Bergensbanen, Oslo-Bergen på 4 timar! Fellesprosjekta FRE16 og K5 .
Innspel til Stortingets høyring om NTP 2022-2033,
St.mld 20 (2020-2021) i Transport- og kommunikasjonskomiteen.
Forum Nye Bergensbanen (FNB) er ein interesseorganisasjon for 14 kommunar langs Bergensbanen, samt fylkeskommunane Viken og Vestland.
I forslag til NTP 2022–2033 frå Regjeringa er det endeleg ei storsatsing på Bergensbanen! Med dei to prosjekta som er inne i NTP; FRE16 og K5, nærmar me oss målet med ei reisetid Oslo – Bergen på 4 timar.
- FRE16, fellesprosjektet E16 og Ringeriksbanen
Det er svært positivt at Regjeringa tek grep for å sikre realiseringa av fellesprosjektet Ringeriksbanen og E16.
FNB vil her presisera at det er avgjerande at det før sommaren 2021 er utforma ein eigen avtale med Nye Veier, som sikrar nødvendig prioritet av prosjektet. Det må og avtalefestast tidspunkt for byggestart av FRE16 innanfor eit konkret tidsintervall. Me arbeider for oppstart av prosjektet i 2021/ 2022.
I eit innlegg på Veier24.no skreiv Hareide 8. mars 2021:
«Det er så langt påløpt om lag 1,8 milliarder kroner til planlegging av fellesprosjektet. Prosessen har kommet såpass langt at det er mulig å legge frem et forslag til investeringsbeslutning for Stortinget i løpet av året».
Me legg til grunn at den vedtekne statlege planen for prosjektet ligg fast, og Hareide har i møte med FNB mfl. eksplisitt uttalt at det ikkje vil verta endringar i planen som vil krevje nye konsekvensutgreiingar.
Gjennom overføring av prosjektansvaret til Nye Veier, vil prosjektet - ifølge Hareide - vere sikra årlege løyvingar som ikkje kan endrast. På basis av dei årlege løyvngane kan Nye Veier gjere dei nødvendige investeringane til prosjektet.
Det aller viktigaste for FNB i denne situasjonen, er at Hareide og Regjeringa så klart garanterer for at Ringeriksbanen/ E16 no endeleg kjem og me oppmodar Stortinget om å fylgje opp dette i NTP, RNB og i budsjetta frametter.
Oppstart for Ringeriksbanen/ E16 har vorte utsett ei rekke gonger. Både FNB og Stortingsfleirtalet si forventning har vore at oppstart endeleg skal koma i 2021/ 2022. Me har merka oss at fleire av opposisjonspartia i media held fast på dette.
Me forventar difor Samferdselsdepartementet i sin avtale med Nye Veier konkret tidfestar ein oppstart heilt i starten av fyrste periode av nye NTP - og at det i avtalen elles vert tilrettelagt for at dette kan skje.
Me vil halda fram med å jobbe for fullt med mål om oppstart av arbeidet i 2021/ 2022 som tidlegare planlagt. Alt ligg til rette for å klare dette, og ei løysning med Nye Veier vil ikkje vere til hinder for det så lenge kompetansen frå FRE16-prosjektet vert vidareført i ny organisasjon.
Nestleiar i FNB og varaordførar på Ringerike Dag Henaug er nøgd med at regjeringa ser ut til å ha funne ei løysing som gjer at det ferdig planlagde fellesprosjektet Ringeriksbanen og E16, kan få oppstart i 2021/22. Henaug ser og fram til at dei mange grunneigarane som er råka av FRE16 snarleg kan få ei innløysing på eigendomane sine.
Eit anna viktig poeng er at Ringerike kommune og næringslivet i regionen har rigga seg for vekst med investeringar i infrastruktur mm. for fleire milliardar. Ringeriksbanen er svært viktig for at desse investeringane skal gje vekts og samfunnsnytte i mange tiår framover.
- K5, fellesprosjektet ny veg og bane mellom Bergen og Voss
Det er positivt at K5, ny veg og bane mellom Bergen og Voss er med i fyrste planperiode av NTP. Med midlane som er inne ligg det ann til oppstart som planlagt i 2024.
Det ligg i fyrste periode inne 6,6 mrd. fordelt på 2,3 mrd. på bane og 4,3 mrd. på veg. I andre periode ligg det inne 10 mrd. på bane og 7 mrd. på veg. Veg skal også ta inn 2,2 mrd i bompengar.
For at oppstart i 2024 skal vere realistisk, er det naudsynt med løyvingar til K5- Veg og bane Voss-Arna, i budsjettet for 2022 til førebuande arbeid.
Det er viktig for FNB at ein no legg opp til vidare planlegging frå Stanghelle til Voss og at ein med det kan få til ei kontinuerleg utbygging av ny veg og bane mellom Bergen og Voss.
Styreleiar i FNB og ordførar på Voss, Hans Erik Ringkjøb, er nøgd med at Regjeringa prioritetar liv og helse og at Regjeringa så tydeleg legg opp til at veg og bane skal byggjast som eit fellesprosjekt som sikrar traseen mot ras. Det er berre K5, parallell veg og bane, som løyser utfordringane på denne strekninga og som sikrar moderne og sikker veg og bane.
Ny jernbanetrasé mellom Bergen og Voss vil gje 30 minuttar i reisetidsreduksjon!
Ringeriksbanen vil redusere reisetida for Bergensbanen med omlag ein time!
- 4 timar mellom Bergen og Oslo med tog er mogeleg!
FNB ber Stortinget som minimum å halda fast på dei prioriteringane som er gjort av Regjeringa.
Me ber om at det gjennom handsaminga kjem på plass endå meir forpliktande formuleringar som sikrar oppstart av prosjekta i tråd med tidlegare vedtak og stortingsfleirtalet sin vilje.
For utfyllande informasjon om prosjekta, som rapportar om samfunnsnytte mm sjå www.nyebergensbanen.no eller kontakt:
Hans Erik Ringkjøb, styreleiar og ordførar på Voss m. 97138720
hans.erik.ringkjob@voss.herad.no
Dag Henaug , nestleiar og varaordførar i Ringerike m. 97537306
dag.erik.henaug@ringerike.kommune.no
Hilde Magnusson, dagleg leiar i FNB m. 41566450
hilde.marie.magnusson@vlfk.no