Høringsinnspill fra E134 Haukelivegen AS

Høring: Nasjonal transportplan 2025-2036
Innspillsdato:

Høring NTP frå E134 Haukelivegen AS

Høyringsnotat til Transport- og kommunikasjonskomiteen vedr NTP 2025-36

Frå E134 Haukelivegen AS v/styreleiar Roald Aga Haug og dagleg leiar Pål Kårbø

 

Frå E134 Haukelivegen AS si side er vi langt på veg nøgd med regjeringa sitt framlegg til NTP, men det at at strekninga E134 Saggrenda – Elgsjø ikkje lenger er med første 6 år er ein stor skuffelse.
I tillegg forventer vi at bygginga av E134 Dagslett – E18 vert sett i samanheng med prosjektet Oslofjordforbindelsen – trinn2, og at E134 Bakka- Solheim vert sett på som eit heilskapleg prosjekt.

  1. Vi er glad for at ny Røldalstunnel og Oslofjordforbindelsen – trinn 2 no får endeleg stortingsvedtak denne våren, og byggestart seint 2024/tidleg 2025.
  2. Med ny Røldalstunnel i gang så vil vi minne om at det ved neste revisjon av NTP må inn forpliktande formuleringar, evt midlar for å sikra ei samanhengande utbygging på heile fjellovergangen Seljestad-Vågsli.

    Først når del 2 også er ferdig bygd har ein sikra ein tilstrekkeleg vinterregularitet på E134 aust-vest

  3. Prosjektet E134 Saggrenda – Elgsjø må oppretthalde sin høge prioritet frå SVV sitt innspel 3.oktober 2023. Prosjektet er planavklart og langt på veg ferdig med lokal bompengeavklaring. Prosjektet bør difor inn med eit «Ja» på oppstart første 6 års periode.

  4. Prosjektet E 134 Dagslett – E18 vil verta eit stor propp når bygginga av Oslofjordforbindelsen – trinn 2 er ferdig. Det er difor svært viktig at desse to prosjekta vert sett i samanheng, og gjort ferdig samstundes.

  5. Positivt at Bakka – Mo er med innan 12 års perioden, men viktig at ein held fram med E134 Bakka – Solheim som eit heilskapleg prosjekt, med ein heilskapleg reguleringsplan. Denne delen av E134 vil få auka trafikk ved opninga av Rogfastprosjektet.

    Deler av denne strekninga har ikkje gul midtstripe, og her er stor andel tungtransport. Prosjektet kostar om lag 4 mrd, og ved oppstart er det viktig å starte austfrå. 

    Framlegg til komitemerknad:

    Komiteens medlemmer ….  Viser til at E134 Bakka-Solheim er en strekning med svært dårlig vegstandard der den ulykkesutsatte strekningen er uten gul midtstripe på halve sterekningen. Samtidig med detaljregulering av delstrekning Bakka- Mo, må hele prosjektet detaljregulerest. E134 er en svært viktig transportkorridor for næringstrafikken øst-vest, og vil oppleve enda større belastning ved ferdigstilling av Rogfast, slik at det er viktig med tidlig byggestart av hele Bakka-Solheim-prosjektet.


  6. For fleire strekningar på E134 må det sikrast tilstrekkeleg planmidlar,
    m.a. strekninga Elgsjø- Gvammen

  7. Viktig å sikra sekkepostane i NTP, desse er viktig for mindre strekningsvise oppgraderingar langs heile vegen frå Husøy Havn i vest til krysset E134/E6 i aust.

  8. Viktig med vidare oppfølging av KVU-en på arm til Bergen

    Som kjent så er det i ferd med å landast ein konklusjon på KVU-arm til Bergen. Når konklusjonen er landa så er det viktig at denne vert følgd opp særleg med satsing på delprosjekta 1) RV13 Oddadalen 2) «Poll to poll» mellom Folgefonntunnelen og Jondalstunnelen og FV49 Tokagjelet.

Kunnskapen frå denne KVU-en må leggjast til grunn for ei ytterlegare satsing opp mot den nasjonale transportkorridoren som E134 er aust-vest.