Høringsinnspill fra Nordfjordrådet

Høring: Videokonferansehøring: Endringer i domstolloven (domstolstruktur) (Prop. 11 L (2020-2021))
Innspillsdato: 03.11.2020

Nordfjordrådet Høringsnotat

Nordfjordeid, 2. november 2020

Prop 11 L (2020-2021) om endringar i Domstolslova (Domstolsstruktur):
Eit carte blanche for omfattande nedbygging av statlege kompetansemiljø i distrikts-Noreg

Eg syner til Prop 11 L (2020-2021) om endringar i domstolslova (Domstolstruktur), som vart oversendt til Stortinget i oktober 2020 og no skal opp til handsaming i Stortinget før jul, med høyring i Justiskomiteen allereie 4. november.

Som det heiter i samandraget til propen – med mi understreking: «I proposisjonen inviteres Stortinget til å drøfte organiseringen av tingrettene, jordskifterettene og lagmannsrettene, på bakgrunn av en anbefaling om å . (..) Det er i dag 63 alminnelige førsteinstansdomstoler, der mer enn en tredjedel er bemannet med to eller tre dømmende årsverk. I tillegg er det 34 jordskifteretter, nesten halvparten med ett eller to dømmende årsverk.  Det er et .»

Dette kan virke tilforlateleg. Men i praksis er dette - slik propen er utforma - å gi ei Herunder Nordfjord Jordskifterett, som er eitt av dei få gjenverande statlege kompetansemiljøa i Nordfjord, etter at mange andre statlege instansar er sentralisert bort frå regionen dei siste tiåra. I tillegg skaper kvar domstol ringverknader i form av å gjere det langt lettare for private advokatkontor å ha lokalisering og aktivitet i Nordfjord og andre distrikts-regionar i staden for å bli sentralisert til færre og større stader.  

Det som er viktig å merke seg, er at omgrepet «bemannet rettssted» berre er intetsigande ord utan definert innhald. Ein rettstad kan i prinsippet berre vere eit rettslokale med ei minimumsbemanning i form av ein sekretær etc – medan alt som i dag er av fagmiljø i dagens mindre rettskrinsar blir bygd ned og sentralisert bort frå mindre stadar i distrikta til hovudseta for dei nye og større rettskrinsane.

Uansett kva fine ord som blir brukt i den lange og omstendelege proposisjonen, så kan ein ikkje snakke seg vekk frå følgjande:

  1. Ein inneheld berre éin domstol. Og det er berre éi kvar rettskrets.
  2. Når proposisjonen kjem med framlegg om:
  • Å oppretthalde 23 tingrettar, inneber at 37 av dagens 60 tingrettar vert nedlagde. Dei 37 stadene som no misser tingretten og berre får den uklare og svært lite forpliktande statusen som «bemannet rettssted», er Hammerfest, Vadsø, Senja, Sortland, Svolvær Narvik, Sandessjøen, Brønnøysund, Namsos, Steinkjer, Brekstad, Molde, Kristiansund, Volda, Hardanger, Stord, Sandnes, Egersund, Farsund, Arendal, Kviteseid,  Notodden,  Kongsberg, Nesbyen, Hokksund, Hønefoss, Halden, Sarpsborg, Moss, Mysen, Vågå, Fagernes, Lillehammer, Elverum, Tynset, Kongsvinger og Eidsvoll.
  • Å oppretthalde 19 jordskifterettar, Dei 15 stadene som no misser jordskifteretten og berre får den uklare og svært lite forpliktande statusen som «bemannet rettssted» er Steinkjer, Surnadal, Molde, Ørsta, Nordfjordeid, Sogndal, Voss, Flekkefjord, Arendal, Kviteseid, Gol, Kongsvinger, Sarpsborg, Fagernes og Tynset.

Som oversikta i kulepunkta over, er dei stadene som er  foreslått nedlagde som hovudsete for domstolar i all hovudsak stader i distrikts-Noreg som allereie har få og sårbare statlege kompetansearbeidsplassar. På desse stadene er tingretten/ jordskifterretten sine fagmiljø viktigare for dei berørte regionane enn i større byar, jmf også Regjeringa si Distriktsmelding. 

Proposisjonen seier i generelle vendingar at ein skal ivareta distriktsomsyn ved å tilrettelegge for aktivitet og kompetansekrevande arbeidsplassar ved dei nedlagde domstolkontora, no kalla «bemanna rettssteder», jmf. Prop s. 59 kap. 3.4.10.

Sanninga er at proposisjonen – fordi departementet ved dei nye rettstadene, jmf. prop. S. 101 kap. 6.2.4.

Dei såkalla bemanna rettsstadene vert «nedklassa» til eit B-lag, samanlikna med dei ved «hovudkontora» til dei nye domstolane. Departementet vil heller ikkje ta stilling til kven som skal ha mynde til å fastsetje og leggje ned rettsstader.  

For Nordfjord sin del er det korrekt at dagens ordning med felles administrasjon og delt rettsstad for Sogn og Fjordane Tingrett med ein «minimumsbemanna rettsstad» på Nordfjordeid for tingretten fungerer bra. Men det er under føresetnad av at Nordfjord Jordskifterett eksisterer som domstol med eigen rettskrins og eige fagmiljø på jordskifte - som den desentraliserte tingretten kan forankrast i.

Det er også merkeleg og uheldig at akkurat desse svært viktige politiske avklaringane om geografisk struktur (Delrapport 1 frå Domstolskommisjonen) blir sendt til Stortinget som ei hastesak no i haust, medan dei andre problemstillingane som ligg i Domstolskommisjonens mandat (Delrapport 2), parallelt no blir sendt ut på høyring med frist april 2021.

Det naturlege (og logiske) hadde vore at Stortinget handsamar Delrapport 1 og Delrapport 2 samla når pågåande høyringsrunde av Delrapport 2 er ferdigstilt våren 2021 og det kan fremjast ei samla sak til Stortinget.

Nordfjordrådet vil på det sterkaste tilrå at Stortinget legg vekk dette godt kamuflerte forsøket på å byggje ned og sentralisere domstolane i distrikts-Noreg. Med tilvising til propen kap. 4.4.3 og omsynet til nærleik til brukarar, trong for kompetansearbeidsplassar i distrikta og bieffektar som t.d. eit desentralisert advokatmiljø, vil ein ikkje oppnå noko av dette ved å svekka noverande organisering.

  • Om ikkje må Stortinget i alle høve avvise å handsame det viktige og heilskaplege arbeidet til Domstolskommisjonen «stykkevis og delt», og avvente tilrådingar og utforming av politikk for framtidas domstolar til Delrapport 2 er ferdig våren 2021, og ei samla sak er sendt frå Regjeringa til Stortinget.

  • Det må ikkje gjerast «hastevedtak» om endring i grensene for Jordskifterettane og Tingrettane før ein samla rapport frå Domstolskommisjonen er på plass, og det som eit minimum er sikra eit system som gir eit reelt innhald og tryggleik for framtida for det som her blir kalla «rettssted».

 


Beste helsing


Alfred Bjørlo, ordførar i Stad kommune og leiar i Nordfjordrådet
(e-post , mobiltlf 480 82 652)