Høringsinnspill fra Nynorsk forum

Høring: Statsbudsjettet 2025 (kapitler fordelt til kommunal- og forvaltningskomiteen)
Innspillsdato:

Nynorsk i statsbudsjettet 2025

Innspel til kommunal- og forvaltningskomiteen

På vegner av dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum ynskjer me å kome med innspel til korleis statsbudsjettet i 2025 kan styrkje tilhøva for nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar. Me legg fram eit framlegg til tiltak i statsbudsjettet for 2025. Tiltaka er i prioritert rekkjefølgje.  

Kap. 672 Læremiddel på nynorsk for vaksenopplæringa for innvandrarar – 5 000 000 kr

Det er ni år sidan førre gong det vart løyvd midlar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar over statsbudsjettet, og behovet for fleire digitale og trykte læremiddel, ordbøker og tilleggsmateriell på nynorsk er svært stort. Det viser ei undersøking Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) gjorde blant 85 medlemskommunar hausten 2021.

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa er kompetansesenter for kommunar som gjev tilbod om norskopplæring til vaksne innvandrarar på nynorsk, og signalet frå dei som driv vaksenopplæring på nynorsk, er at mangelen på læremiddel på nynorsk gjer opplæringa svært krevjande for både lærarar og elevar. Etterslepet er stort, og med nye læreplanar på veg i tillegg til omlegging til modulbasert opplæring, vert behovet berre endå større.

Opplæring i dialekt og nynorsk er viktig for å sikre god integrering av flyktningar og innvandrarar i nynorskkommunane. Det er òg viktig at foreldre lærer det same språket som borna lærer i skulen. Ifylgje undersøkinga til LNK frå 2021 kjem fleire innvandrar i jobb og blir buande i kommunane som gjev undervising på nynorsk og dialekt. I dag er det berre kring halvparten av nynorskkommunane som gjev norskopplæring på nynorsk for vaksne innvandrarar, og læremiddelsituasjonen er den vanlegaste grunngjevinga for at mange nynorskkommunar ikkje gjer det. 

Ifylgje språklova har alle offentlege organ plikt til å særleg fremje nynorsk. Dette gjeld òg i integreringspolitikken. Skal kommunane som driv norskopplæring for vaksne innvandrarar på nynorsk kunne halde fram med det, og fleire nynorskkommunar ta til med det, må det løyvast midlar til nynorske læremiddel på alle nivå. Departementet og underliggjande etatar må leggje betre til rette for læremiddel, prøver og kompetanseutvikling for nynorsk vaksenopplæring for innvandrarar. Landssamanslutninga for nynorskkommunar og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa kan vere sentrale samarbeidspartar med departementet om dette.  

 

671.73 Forsøksordningar for å styrkje nynorsk og dialekt i vaksenopplæringa 1 100 000 kr

LNK ber om støtte til å gjennomføre eit prosjekt der målet er å gje vaksne innvandrarar betre opplæring på nynorsk. Norskopplæring for innvandrarar er ein nøkkel til integrering og deltaking. I nynorskkommunane er opplæring i dialekt og nynorsk gode integreringstiltak. God integrering er òg god distriktspolitikk. LNK ynskjer å lage til eit nytt pilotprosjekt som rettar seg mot innvandrarane som har norskopplæring ved vaksenopplæringa i Gol og Ål. Målet er å lage ein modell for dialektbruk og nynorsk som skriftspråk i norskopplæringa. 

Vi ser fram til vidare dialog om statsbudsjettet, og håpar de får på plass viktige tiltak for å styrkje nynorsk kultur for framtida.

 

På vegner av BUL i Oslo, Dag og Tid, Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret, Det Vestnorske Teatret, Jærmuseet/ Garborgsenteret, Kringkastingsringen, Nynorskkommunane (LNK), Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Nemnda for Norsk Ordbok, Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, Norsk Barneblad, Norsk Målungdom, NRK Nynorsk mediesenter, Nynorsk avissenter, Nynorskfylket Vestland, Nynorsk bedriftsforum, Nemnda for norsk ordbok, Nynorsk kultursentrum, Nynorsk pressekontor og Teater Vestland.

  

Olav Øyehaug Opsvik

sekretær Nynorsk forum/direktør Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur

97 13 01 53

olav.opsvik@nynorsk.no