei fleste politiske gruppene etterlyste meir merksemd på sine kjerneområder, vart talen relativt godt motteke av dei fleste gruppene, men ytre høgre var svært kritisk.

Ursula von der Leyen heldt onsdag sin årstale om Den europeiske unionen. Mange av initiativa som vart varsla i talen er også nemnte i intensjonsbrevet til presidenten i Europaparlamentet og det slovenske formannskapet som ho sendte same dag.

Innhaldet i talen

Von der Leyen la vekt på at EU har kome sterkare gjennom koronakrisa. EU hadde siste kvartal raskare vekst enn Kina og USA og alle EU-landa vil ha henta seg inn igjen økonomisk neste år. Samarbeid om vaksineinnkjøp og vaksinesertifikat, semja om gjenreisingsmekanismen og viktige framlegg knytt til klima viser at EU kan levere. I motsetnad til ved tidlegare kriser har EU denne gongen vore tidleg ute og stått samla. EU har delt 700 millionar dosar. Det er langt fleire enn andre rike land. Ho varsla meir bistand for å sikre produksjonskapasitet og leveranse av ytterlegare 200 million vaksinedosar til dei fattigaste landa. Ho varsla også ei satsing dei neste åra på 50 milliardar euro for å styrke beredskap og motstandskraft på helseområdet i EU, men utan å gå inn på korleis pengane skal brukast eller kvar dei skulle kome frå.

Den indre marknaden er snart 30 år. Den har vore og er viktig for den økonomiske veksten. Vi måtte forsvare den i starten av pandemien og nå må vi utikle den gjennom mellom anna lovgjevinga på det digitale området. Von der Leyen sa EU ikkje kan vere avhengig av Asia for tilgangen til mikrochips og varsla eit initiativ for å sikre europeisk produksjon. Mange seier EU ikkje kan klare å byggje eigen kapasitet på dette området, men samarbeidet om satellittprogrammet Gallileo viser kva EU kan få til om det er vilje, sa ho.

EU må arbeide vidare for å styrke den sosiale dimensjonen Det er viktig å sikre anstendige arbeidsvilkår, betre helsetenester og arbeidstakarars balanse mellom arbeid og fritid. Ein viktig del av eit sosialt Europa er eit rettferdig skattesystem og kamp mot skattesvik og aggressiv skatteplanlegging. Det er også viktig med gode sosiale sikkerheitsnett slik at ingen fell gjennom etter ein krise som har ramme ulikt.

Sommaren har vist behovet for å takle klimakriser. Det er slått fast at klimaendringar er menneskapte og det betyr også at menneske kan gjere noko med dei. EU viser vegen ved å vere den fyrste store aktøren som har vedteke 55 prosent reduksjon i klimautsleppa. Dette skal kombinerast med rettferdig omstilling. EU skal også hjelpe andre land i nødvendige omstillingar for å redusere utslepp og verne biodiversitet. Men EU kan ikkje gjere dette aleine. Japan, Kina og USA må også ta ansvar både for å redusere utslepp og bidra til global klimafinansiering. Europaparlamentet hadde måndag elles ein separat debatt om lovpakken Klar for 55 med visepresident i Europakommisjonen, Frans Timmermans. Han la mellom anna vekt på at klimaendringane rammer sosialt svake grupper hardast. Karbonprising er ikkje den viktigaste årsaken til dei høge energiprisane i Europa nå og viste til at prisane for fornybar energi har vore stabile og låge. Om noko bør EU arbeide for raskare omstilling til fornybar energi.

Von der Leyen sa onsdag det hadde vore smertefult å vere vitne til det som har skjedd i Afghanistan dei siste vekene. EU står ved det afghanske folket og vil auke den humanitære bistanden til landet. Det er også viktig å analysere det som har skjedd og lære av det. Det var ein særskilt debatt om Afghanistan tysdag. Også høgrepresentant for utanrikssaker, Josep Borrell, la vekt på at det er viktig å lære av erfaringane. For å sikre nødhjelp og bistand til folk i landet, er det nødvendig å samarbeide med Taliban. Samstundes stiller EU klare krav til Taliban knytt til mellom annan menneskerettar, kvinners situasjon og rettsstat.

I sin tale sa von der Leyen til at EU og NATO nå har dialog om ei ny felles fråsegn om samarbeid. Samstundes meinte von der Leyen at erfaringane frå Afghanistan viser at det nå også er på tide at EU gjer meir på eigehand og tok til orde for ein europeisk forsvarsunion. EU har ein klar interesse av stabilitet i nærområda fordi krisar utanfor EU, raskt kan bli krisar heime. EU må samarbeide betre om etterretning i brei forstand, styrke interoperabilitet og styrke forsvaret mot cyber- og hybridåtak. Manglande politisk vilje har til nå hindra felles innsats og det er derfor viktig å styrke vedtakssystema. Ho varsla eit toppmøte om forsvar saman med president Macron under det franske EU-formannskapet våren 2022. Ho peikte på redusert meirverdiavgift som eit aktuelt verkemiddel for å stimulere til auka produksjon av forsvarsmateriell i Europa.

Ho understreka at EU ynskjer eit tett partnarskap med nære allierte og at USA og EU er sterkare saman. Ho vil arbeide for EU-medlemskap for landa på Vest-Balkan. Derfor vil ho reise dit i haust. Utviding vil vere ei investering i vår felles framtid sa ho. Europaparlamentet ga elles denne veka samtykke til eit fond på 14,2 milliardar euro som skal bistå kandidatlanda i førebuingane til medlemskap. Von der Leyen sa også at det er viktig å styrke samarbeidet med landa som er omfatta av det austlege partnarskapet og landa i Middelhavsregionen. Ho lova å arbeide vidare med dei ulike aspekta i tilhøve til Tyrkia.

Von der Leyen viste til geopolitiske utfordringar og auka kinesisk dominans. EU ynskjer å styrke globale verdikjedar gjennom eit initiativ som blir omtalt som Global Portal (Global Gateway). Dette vil vere eit alternativt til Kinas Belt and Road-initiativ og skal vere basert på tillit og ikkje dominans. Samstundes varsla ho eit framlegg om å forby import av varer produsert ved hjelp av tvangsarbeid.

Det er uakseptabelt å bruke folk som brikker i eit hybridåtak slik Kviterussland gjer. EU er solidarisk med Latvia, Litauen og Polen i samband med migrasjonsrutene som Kviterussland har etablert mot desse landa. Samstundes viser dette behovet for å styrke Schengen-samarbeidet og EUs yttergrenser. Det er også viktig å få framdrift i arbeidet med ein ny migrasjonspakt for EU. Kommisjonens framlegg er balansert og alle EU-landa bør ha interesse av å få på plass eit revidert asyl- og migrasjonssystem. Undersøkingar viser at det er brei semje blant innbyggjarane i EU om nokre grunnleggjande element i ein ordna migrasjonspolitikk. Dette omfattar gode system for vern av dei som skal ha det, rask retur av dei som ikkje skal ha vern og ruter for lovleg migrasjon.

Til slutt i talen bruke von der Leyen tid på verdispørsmål og rettsstat. Ho viste til at EU er basert på felles verdiar som er nedfelt i EUs traktatar og alle er forplikta til å følgje. Det er grunn til uro over utviklinga i visse land. Kommisjonen ynskjer dialog, men samstundes er Kommisjonen innstilt på å følgje opp med tiltak der dialogen ikkje fører fram. Det er også viktig at alle pengar på EU-budsjettet blir brukt i samsvar med formålet. EU vil også stå opp for pressefridom, retten til å tenkje fritt, elske den ein vil og retten til å leve utan frykt. Spesielt trakk von der Leyen fram drapet på mange journalistar som uakseptabelt. Det er også viktig å kjempe mot vald mot kvinner og ho varsla eit lovframlegg som skal bidra i kampen mot vald mot kvinner.

Reaksjonar

Den knapt timelange tala vart etterfølgd av ein debatt der over 80 parlamentarikarar hadde ordet, jf. også pressemeldinga frå Europaparlamentet. Von der Leyen fekk applaus for talen sin og støtte til mange av initiativa sine. Samstundes etterlyste parlamentarikarane raskare og kraftigare handling på sine respektive kjernesaker.

Innlegga frå von der Leyens eige gruppe, sentrum høgre-gruppa (EPP), ga, ikkje overraskande, sterk støtte til hovudpunkta i talen. Det vart vist til at EU har lykkes godt med vaksineutvikling og vaksinering og at økonomien går bra. Det er viktig at dei midlertidige instrumenta som vart vedtekne for å hjelpe arbeidstakarar og verksemder, ikkje blir gjort permanente. Ein viktig lærdom frå pandemien er at det er nødvendig å agere raskare. EPP tok derfor til orde for forenkling og kutt i byråkrati. EPP vil også ha ei forenkla handelsavtale med USA på sentrale område som ein forløpar til ein meir omfattande handelsavtale seinare. EPP tok også til orde for styrka innsats mot kreft og støtta ideen om styrka europeisk forsvar og sikkerheit. EU må også ta globalt ansvar i ei verd der 15000 barn dagleg døyr av svolt.

Sentrum venstre-gruppa (S&D) la vekt på den sosiale dimensjonen og at EU må styrke både sosial og miljømessig bærekraft. Mål knytt til dette må inn i stabilitetspakta. Pandemien har ført til auka skilnadar og ramma dei svakaste gruppene hardast. Derfor må måla i den sosiale søyla realiserast. EU må vedta den revidert migrasjons- og asylpakta og i større grad snakke med ei røyst globalt. S&D var også opptatt av å støtte folket i Afghanistan.

Den liberale gruppa (Renew) etterlyste raskare vedtak og gjennomføring på område som digital agenda, migrasjon, klima, globalt leiarskap, sikkerheit og rettsstat. EU har vore relativt gode til å svare på kriser, men må også bli betre til å gjennomføre politikk utan at det blir tvunge fram av eksterne hendingar som klimakrise eller pandemi. Kommisjonen må arbeide tettare med Europaparlamentet som ein alliert mot medlemslanda i Rådet. EU bør vise handlekraft og ta globalt leiarskap for å sikre vaksinering i fattige land. EU kan ikkje vere tilfredse med at 70 prosent av eigne, vaksne innbyggjarar er vaksinert, så lenge så få i fattige land er fullvaksinert.

Den grøne gruppa etterlyste raskare handling på klimaområdet og at opplevingane i mange europeiske land i sommar hadde demonstrerte behovet for dette. EU må bli mindre avhengig av ikkje-fornybar energi og vere leiande i den grøne omstillinga. EU kan vere ein stor global aktør dersom det blir sett av ressursar til dette. EU kan også vere ein global standardsettar og vise globalt ansvar. Det er uakseptabelt at enkelte EU-land returnerte migrantar til Afghanistan i tida rett før Taliban tok over. EU bør vise auka vaksinesolidaritet med utviklingsland i ein situasjon der millionar av vaksinedoser ligg ubrukte i Europa.

Ytre høgre-gruppa (ID) karakteriserte EUs politikk det siste året som ein orgie i pengebruk og sentralisering og ironiserte over at EU tek mål av seg til å skulle redde både Europa og verda. Det er uhøyrt å skulle innføre eigne inntekter og skattar. EU har ein feilslått politikk både knytt til atomkraft, kol, migrasjon og covid. Gruppa skulda også EU for ikkje å gjere nok for medlemslanda som opplever migrasjonspress frå Kviterussland og for å la Tyrkia få overtaket. EU må ikkje opne for masseinnvandring av afghanske flyktningar – dei bør hjelpast i nærområda. Gruppa meinte også det er uhøyrt at EU har dialog med Taliban, medan dei legg utilbørleg press på Polen og Ungarn.

Den konservative gruppa (ECR) var samd i at EU har levert på ein del område, men etterlyste samstundes meir refleksjon om det som ikkje har fungert. Det var manglande solidaritet under pandemien og det tok lang tid å få på plass felles løysingar. EU må styrke innsatsen for økonomisk gjenreising og EU kan ikkje gå tilbake til politikken som vart ført før pandemien, som om ingenting har hendt. ECR meiner også fleirtalet i EU prøver å presse sine verdiar på alle land utan at det er grunnlag for dette i traktaten. Det vart også etterlyst innsats på migrasjonsområdet ikkje berre i Sentral-Europa, men også Middelhavet. Også ECR-gruppa meinte Kommisjonens kritikk av Polen og Ungarn er utidig. Kva som er traktatgrunnlaget som gjev rett til vilkårleg kritikk av rettssystemet og innsatsen for å verne kristne verdiar i desse landa?

Ytre venstre-gruppa (Left) meinte det var for mykje sjølvskryt i talen og sa det er grunnleggjande viktig at Kommisjonen støttar initiativet i WTO om å oppheve patentrettar for koronavaksiner. Det er også viktig å arbeide for ei meir rettferdig fordeling. Dei rikaste i EU har auka formuane sine under pandemien samstundes som fattigdomen har auka. Det er derfor mellom anna viktig med ein minsteskatt for verksemder. Det er nødvendig å hjelpe dei som har miste jobbane sine og som ikkje kan betale elektrisitetsrekninga. I staden for å bruke pengar på å byggje opp forsvar bør EU bruke meir pengar på kampen mot fattigdom og på bistand. Left tok også til orde for å byggje ein ny majoritet i Europarlamentet som ikkje omfattar høgrekreftene. Dette vil sikre eit meir sosialt og klimavenleg EU.

Det slovenske EU-formannskapet støtta hovudlinene i årstalen og understreka mellom anna behovet for å styrke den indre markanden og dei fire fridomane som har vore pressa under pandemien. Det er viktig at EU blir meir motstandsdyktig og etablering av ein europeisk helseberedskaps- og tiltaksmyndigheit (HERA) er sentralt for dette. EU må arbeide for å stanse pandemien og sikre ny vekst. Innan utgangangen av året vonar Slovenia at rådposisjonane til framlegga til nytt regelverk for digitale tenester og digitale plattformar vil vere klare. Slovenia støtta også det som vart sagt om rettsstat, forsvarssamarbeid og klima. Rådet vil drøfte intensjonsbrevet frå Kommisjonspresidenten neste veke.

I sitt sluttinnlegg viste von der Leyen til at fleire hadde sagt at Kommisjonen nå er halvvegs i sin mandatperiode. Det stemmer ikkje – med 20 månaders fartstid har vi berre gjort unna ein tredel av mandatperioden, sa ho. Vi har derfor stadig tid til å levere. Ho takka for dei mange innspela og gjentok mellom anna at den indre marknaden er viktig, og at arbeidet for å redusere klimaendringane er sentralt. 18 land har nå fått godkjent sine gjenreisingsplanar etter covid-19. Investering må gå hand i hand med strukturreformer. Ho understreka at EUs traktatar og charteret for grunnleggjande rettar har klare reglar knytt til rettsstat og demokrati. Dersom medlemsland ikkje tek omsyn til innvendingane frå Kommisjonen, vil det måtte få konsekvensar. Ho varsla at det dei fyrste opningsbreva knytt til dette truleg vil bli sendt til medlemsland i dei kommande vekene.

Kommentar

Årstalen til von der Leyen har fått blanda mottaking. Mellom anna er den kritisert for å vere for lite sjølvkritisk til dømes når det gjeld pandemihandteringar. Samstundes har von der Leyen tidlegare vore tydeleg på at det vart gjort feil i starten av pandemien og at EU ikkje var godt nok budd. Dei mange og store satsingane på helseberedskap viser at Kommisjonen er opptatt av vise handlekraft for å kunne vere betre budd neste gong. Det var også tydeleg at von der Leyen gjerne ville levere ein optimistisk tale i år etter eit år med krise og pandemi. Det vart elles lagt merke til at von der Leyen brukte såpass stor del av talen på styrka EU-forsvar. Jamvel om dei fleste politiske gruppene peikte på saksområde som burde vore omtalt meir eller som fortener større satsing, var det likevel relativt stor grad av semje om kva som er dei viktigaste fordringane framover.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 17.09.2021 09:16
: