Høyring i Familie- og kulturkomiteen. Kapittel i Prop. 1 S for Budsjettåret 2023-2024
Den norske Forfatterforening (DnF) organiserer skjønnlitterære forfattarar som skriv for vaksne. Forfatterforeningen blei stifta i 1893 og har 750 medlemer.
Kap, 320, post 55, Norsk kulturfond
Norsk kulturfond bidreg til at kunst og kultur blir skapt, tatt vare på, dokumentert og gjort tilgjengelig for flest mogleg. Kulturrådet søkte i tillegg til prisjustering om ei auke på 172 millionar kroner i 2024 for å styrke dei ulike ordningane i Norsk kulturfond. Regjeringa føresler berre ei auke på 50 millionar samanlikna med revidert nasjonalbudsjett. Vi er positive til at det blir ei auke for innkjøpsordninga for teikneseriar, men det er negativt at dei fleste av Kulturrådet sine 41 ordningar ikkje får noko meir å rutte med.
Dette betyr også at Kulturrådets innkjøpsordning ikkje er ordentleg prisjustert, og forfattarøkonomien kjem svekka ut av årets budsjett. Kulturrådets innkjøpsordning er eit sentralt verkemiddel i det norske litterære systemet. Det gjer at forlag kan satse langsiktig på eit forfattarskap. Men innkjøpsordninga er pressa, og forlaga opplever ei avkortning per innkjøpte tittel. Den norske Forfatterforening fryktar at dette vil gå utover satsinga på forfattarskap i framtida.
Forslag til merknad:
Familie- og kulturkomiteen ber om at budsjettramma til Norsk kulturfond aukar i samsvar med Kulturrådet sin budsjettsøknad.
Kap 320, post 72 og 73 Kunstnarstipend m. m
Medianinntekta for norske skjønnlitterære forfattarar er på 140 000 kroner. Det gjer våre medlemer til ei av kunstnargruppene med lågast inntekt. Mange skjønnlitterære forfattarar er frilansarar og er avhengige av ein lappeteppeøkonomi. Det er alltid krevjande å vere kunstnar. Akkurat no er det kanskje ekstra krevjande. Det er dyrtid og det er urolege tider ute i verda. Medan dei fleste arbeidstakarar fekk 5,2 prosent i lønsauke, er ikkje dette mogleg for fleirtalet av kunstnarar. Dei er avhengige av få rimeleg betalt for den kunsten dei produserer, noko kulturminister Lubna Jaffery sjølv har sagt.
Vi er i ein situasjon der færre har råd til å vere kunstnarar. Det vil gå sterkt utover mangfaldet og breidden i litteraturen. Eit av dei mest effektive verkemidlane for å nå målet om litteraturmangfald og litteratur av høg kvalitet, er Statens kunstnarstipend. Difor set vi pris på at det i budsjettet er føreslege å auke tilskota med 17, 5 millionar, som betyr 37 nye stipendheimlar. Det same gjeld å auke tilskota med 2,5 millionar til å styrke dei langvarige stipenda med sju heimlar. Vi er også positive til at stipendstorleiken blir auka frå 299 289 kroner i 2023 til 318 352 kroner i 2024.
Likevel: Desse 44 stipendheimlane skal fordelast mellom dei ulike kunstnargruppene, og då er risikoen stor for at det blir lite igjen til skjønnlitterære forfattarar. I 2023 handsama stipendkomiteen for dei skjønnlitterære forfattarane 734 søknader, ei auke på 76 frå 2022. Men talet på heimlar for arbeidsstipend gjekk samstundes diverre ned frå 66 i 2022 til 64 i 2023. Alt for mange forfattarar får difor avslag om arbeidsstipend, noko som vil gå utover moglegheita til å byggje langsiktige forfattarskap.
Jon Fosse fekk nyleg Nobelprisen i litteratur. Det er blant anna takka vere den langsiktige og gjennomtenkte litteraturpolitikken vi har, med innkjøpsordninga, Statens kunstnarstipend og normalkontrakten, som gjer at Norge produserer forfattarar i verdsklasse. Difor er vi også svært urolege over kunstnermeldinga Kunstnarkår, som føresler drastiske endringar for korleis stipendkomiteane for Statens kunstnarstipend skal organiserast. Forslaget i Kunstnarkår om å leggje sekretariatsfunksjonen til Kulturdirektoratet vil føre til mindre armlengds avstand, meir byråkrati, men også at den vellukka stipendpolitikken i det norske litterære systemet blir endra. Vi må ikkje endre ein stipendpolitikk som har fått fram ein nobelprisvinnar i litteratur, men heller styrke eksisterande stipendpolitikk med meir midlar.
Forslag til merknad 1: Familie- og kulturkomiteen anser kunstnarstipenda å spele ei viktig rolle for å sikre nyskaping, frie ytringar og demokratisk deltaking i kunstnarryrket. Komiteen ber regjeringa om ei gradvis opptrapping av varige stipendheimlar i samsvar med budsjettsøknaden frå utvalet for Statens kunstnarstipend.
Forslag til merknad 2: Familie- og kulturkomiteen ber Kulturdepartementet endre Forskrift om statens stipend og garantiinntekter for kunstnarar slik at arbeidsstipend, langvarige stipend og garantiinntekter som eit minimum blir regulert med ei indeks lik ramma for lønsoppgjeret i staten. Dette må formulerast i forskrifta slik at Stortinget likevel står fritt til å avgjere ei høgare auke.
Kap 337, post 70 Kompensasjon til kopiering til privat bruk
Retten til privatkopieringskompensasjonen er fastsett i åndsverklova for å sikre ålmenta tilgang til kultur. Rettshavarane får økonomisk kompensasjon gjennom eit årleg tilskot i statsbudsjettet. Ordninga blei i 2018 utvida til å omfatte nye rettshavargrupper, litterære og visuelle verk. Norwaco har i sine søknader til departementet gjort greie for kvifor det vil stride mot intensjonen ved utviding av denne kompensasjonsordninga viss utvidinga ikkje fører til auka økonomisk kompensasjon. Men heller ikkje årets statsbudsjett har tatt omsyn til at ordninga er utvida, noko som i prakisis betyr lågare kompensasjon per kopierte verk.
Forslag til merknad: Familie- og kulturkomiteen ber om 20 prosents auke til dei nye verkskategoriane.
Kap. 320, post 74 Tilskot til organisasjoner og kompetansesentre m.m.
Norsk Forfattersentrum sitt arbeid er viktig for å sikre økonomien til forfattarane og bidreg til litteraturformidling av høg kvalitet over heile landet til alle. Organisasjonen har opplevd realnedgang over statsbudsjettet sidan 2013. Norsk Forfattersentrum bør styrkast over statsbudsjettet i samsvar med deira søknad.
Kap. 324, post 01 Driftsutgifter
I statsbudsjettet føresler departementet ei auke på 3 millionar kroner for å styrke Nasjonalbiblioteket sitt arbeid med infrastruktur for utvikling av språkteknologi på norsk. Det står at «arbeidet skal videre medvirke til at utviklingen av norske språkmodeller skjer innenfor opphavsrettslige rammer og avtaler». Den norske Forfatterforeningen vil løfte opp kor viktig det opphavsrettslege spørsmålet er i denne samanheng. Vi har akkurat erfart at verk av 32 av våre medlemer er blitt brukt til trening av språkmodellar til teknologiselskap som Meta og Bloomberg utan løyve. Det er særs viktig at Norge går i bresjen for å sikre at opphavsretten til norske forfattarar blir ivaretatt, der retten til rimelig vederlag også blir gjort gjeldande i ei oppdatert opphavsrettslov som dekkjer bruk av litteratur i kunstig intelligens, både for språkpolitiske tiltak og ved kommersiell bruk. Vi ber om at komiteen tar dette på alvor.
Kap. 326 Språk- og bibliotekformål - Post 80 – Tilskot til tiltak under Nasjonalbiblioteket
Forfattarforeiningen saknar ei meir konkret og tydeleg satsing på leselyst, i tråd med Hurdalsplattformen, i årets budsjett. Den svenske regjeringa satsar 1,8 milliardar på skulebibliotek og litteratur, for at Sverige skal bli ein lesande nasjon igjen. Den norske regjeringa vil også at Norge skal bli ein lesande nasjon, men dette kan vi ikkje sjå i statsbudsjettet. Regjeringa bør styrke dei to organisasjonane som arbeider dagleg med leselyst, for å gi ei langsiktig og nasjonal satsing på leselyst for alle.
Forslag til merknad:
Organisasjonane Foreningen !les og Leser søker bok bør styrkast over statsbudsjettet i samsvar med deira søknader.