Høringsinnspill fra Landsorganisasjonen i Norge

Høring: Fremtidens havbruk - Bærekraftig vekst og mat til verden
Innspillsdato:

LOs innspel til havbruksmeldinga

LOs innspel til Næringskomitéens høyring (13.05.2025) om Havbruksmeldinga Meld.St. 24 (2024-2025) «Framtidas havbruk – Berekraftig vekst og mat til verda»

                                                        

Med bakgrunn i den korte tida tilgjengeleg, og at LO pt gjennomfører kongress, har det ikkje vore mulig for LO å gjennomføre ei full organisatorisk behandling av dette innspelet. Innspelet er fagleg basert, med bakgrunn i LOs tidlegare vedtak, og er kome til gjennom drøfting og samarbeid med LO-forbunda i havbruksnæringa.

Storting og regjering har svært mange gonger påpeika ønska vekst i havbruksnæringa. I Hurdalsplattformen seier regjeringa at det skal leggast til rette for vidare vekst for å skape fleire arbeidsplassar, meir bearbeiding, større verdiskaping og auka eksportinntekter, og at dette må skje på ein føreseieleg, kontrollert og berekraftig måte. LO støttar desse måla. Havbruksnæringa gir mange gode arbeidsplassar i heile landet, og LO organiserer arbeidstakarar både på land og sjø, innan produksjon, eksport, teknologiutvikling, leverandørindustri, forvalting og forsking.

Havbruksnæringa har eit stort vekstpotensial, og store deler av næringa har generelt svært høg lønsemd. Men næringa har òg stor miljøpåverknad og naturskade.

Norge har eit særskilt ansvar for å ivareta villaksen, og LO er uroa over at Atlanterhavslaksen no er raudlista. Det er særleg trong for nye og betre tiltak for å hindre lusesmitte frå oppdrett til villaks og å hindre røming.

I rapporten NOU 2023:23 “Heilheitleg forvalting av akvakultur for berekraftig verdiskaping” la Havbruksutvalet fram ein grundig gjennomgong av tillatingssystemet for akvakultur i havbruksnæringa. Utvalet lukkast etter vårt syn å rette arbeidet og forslaga mot størst mulig verdiskaping innanfor berekraftige rammer, og peikte på at forvaltingssystemet må ivareta omsyna til klima, miljø, fiskevelferd, økonomisk vekst og akseptabel fordeling av verdiskapinga. Utvalet framheva både avgifter og kvoter som verkemiddel for å redusere den negative miljøpåverknaden.

 

Forslaga

LO er nøgd med at regjeringa no går nye vegar for å ivareta miljø og fiskevelferd. Det har lenge vore klart at trafikklyssystemet ikkje er ein tilstrekkeleg treffsikker modell, og ikkje i god nok grad kan ivareta verken villaksen, fiskevelferd for oppdrettsfisken, eller miljø.

Det føreslåast i meldinga å vektlegge korleis fisken vert produsert, heller enn kor mykje fisk som vert produsert. Dette inneber at mengdebegrensing på selskapsnivå føreslåast oppheva, og at mengdebegrensing i akvakulturtillatingane på lokalitetsnivå vert oppheva når eit nytt system for luseregulering vert innført. Det vert understreka at oppheving av maksimalt tillatt biomasse (MTB) ikkje vil skje før det nye regimet er på plass.

LO registrerer at regjeringa legg til grunn at anna regulering og vilkår for å kunne drive akvakultur må oppfyllast, slik som akvakulturlova, dyrevelferdslova, matlova, forureiningslova, hamne- og farvatnslova, og at ein her føreslår regulering gjennom forskrifter og planretningslinjer heller enn vilkår i einskildvedtak. Vidare vil det framleis vere krav til tillating etter akvakulturlova for å drive med akvakultur. Dette støttast.

LO er positiv til å avslutte trafikklyssystemet, og støttar at det skal iverksettast utgreiing av kvoter og avgifter som tiltak for å ivareta ansvarleg vekst og berekraft i næringa.

LO er einig i at «miljøfleksordninga» som no er under utarbeiding (etter Stortingets «anmodningsvedtak 606 (2023-2024)» om ei teknologinøytral miljøfleksibilitetsordning og «forslag om bruk av nedjustert kapasitet på særskilte miljøvilkår – akvakultur»), kan vere ei mellomløysing, medan ein utgreier og høyrer dei nye tiltaka med lusekvoter og avgift på tapt fisk.

 

Vidare utgreiingar

Det er behov for vidare utgreiingar og medverknad kring innhald og gjennomføring av kvotesystemet, og fastsetting av avgift for tapt fisk. Fleire av våre tillitsvalde påpeiker at tap av fisk kan ha mange andre grunnar enn dårleg drift, som til dømes manetar, algebløming, andre brå ytre faktorar, uventa temperaturar og vêr, og dette må drøftast nærare. – Tap av fisk er i seg sjølv ei økonomisk last, og noko ein i utgongspunktet sjølvsagt vil unngå.

Andre moment som vert påpeika frå våre tillitsvalde, er uro over mulige «følgeskader» når ein endrar reguleringar, som til dømes at fjerning av mengdebegrensing (MTB) kan medføre at ordninga med interregionalt biomassetak (ref. akvakulturdriftsforskrifta §48b) fell bort, og at dette vil fjerne insentivet til å foredle ein høg del av fisken innanlands, - noko som kan føre til redusert sysselsetting på land, og vere negativt for mange arbeidsplassar langs kysten.

Vidare påpeikast det at mange lokalitetar i dag vert drive nær opp til grensa for akseptabel miljøpåverknad, og at auke i produksjonen såleis er lite realistisk for eksisterande lokalitetar.

 

HMS

For LO har det vore særs viktig å understreke at rammene og vilkåra for tillating til å drive havbruk må innehalde konkrete HMS-krav, krav til risikostyring, og at tillitsvalde og verneombod må involverast i utviklinga av krava. LO har påpeika at tilsynet med næringa er avgjerande for å sikre trygg mat, berekraftig drift og trygge arbeidstilhøve, at inspeksjonar frå Mattilsynet, Fiskeridirektoratet og Arbeidstilsynet er naudsynte, og at desse etatane difor må styrkast, slik at tilfredsstillande standardar og HMS for tilsette til ei kvar tid vert sikra. Det er etter LOs syn i næringas interesse at tilsyna er reelle, strenge, uavhengige og relativt hyppige.

FNs berekraftsmål 8.8 poengterer viktigheita av eit trygt og sikkert arbeidsmiljø for alle arbeidstakarar. Det er altfor mange arbeidsulukker og skadar i havbruksnæringa. Tilsynsmyndigheitene må følge opp HMS-krava betre, og må kunne sanksjonere brot på krava. God risikostyring og eit velfungerande partssamarbeid i kvar enkelt verksemd er avgjerande for å ivareta sikkerheita til dei tilsette. Tryggleiken til dei tilsette er knytt til mange ulike tilhøve, inkludert handtering av dyrevelferd. Sintefs rapport om HMS i havbruksnæringa gir viktig kunnskap, og denne kunnskapen må brukast inn i arbeidet med betre regulering i næringa.

LO føreset at regjeringa i det vidare arbeidet set HMS på dagsorden.

 

Avsluttingsvis vil LO understreke at vidare arbeid må skje i nært samarbeid med partane i arbeidslivet. Det er avgjerande at sysselsetting og trygging av arbeidsplassane både på land og sjø vert ivaretatt i heile prosessen. Vi ser fram til dei komande utgreiingane.