Høringsinnspill fra Utdanningsforbundet

Høring: Representantforslag om videreføring av en lærerspesialistordning
Innspillsdato: 31.01.2022

Representantforslag, Dokument 8:67 S (2021-2022). Innspel frå Utdanningsforbundet

Utdanningsforbundet takkar for moglegheita til å kome med innspel til komitéhøyring i utdannings- og forskingskomiteen om dokument 8:67 S (2021-2022) Representantforslag om vidareføring av ei lærarspesialistordning. Utdanningsforbundet har som kjent vore kritisk til delar av pilotordninga for lærarspesialistar, men vi ønskjer å delta i diskusjonen om ei ny partsforankra ordning. Utdanningsforbundet er difor positive til at forslagsstillarane sett dette tema på agendaen og peikar på at dette arbeidet hastar.

Kva kan vi ta med oss frå evalueringa av lærarspesialistpiloten?
Representantane viser til ei positiv evaluering av pilotordninga. Rapportane frå NIFU viser at mange lærarar og leiarar er positive til ordninga og har funne gode lokale løysingar. Forslagsstillarane viser til lærarspesialistordninga som ein karriereveg og ei attraktiv ordning for lærarar. Utdanningsforbundet vil likevel peike på at evalueringsrapportane også har vist at ordninga i liten grad blir oppfatta som ein karriereveg blant lærarar, leiarar og tillitsvalte. Både på grunn av at ordninga ikkje er open for alle, og det er knapt med tid og midlar knytt til arbeidet som lærarspesialisten er forventa å gjere. Det å få ein ny karriereveg verkar også i liten grad å vere ein del av motivasjonen for å søke seg til ein slik funksjon. Nokon ser på ordninga som ei moglegheit til å seinare få ei leiarstilling eller ei stilling utanfor skulen. Dette er ikkje i tråd med intensjonane ved ordninga.

Evalueringsrapportane viser også at lærarspesialistane framleis bruker mest tid på individuell fagleg oppdatering, og mindre tid på rettleiing og observasjon av kollegaer. Det at eksisterande praksis i liten grad blir utfordra blir også stadfesta av Lorenzen (2021).[1] Sluttrapporten viser likevel at lærarspesialistar som har meir avsett tid til funksjonen – arbeidar meir med kollektiv profesjonsfagleg utvikling (Lødding et.al. 2021).[2] Dette er eit sentralt funn å ta med seg på vegen vidare. For å styrke profesjonsfellesskapa, er det avgjerande med nok tid til å drive kollektive prosessar og erfaringsutveksling lærarar imellom.  Utdanningsforbundet støttar at vi må ta med oss positive erfaringar frå pilotordninga: utviklingsmoglegheiter knytt til fagleg-pedagogisk arbeid og ei innretning som handlar om lærarane sine kjerneoppgåver og eit godt tilbod om formell kompetanseutvikling.

Sentrale premiss for ei framtidig partsforankra ordning
Utdanningsforbundet meiner det er eit sentralt premiss for ei framtidig ordning at arbeidsvilkåra blir regulert i tariffavtale. Hovudformålet med ordninga må vere å styrke profesjonsutvikling innanfrå i sektoren gjennom å bygge sterke profesjonsfellesskap, og å støtte opp under deltaking i kollektivt fagleg utviklingsarbeid knytt til ei breidde av mål og tema i læreplanane. Ordninga må også leggje til rette for at lærarar blir meir delaktige i å utvikle eige kunnskapsgrunnlag. For å få til ei god forankring i profesjonen, trengs det ein ny tittel som ikkje kjem i vegen for målet om å utvikle gode kollektive prosessar, og som seier noko om innhaldet i den rolla ein skal ha. Det vil også vere sentralt å sørge for ei god balanse mellom lokal bestemming og systematikk og nasjonale føringar knytt til rammevilkår (omfang/tal, finansiering, kompetanseutvikling, tilsettingsprosessar), arbeidsvilkår (tidsressurs og lønn) og forventningsavklaring knytt til oppgåver, roller og ansvar.

Om budsjettforliket og vegen vidare
Utdanningsforbundet støttar intensjonane i formuleringa i Hurdals-plattforma om å erstatte lærarspesialistordninga med ei partsforankra ordning som gjev lærarar betre tid til utviklingsarbeid, og som styrkjer profesjonsfellesskapet i skulen. Vi meiner samtidig at det er  svært uheldig at regjeringa har valt å avvikle den gamle ordninga og fjerne budsjettmidlar før vi har kome i gang med samtalar om ei ny ordning. Vi meiner det ville ha vore enklare å få på plass ei ny ordning dersom midlane i noverande ordning hadde blitt vidareført. Det er også mykje uro blant våre medlemmar som no sit med ei lærarspesialistutdanning eller ein funksjon som brått blir fasa ut. Vi stiller spørsmål ved korleis regjeringa har tenkt å følgje opp desse lærarane.  

Utdanningsforbundet meiner det er gode grunnar til å bygge vidare på lærarspesialistutdanninga som eit verkemiddel i ei ny partsforankra ordning. Vi vil difor oppmode om at  studieplassar i utdanninga blir vidareført også frå hausten 2022 slik at den kan halde fram til ei ny ordning er på plass.

Utdanningsforbundet er opptatt av at det blir lagt til rette for oppgåve- og ansvarsdifferensiering i sektoren – knytt til fagleg, tverrfagleg, pedagogisk og didaktisk ansvar. Dette er sentralt for lærarane sin motivasjon og for å kunne gje elevane ei god utdanning. Utdanningsforbundet støttar ikkje forslaget om å vidareføre målsettinga om at alle skular skal ha tilgang til ein lærarspesialist i begynnaropplæring. Ei ny partsforankra ordning må ta utgangspunkt i behova i skulen; prioritering av tema og gjennomføring av ordninga må bli drøfta og forankra i profesjonen.

Når det gjeld tidsperspektivet, så støttar Utdanningsforbundet forslagsstillarane i at det hastar å komme i gang med dette arbeidet medan erfaringane frå piloten framleis er ferske i sektoren. Vi meiner likevel at det å ha på plass ei ny ordning frå hausten 2022 er lite realistisk. Tid til forankring og medverknad i organisasjonane og i profesjonen er ein sentral føresetnad for oppslutning om og ein god start for ei ny ordning.  

Med vennleg helsing

Milena Adam                                                                          Bjørg Eva Aaslid
Seksjonsleiar                                                                           Seniorrådgjevar

[1] Lorenzen, M. (2021) Like lærere leker best. Om lærerspesialistenes rolle i skolen og profesjonen. Ph.D.-avhandling. Senter for profesjonsstudier, OsloMet – storbyuniversitetet.

[2] Lødding, B. et.al (2021) Sluttrapport fra evalueringen av pilotering av lærerspesialistordningen. NIFU rapport 2021:15