Innspill frå Visit Sognefjord AS til 0-utsleppsvedtaket for verdsarvfjordane.

Visit Sognefjord AS er eigd av kommunane Aurland, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal, Vik og Høyanger og 200 reiselivsbedrifter i Sogn, med ansvar for reiselivsutvikling, næringspoltikk og marknadsføring for reisemålet.  Sogn er eit av Norges største ferie-/fritidsbaserte reisemål med 1,3 mill. gjestedøgn og 250.000 cruisepassasjerar i 2019.

3. mai 2018 vedtok Stortinget å stille krav om nullutslepp frå turistskip- og ferjer i verdsarvfjordane seinast frå 2026. Nylig har Sjøfartsdirektoratet i si vurdering av saka til KLD anbefalt å utsette inn- føringa av vedtaket til 2030.

Vedtaket fra 3. mai er slik:

«Stortinget ber regjeringen implementere krav og reguleringer til utslipp fra cruiseskip og annen skipstrafikk i turistfjorder samt andre egnede virkemidler for å sørge for innfasing av lav- og nullutslippsløsninger i skipsfarten fram mot 2030, herunder innføre krav om nullutslipp fra turistskip- og ferger i verdensarvfjordene så snart det er teknisk gjennomførbart, og senest innen 2026."

 

Det er det særskilt to sentrale område i vedtaket som bør vektleggast i det vidare arbeidet med implementering av krav og reguleringar:

  • Presiseringa «..samt andre egnede virkemidler..» bør inkludere vurdering av landstraum-anlegg som egna/alternativt virkemiddel opp mot utsleppskrava sett i TIER III og 0-utslepps-krava i verdsarvfjordane. TIER III inneber ei 80% reduksjon i NOx utslepp i verdsarvfjordane samanlikna med 2018 (Sjøfartsdirektoratet, DNV GL-rapport). Landstraum til cruise gjev i følgje DNV GL ein effekt på 65% for verdsarvområde Nærøyfjorden på alle parameter (NOx, SOx, CO2, PPM).
  • I kombinasjon med TIER II og andre innførte særkrav er effektane enno høgare. Aurland hamnevesen KF har i 2020 fått innvilga 27 millionar kroner i støtte frå Enova SF til etablering av landstraum for cruise i Flåm. Tilskot frå Enova har ei varigheit på to år. Annan planlagt destinasjonselektrifisering innan transportsektoren i Flåm (bl.a. buss, bergensbåten, lokale fartøy og bilar) er avhengig av infrastrukturinvesteringar i elforsyninga som ikkje er økonomisk gjennomførbare utan landstraum til cruise. 
  • Utvikling av landstraum må me ha tilpassingar i regelverket for å gjera investeringa. Etablering av landstraum i Flåm gjev store reduksjonar i utsleppa og legg til rette for framtidig elektrifisering av alle typer fartøy/køyretøy, samtidig som det gir moglegheiter fot å oppretthalde det økonomiske og samfunnsnyttige knytt til berekraftig samfunns- og reiselivsutvikling.

 

  • Presiseringa «..så snart det er teknisk gjennomførbart..» bør vurderast opp mot realistisk tidspunktet for innføring av kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane ut frå kva som faktisk er teknisk gjennomførbart i cruisebransjen i 2025 (TIER III-krav) og 2026 (0-utsleppskrav). Krava til utslepp av NOx i 2025 (TIER III) inneber at berre 15 av 140 reserverte anløp til Flåm meldt i 2022 kan gjennomførast i 2025. Dei siste 15 fell deretter bort i 2026 om eit nullutslepps-vedtak vert ståande. Både TIER III-kravet og nullutsleppskravet inneber at det ikkje er økonomisk forsvarleg for ein liten kommune å satse 100 millionar kroner på landstraum til cruise og elektrifisering av øvrige transport i verdsarvområdet og regionen.

 

Med bakgrunn i dette har administrasjonen i Visit Sognefjord følgjande innspel:

  • Visit Sognefjord støtter Sjøfartsdirektoratet sitt forslag til KLD om utsettinga til 2030 samtidig som TIER III-krava ikkje vert innført som planlagt frå 2025 slik at ein har moglegheit til å bygge opp landstraumanlegg for framtidig elektrifisering av alle fartøy/køyretøy og reell omstilling i cruisenæringa.

 

  • Vedtaket bør følgast opp slik at TIER II krava innført i 2022 og andre egna virkemiddel som t.d. landstraumanlegg og andre lågutslepsløysingar kan erstatte TIER III-krava i perioden gjeld fram til 0-utsleppsvedtaket i 2030.

 

  • Vidare bør presiseringa i vedtaket frå 3. mai «..innfasing av lav- og nullutslippsløsninger i skipsfarten fram mot 2030» gjennomførast parallelt for alle cruisehamnene og fjordane i heile Norge for å unngå konkurransevriding og forskyving av utsleppa frå verdsarv-fjordane til nærliggande hamner og over land trafikk med buss til etablerte reisemål som t.d. Flåm.