Høringsinnspill fra Kaupanger Hovedgård

Høring: Statsbudsjettet 2022 (kapitler fordelt til energi- og miljøkomiteen)
Innspillsdato: 25.10.2021

Innspel til forslag i Statsbudsjettet 2022

Kaupanger Hovedgård er ein av dei største private freda eigedommane på Vestlandet. Anlegget er saman med Kaupanger stavkyrkje og det omkringliggande kulturlandskapet definert som av nasjonal verdi. Kaupanger Hovedgård har sidan 2008 brukt om lag MNOK 10 på det som truleg er det mest omfattande kulturlandskapsrestaureringsarbeidet i Norge. Arbeidet har vore delfinansiert ved hjelp av m.a. offentlege tilskot og har tiltrekt seg både nasjonal og internasjonal interesse.

Kap. 1429, post 71. Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap

I statsbudsjettet er det føreslått å kutte post 71, tilskot til freda bygg og anlegg i privat eige frå MNOK 159 015 til MNOK 142 759. Dvs. reduksjon på MNOK. 16 256. Dette svarar til eit kutt på over 10% av denne budsjettposten.

Etter det Kaupanger Hovedgård kan sjå, er dette prosentmessig, det største kuttet KLD har føreslått for sine lovpålagde oppgåver.

Det føreslegne kuttet i post 71 er eit sterkt signal til eigarar av freda bygg og anlegg om at staten har liten vilje til å medverke til istandsetting og bevaring av vår nasjonale, felles kulturmiljøarv

Kvart år vert det òg freda nye bygg og anlegg med tiltak som skal finansierast over post 71. I tillegg stig materialkostnadane og det er nær kronisk mangel på kvalifiserte handverkarar. Kuttet vil på denne måten forverre ein allereie vanskeleg situasjon for eigarar av freda bygg og anlegg.

Vi viser her til Kulturminnelova §15a «Blir det satt vilkår for dispensasjonen som fordyrer arbeidet, skal eier eller bruker få helt eller delvis vederlag for denne utgiftsøkningen.»

Det er allereie i dag årleg underdekning på om lag MNOK 150 på denne budsjettposten (jf. tal frå Riksantikvaren for 2021). Konsekvensen er at eigarar ikkje får dekt utgiftsauke knytt til bevaring av nasjonale anlegg, sjølv om kulturminnelova forutsett dette. Dei føreslegne kutta på MNOK 16,3 vil ytterlegare pålegge eigarar av freda bygg og anlegg plikter som er i strid med forutsetninga i kulturminnelova og freding av dei ulike anlegga. Kaupanger Hovedgård vil òg minne om at desse midlane i tillegg løyser ut særs stor meirinnsats frå eigarar for å ta vare på nasjonale kulturminne.

Vi reagerer og sterkt på at KUD vil overført MNOK 3 frå post 71 til post 70, for å ta vare på lovpålagde oppgåver. Dette sender eit usedvanleg dårleg signal til eigarar av freda bygg og anlegg. Vi ber difor om at desse midlane vert tilbakeført til post 71 og at departementet finansier lovpålagde oppgåver på anna måte.

Kulturminnelova viser at storsamfunnet skal vere ein langsiktig, føreseieleg og trygg partnar i arbeidet med å ta vare på vår felles kulturarv. Oppfatninga av statens som truverdig medspelar vil bli kraftig svekka dersom kutta på MNOK 16 256 vert ståande.

Kap. 1429. Riksantikvaren (RA)

Kaupanger Hovedgård registrerer at det vert lagt opp eit kutt på 4,5% i tildelinga til RA. ABE-reforma legg opp til årlege effektiviseringstiltak på 0,5-0,8%. Riksantikvaren har vore gjennom ein krevjande omstilling (oppgåveoverføring til fylkeskommunane, arbeid med ny stortingsmelding om kulturmiljø, samt ny klimastrategi. Vi kan ikkje sjå at andre offentlege etatar er pålagt kutt i same storleiken. Tvert i mot har KLD føreslått auke til Miljødirektoratet på 6,4%

KLD signaliserte gjennom ny stortingsmelding, med undertittelen «Engasjement, bærekraft og mangfold» vilje til å løfte sektoren. I meldinga var KLD òg opptatt av at sektoren skal vere del av det grøne skiftet. Riksantikvaren sin klimastrategi er eit av svara på dette.

Kaupanger Hovedgård meiner at kutta på 4,5% i budsjettet til RA er i strid med målsetjinga og oppgåveforpliktingane som m.a. kjem til uttrykk i programkategori 12.30 «Regionreforma inneber og at Riksantikvaren skal vidareutvikle si rolle som fagdirektorat. Å «styrkje innsatsen for å verne om og sikre kultur- og naturarven i verda» er eit eige delmål under FNs berekraftsmål 11 Berekraftige byar og lokalsamfunn, men kulturmiljø medverkar òg til å nå fleire av dei andre berekraftsmåla» (jf. Prop. 1 S Klima- og miljødepartementet, s. 179)

Både stortingsmeldinga og klimastrategien er i tillegg ambisiøse strategiar som fordrar tverrsektorielt samarbeid mellom direktorat, fylkeskommunar og andre offentlege institusjonar og private eigarar.

Vi ber difor om at kutta i budsjettet til RA vert reversert og at direktoratet vert tilført ressursar til å følgje opp oppgåveforpliktingane dei har, m.a. ovanfor fylkeskommunar og eigarar av freda bygg og anlegg.

Programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø. Regionreforma (oppgåveoverføring til kulturminneforvaltinga)

Som del av regionreforma er størstedelen av myndet til å gjere førstelinjevedtak overført frå Riksantikvaren til fylkeskommunane (jf. Prop. 1 S Klima- og miljødepartementet, s. 20). Regionreforma legg opp til at regionane i større grad skal fylle rolla som regional utviklingsaktør, der kulturmiljøa skal medverke positivt til samfunnsutviklingsrolla (jf. Prop. 1 S Klima- og miljødepartementet, s. 181).

Økonomiske ressursar er naudsynt for å bygge opp kulturminnefagleg kompetanse på fylkesnivå som kan erstatte kompetansen som i dag ligger hos Riksantikvaren. Reforma er ikkje fullfinansiert og vi kan heller ikkje sjå at det er lagt inn nye midlar i statsbudsjettet for å nå målsetninga i regionreforma på kulturmiljøområdet.

Manglande finansiering av regionreforma, saman med dei andre kutta i kulturminneforvaltinga, sender eit dårleg signal til heile sektoren om KLD vilje til å følgje opp eigne vedtak. M. a. er sentral føresetnad i regionreforma styrka personalkapasitet, ved bruk av øyremerka midlar. Kaupanger Hovedgård kan ikkje sjå at dette er fylgt opp i statsbudsjettet.

Kaupanger Hovedgård ber difor om at det vert satt av naudsynte midlar til å følgje opp regionreforma som forutsett, slik at reforma vert fullfinansiert i tråd med intensjonen i reforma.