Høringsinnspill fra Norsk Bibliotekforening

Høring: Videokonferansehøring: Meld. St. 18 S (2020-2021) Oppleve, dele. Kunst og kultur for, med og av barn og unge
Innspillsdato: 14.04.2021

Høyringsinnspel til Meld.st. 18 (2020-2021) Oppleve, skape, dele.

Biblioteka sitt samfunnsmandat er å fremje opplysning, utdanning og kultur. Dette blir gjort gjennom aktiv formidling av samlingar av fysiske og digitale media, ved å ha personale som er kompetent og engasjert og ved å ha lokale som gir plass til mediesamlingar, arrangement og aktivitet. Både folkebiblioteka, skulebiblioteka i grunnskulen og den vidaregåande skulen og universitets- og høgskulebiblioteka har liknande føremål: å ha samlingar og lokale som gir rom for kunnskap og kultur og å vera ein møteplass i lokalsamfunnet.

Norsk Bibliotekforening ser med glede at bibliotek er nemnt mange gonger i stortingsmeldinga. Både i den historiske oppsummeringa av barne- og ungdomskulturen og i biletet av dagens kulturaktivitet blir biblioteka gitt plass. Ein trekkjer særleg fram eit par gode døme på bibliotek som har gjort noko ekstra: Unge Stormen (Bodø) og Biblo Tøyen (Oslo). Dette er satsingar der born og unge særleg blir sett i sentrum, med sterk medverknad frå dei det gjeld.

Alle folkebibliotek og skulebibliotek legg til rette for tilbod til born og unge. Dei har barne- og ungdomsavdelingar, inviterer barnehagar og skuleklassar og har gjerne eigne tilsette med ansvar for dei unge aldersgruppene. Mange bibliotek prøver ut nye aktivitetar, til dømes dataspel på biblioteket. Samstundes viser meldinga til at bruken av folkebibliotek i aldersgruppa 9-15 år har gått mest ned frå 2004 til 2016 av dei målte aktivitetane. Norsk Bibliotekforening meiner at dette er ei utfordring som bør møtast med tiltak både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Skulebiblioteka si rolle i skulane er særs varierande. Opplæringslova krev at elevane skal ha tilgang til skulebibliotek, eventuelt gjennom bruk av folkebiblioteket der det er praktisk mogleg å bruke det i skuletida. Men som for folkebibliotek: det er særs varierande korleis dette blir følgt opp. Etter det vi veit har ingen statsforvaltarar ført tilsyn med denne paragrafen i Opplæringslova nokon gong. Dei siste åra har det eksistert ei tilskotsordning for utvikling av skulebibliotek, men 14 millionar i året held ikkje til mange skular. Etter at særs mange folkebibliotekavdelingar er lagt ned dei siste 30 åra, er det mange ungar som ikkje har tilgang til folkebibliotek i nærmiljøet sitt. Då er det ekstra viktig at skulebiblioteket er oppe og går, med innkjøp av aktuell litteratur og ein tilsett som ser kva ungane treng. Skulebiblioteket kan òg fungere som ein lågterskel møtestad som gir rom for noko anna enn ein direkte undervisningssituasjon.

Litteraturmiljøet samla seg i 2019 om innspel til eit leseløft for barn og unge. Dette vart oversendt Kulturdepartementet og Utdanningsdepartementet. Vi ser framleis ikkje at tiltaka som vart løfta fram der blir prioritert av departementa i denne meldinga.

Nokre tiltak vi meiner bør leggjast vekt på i Stortinget si handsaming av denne stortingsmeldinga:

Styrking av skulebiblioteka
Auke utviklingsmidlane frå Utdanningsdirektoratet
Oppretthalde kravet om skulebibliotek i opplæringslova og forskrifta til lova
Statsforvaltaren må gjennomføre tilsyn med at skulane følgjer opplæringslova når det gjeld skulebibliotek
Setje krav til personale og opningstid i skulebiblioteka
Gjera innkjøpsordninga for skulebiblioteka permanent, og inkludere både omsett litteratur, teikneseriar og sakprosa for barn og unge 

Utvikling av folkebiblioteka sitt barne- og ungdomsarbeid
Program for barne- og ungdomsbibliotekutvikling, med vekt på aktivitet og medverknad
Barnebibliotek på nett, etter modell frå Sverige med barnensbibliotek.se
Gje sommarles.no fast finansiering over statsbudsjettet
Utvikle satsinga på spel og andre aktivitetar for å utvikle møteplassfunksjonen til biblioteka 

Generelle litteraturtiltak
Styrkje språk- og leseorganisasjonane sitt arbeid for born og unge
Auke litteraturdelen av Den kulturelle skulesekken
Gjera e-bøker og e-lydbøker meir tilgjengelege gjennom biblioteka
Auke kunnskapsgrunnlaget om lesing og litteratur for born og unge

Vi bidreg gjerne med fleire konkrete innspel til arbeidet i komitéen.

Beste helsing
NORSK BIBLIOTEKFORENING
Vidar Lund
Leiar