Forvaltning av verdsarvfjordane
Aurland hamnevesen KF syner til merknad sendt til næringskomiteen "Om landstraum for cruise i Flåm" av 25.10.2020, samt vedtak av brev i Aurland kommunestyre 05.11.2020 med følgjande oppsummering, behov og løysingsrom. Brevet i si heilskap vert sendt Næringskomiteen direkte.
Oppsummering
Aurland kommune støttar Sjøfartsdirektoratet si tilråding om utsetjing av nullutsleppsvedtaket til 2030. Målsetjinga om nullutslepp må stå ved lag. Det må arbeidast aktivt på alle nivå, både privat og offentleg, for å oppnå nullutslepp snarast mogeleg. Ny teknologi må innfasast etterkvart som den vert tilgjengeleg. I mellomtida må hamnene ta i bruk system som økonomisk tilgodeser skip med rein miljøprofil, og straffar skip med manglande eller dårleg miljøprofil.
I høve allereie innførte TIER- krav lyt desse gjennomgåast på nytt i høve ei endring i forskrift om miljømessig sikkerheit for skip i Verdsarvfjordane, slik at ein legg til rette for reduserte utslepp i Verdsarvfjordane frå eit teknologinøytralt utgangspunkt jf. tilsegn om støtte til Aurland hamnevesen KF i høve etablering av landstraum til cruise. Vidare lyt forskrifta endrast slik at Gudvangen Stein AS, som eksporterer anortositt, ikkje vert tvungne til å finne løysingar som gjev meir utslepp samla sett.
6 Behov og løysingsrom
Lokalt har me følgjande behov som framtidas regelverk lyt ta høgde for.
6.1 Utvikling av ein grøn destinasjon
Dei økonomiske føresetnadane er ikkje til stades for etablering av strauminfrastruktur og landstraumsanlegg for cruiseskip utan endringar i forskrift og nullutsleppsvedtak som sikrar tilstrekkeleg trafikkgrunnlag.
Framføring av strauminfrastruktur er nøkkelen for vidareutvikling av ein grøn destinasjon til sjøs både for cruiseskip og mindre fartøy, og på landsida for bussar og bilar. Prosjektet er ikkje økonomisk berekraftig utan landstraum til cruise. Infrastrukturen krev bidrag frå Enova, kommune, hamn, energiverk og lokalt reiseliv for å realiserast.
Gjennomføring av elektrifisering på landsida krev ikkje nye reguleringar, det krev tilgang på straum.
6.2 TIER-krav [1]
Anløp av cruiseskip planleggjast med tre års horisont. Innføring av TIER III krav frå 2025 inneber at det vil vere ei handfull cruiseskip som kan kome til Flåm. Cruiseskipa vil søkje seg til hamner rett i utkant av verdsarvområda eller til anna farvatn, slik ein no skulle sett ein forsmak av for TIER I. Aurland kommune ynskjer seg ikkje ein situasjon med stor omvelting mot buss inn til turistdestinasjonen, men for næringa er det beste alternativ. Veginfrastrukturen på land er allereie pressa, og ytterlegare trafikk inneber m.a. meir trafikkork samt høgare utslepp.
Det lyt finnast løysingar for justering av regelverket kring utslepp av NOx som gjer at trafikkgrunnlaget på sjøen kan oppretthaldast på ein god måte. Sjøfartsdirektoratet utgreier no innføring av særkrava i verdsarvfjordane i andre norske farvatn, men det er nærliggande å tru dette ikkje vert lagt til grunn på den umogelege tidsaksen som er nytta i verdsarvfjordane. Ei utsett, men samanfallande, innføring av TIER II og TIER III kunne ha endra nytte/kostnad for reiarlaga slik at investeringa vert prioritert.
Om krava framleis berre skal gjelde lokalt lyt det kome på plass overgangsordningar eller tilpassingar i regelverket. Ettersom landstraumstilkopling gjev vel så god effekt for miljø- og folkehelse i verdsarvfjordane som TIER-krav, lyt tilkopling aksepterast som alternativ eller i kombinasjon med eit lågare TIER-krav.
Det lyt finnast praktiske løysingar i regelverket for utskiping av mineral frå Gudvangen og anna tilfeldig sjøtransport for å sikre val av berekraftige løysingar. Anten kan minste bruttotonnasje regelverket gjeld for hevast frå 1000 til 10 000 BT, eller ein lyt definere at regelverket ikkje gjeld for bulk- og stykkgodsskip.
6.3 Nullutslepp
Aurland kommune støttar Sjøfartdirektoratet si tilråding i nullutsleppssaka, men har òg ei anna grunngjeving; aktørane i verdsarvfjordane har ikkje eit særleg ansvar for utslepp av klimagassar.
Kommunen har ikkje eit behov for eit særregelverk for utslepp av globale klimagassar i verdsarvfjordane. Med riktige rammevilkår kan kommunen likevel i høgste grad bidra ved eigne investeringar, og leggje til rette for at andre lokalt kan vere med på å nå globale- og nasjonale mål.
Kommunen må ivareta lokalsamfunnet sine interesser i denne saka, og stiller spørsmål ved heimelsgrunnlaget for å stille særkrav til CO2-utslepp i eit geografisk avgrensa område som verdsarvfjordane.
For mindre fartøy kan det innførast eit betydeleg strengare regelverk for utslepp med god miljøvinst, utan for store konsekvensar for trafikk og lokal verdiskaping. Teknologien er både kjend og implementert. Då lyt dette gjerast. Av omsyn til straum- og konkurransesituasjon kan ein vurdere å vente med dei strengaste krava til infrastrukturen er etablert.
Unntaksreglar for verneverdige og freda skip er ikkje ynskjeleg for anna enn einskildreiser.
7 Medverknad og løpande endringar
Kommunen er ikkje tilfreds med høve til medverknad ved gjennomføring av reguleringar med omfattande lokale konsekvensar gjennom sentralt lovverk. For kommunen er det ikkje tilstrekkeleg å vere høyringspart. Verdas strengaste reguleringar balanserer på ein knivsegg i høve den til ein kvar tid tilgjengelege teknologien for bruk på verdsarvfjordane. Dette fordrar også i framtida behov for endringar for å oppnå formålet med regelverket.
Ved utarbeiding av særkrav for verdsarvfjordane i 2017 gjorde Sjøfartsdirektoratet greie for den spreidde forvaltninga av verdsarvfjordane på elleve ulike offentlege forvaltningsaktørar. Sjøfartsdirektoratet synte til at forvaltninga kunne verte lettare ved utarbeiding av eigen forskrift for verdsarvfjordane. Aurland kommune ber om at dette vert vurdert for gjennomføring. Basert på ulike faktiske forhold i dei to verdsarvfjordane, kan to lokale forskrifter vere eit godt alternativ.
Eit betydeleg tettare samarbeid mellom sentrale og lokale myndigheiter vert uansett ein avgjerande suksessfaktor.
[1] TIER er eit motorkrav for utslepp av NOx basert på allereie etablerte definisjonar i internasjonalt regelverk, og gjeld bruk av tilgjengeleg motorteknologi. Ekstraordinære TIER-krav i verdsarvfjordane er innført i forskrift om miljømessig sikkerhet for skip, og gjeld skip over 1000 BT. Unikt for verdsarvfjordane er at TIER-krava har tilbakeverkande kraft for eksisterande skip, slik at dei lyt byggjast om for å kunne ferdast her. Krava fasast inn i tre trinn, TIER I frå 2020, TIER II frå 2022 og TIER III frå 2025.