Høringsinnspill fra Søre Sunnmøre, Romsdal, Nordmøre, Namdal tingrettar og Sunnmøre jordskifterett

Høring: Videokonferansehøring: Endringer i domstolloven (domstolstruktur) (Prop. 11 L (2020-2021))
Innspillsdato: 02.11.2020

Innspel til høyring om Prop 11L (2020-2021)

På vegne av Søre Sunnmøre tingrett, Romsdal tingrett, Nordmøre tingrett, Sunnmøre jordskifterett og Namdal tingrett ønskjer vi å løfte fram somme hovudpunkt under høyringa om Prop 11 L (2020 -2021) den 4. november 2020.

Det første vi ønskjer å peike på er at innhaldet i forslaget frå departementet knytt til domstolsstruktur har andre konsekvensar enn det som er uttalt i proposisjonen. Etter vår oppfatning oppnår ikkje departementet det resultatet ein seier ein ønskjer dersom forslaget vert vedtatt. Forslaget ivaretek verken arbeidsplassar i distrikta, rettstryggleiken til brukarane i distrikta, eller sikrar effektiv ressursutnytting.

Det andre er at prosessen fram til forslag til ny domstolsstruktur har vore ein prosess som i stor grad ber preg av at formålet og løysinga for utgreiinga har vore gitt på førehand. Dersom regjeringa hadde ønskt å få fram alternative syn på saka så kunne regjeringa ha valt å utnemne kjente motstemmer i styret til Domstoladministrasjonen eller som medlemmar til Domstolkommisjonen. I staden har ein tydeleg vore på jakt etter medlemmar som har same syn som regjeringa og Domstoladministrasjonen. Ein har ikkje ønska noka motvekt og det gjer at beslutningsgrunnlaget vert feil. Ein bygger ikkje på det mest sannsynlege faktum, men på det faktum ein ønsker å få fram for å oppnå det på førehand definerte resultat. Det er vidare slik at fleire domstolsleiarar opplever det som ei stor belastning å stå fram med eige syn fordi ein er redd for kva for konsekvensar dette kan ha for eigen domstol. Både direktøren i Domstoladministrasjonen og Domstoladministrasjonen sin styreleiar har heilt fram til denne høyringa vore i kontakt med domstolsleiarar rundt om for å få dei til å føye seg inn i folden, både ved bruk av gulrot og pisk.

Det tredje vi ønskjer å løfte fram er den totale mangelen på utgreiing av andre midlar og måtar å imøtekomme dei bekymringar departementet og domstolkommisjonen uttrykker med omsyn til domstolane sine framtidige utfordringar. I proposisjonen er ei massiv sentralisering og nedlegging av domstolar presentert som den einaste løysinga på framtidige utfordringar knytt til ressursutnytting, effektiv saksavvikling, fagleg kompetanse, sårbarheiter knytt til sjukefråvær og habilitet, rekruttering, samt digitalisering og teknisk utvikling. Vi meiner det er fullt mogleg å imøtekomme desse bekymringane innanfor dagens domstolsstruktur. Eitt slikt virkemiddel er å utnytte og vidareutvikle dei ordningane dagens domstolslov legg opp til. Jordskifterettane bruker dagens domstolslov til dette i større grad enn tingrettane. Problemet er at det er opp til den enkelte domstolsleiar å vite kva for annan domstol som har ledig kapasitet eller å ha eit nettverk der ein kan be om hjelp. Dette er noko Domstoladministrasjonen enkelt kan sette i system. Vidare er det i dag 15 domstolar som er såkalla enedommarembete. Å erstatte ein dommarfullmektig med embetsdommar i desse domstolane vil koste i underkant av 11 millioner kroner. Dette vil i vesentlig grad styrke domstolen både når det gjeld effektivitet, kompetanse, fleksibilitet, sjukdom og habilitet.  

På den korte tida som er til rådigheit i ei slik høyring er det ikkje mogleg å kome inn på detaljar knytt til nokon av desse tre punkta. Vi meiner likevel at desse tre hovudpunkta med styrke talar for at Stortinget må ta seg tid til å utgreie desse spørsmåla skikkelig, der også alternativ vert grundig utgreia. Vi kan ikkje forstå at organiseringa av den tredje statsmakt skal vere gjenstand for ei slik hastebehandling som regjeringa no legg opp til. I tillegg til å ta stilling til korleis domstolane skal vere strukturert, vil ein legge føringar for samfunnsstrukturen. Å fjerne sjølvstendige tingrettar vil kunne vere øydeleggande for juristmiljøa kring tingretten og skadeleg for innbyggjarane sin rettstryggleik. Vi håper at Stortinget ser at også i denne saka vil hastverk vere lastverk og at de skuldar oss borgarane å fatte vedtak på eit grunnlag som innbyr til tillit. Vedtaket må kome etter ei reell vurdering av kva som vil vere den beste løysinga.

Søre Sunnmøre tingrett                                 Sunnmøre jordskifterett                     Romsdal tingrett

Elisabeth Wiik                                                 Olav Torvik                                         Svein  Eikrem
sorenskrivar                                                    Jordskifterettsleiar                             sorenskrivar

Nordmøre tingrett                              Namdal tingrett

Ole Ingar Ødegaard                           Lisa Elin Bech                                              
sorenskrivar                                        sorenskrivar